Startlån bustad

Startlån er for deg har langvarige problem med å få lån til å kjøpa eller behalda bustad. 

Kommunen kan tildela startlån til:

  • kjøp av bustad
  • utbetring og tilpassing av bustad
  • oppføring av ny bustad
  • refinansiering av dyre lån dersom det bidreg til at husstanden kan verta buande i bustaden

Bustaden må liggja i kommunen. Bustaden skal vera eigna for husstanden, nøktern og rimeleg samanlikna med prisnivået på staden.

Utfyllande informasjon om startlånsordninga og vilkår for tildeling finn du på Lovdata: Forskrift om startlån fra Husbanken

Kven kan søkja?

Innbyggjarar i kommunen og andre som ynskjer å busetta seg i Ullensvang kommune kan søkja om startlån.  

 

Målgruppa for Startlån er dei som har langvarige problem med å få lån eller nok lån i vanleg bank:

  • Du må vera over 18 år og vera varig busett i Noreg. 
  • Du må ha varig opphaldsløyve i Noreg, og du må ha fått siste års skattemelding.
  • Ektefellar, sambuarar og registrerte partnarar må søkja saman, sjølv om de ikkje bur saman på søknadstidspunktet.
  • Du må registrera alle personane som skal bu saman med deg i søknaden.
  • Du må ha stabil inntekt frå arbeid eller varig trygd (ikkje mellombels inntekt eller stønad). 
  • Du må kunna betala renter og avdrag på lånet

Det er kommunen som handsamar søknaden og som avgjer om du kan få tildelt startlån. 

Kva kan du få hjelp til?

  • Informasjon, råd og rettleiing
  • Søknad
  • Informasjon om vedtak
  • Klage

Slik søkjer du

Du må søkja via Husbanken si nettside. 

Vedlegg som skal følgje søknad:

  • Skattemelding for det siste året (vert innhenta når du loggar deg på)
  •  Arbeidskontrakt og/eller vedtak om trygd
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei tre siste månadane

Eventuell dokumentasjon:

  • Anna inntekt enn løn eller trygd
  • Utskrift frå Gjeldsregisteret
  • Dokumentasjon som viser saldo og kva du betalar på all gjeld
  • Dokumentasjon på oppsparte midlar eller formue (eigenkapital)
  • Stadfesting annan finansiering eller dokumentasjon på avslag på lån i ordinær bank
  • Takst med tilstandsrapport av bustad (ikkje eldre enn 3 månadar)
  • Samværsavtale dersom du har omsorg åleine eller delt omsorg for barn
  • Avtale om bidrag dersom mottek eller betalar dette
  • Legeerklæring eller uttale frå ergoterapeut/spesialist dersom du har spesielle behov knytt til bustad

Sakshandsamar kan be om anna eller meir dokumentasjon om det er nødvendig. 

På Husbanken si nettside finn du utfyllande informasjon om ordninga.

Husbanken: Informasjon og søknadsskjema

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål og/eller treng hjelp med søknaden.

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist. Alle søknader vert behandla fortløpande.

Kva skjer videre?

Kommunen vil handsame søknaden din så snart som mogeleg. Dersom vi har motteke all nødvendig dokumentasjon, og saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort. 

Klage

Det er klagerett på vedtaket og du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. I klagen fører du opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing eller hjelp, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen held fast på vedtaket, vert saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for handsaming.

Lovar og reglar