Bustadtilskot til tilpassing

Bustadtilskot til tilpassing er eit kommunalt tilskot som kan tildelast til enkeltpersonar som fyller vilkåra for tildeling etter vedtekne retningsliner. Tilskotet er økonomisk behovsprøvd og tildeling er avhengig av at det er disponible kommunale tilskotsmidlar. 

Tilpassinga som det vert søkt om tilskot til må vera hensiktsmessig og vurdering/tilråding frå ergoterapeut av valgt løysing skal vedleggjast søknaden.  

Retningsliner for tilskot

Kven kan søkja?

Personar som fyller vilkåra for tildeling jf. retningsliner. Personar med nedsett funksjonsevne som har behov for tilpassing av bustad. Eldre som ynskjer å tilpassa bustaden sin slik at dei framleis kan bu heime ved framtidig nedsett funksjonsevne. 

Prioriteringar: 

  1. Familiar med funksjonshemma barn og føreliggjande behov
  2. Husstandar med føreliggjande behov og svak økonomi
  3. Husstandar med føreliggjande behov og normal god økonomi
  4. Husstandar som ynskjer å leggje til rette for framtidig behov

Kva kan du få hjelp til?

  • Informasjon, råd og rettleiing før du søkjer
  • Søknad
  • Informasjon om vedtak
  • Klage

Slik søkjer du

Du må søkja via Husbanken si nettside. 

Vedlegg som skal følgje søknad:

  • Skattemelding for det siste året (vert innhenta når du loggar deg på)
  •  Arbeidskontrakt og/eller vedtak om trygd
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei tre siste månadane

Eventuell dokumentasjon:

  • Anna inntekt enn løn eller trygd
  • Utskrift frå Gjeldsregisteret
  • Dokumentasjon som viser saldo og kva du betalar på all gjeld
  • Dokumentasjon på oppsparte midlar eller formue (eigenkapital)
  • Stadfesting annan finansiering eller dokumentasjon på avslag på lån i ordinær bank
  • Takst med tilstandsrapport av bustad (ikkje eldre enn 3 månadar)
  • Samværsavtale dersom du har omsorg åleine eller delt omsorg for barn
  • Avtale om bidrag dersom mottek eller betalar dette
  • Legeerklæring eller uttale frå ergoterapeut/spesialist dersom du har spesielle behov knytt til bustad

Sakshandsamar kan be om anna eller meir dokumentasjon om det er nødvendig. 

På Husbanken si nettside finn du utfyllande informasjon om ordninga.

Husbanken: Informasjon og søknadsskjema

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål og/eller treng hjelp med søknaden.

Søknadsfristar

Det er ingen søknadsfrist. Alle søknader vert behandla fortløpande.

Kva skjer vidare?

Kommunen vil handsame søknaden så snart som mogleg. Dersom vi har motteke all nødvendig dokumentasjon, og saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klage

Det er klagerett på vedtaket og du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. I klagen fører du opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing eller hjelp, kan du ta kontakt med oss. Dersom kommunen held fast på vedtaket, vert saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for handsaming.

Lovar og reglar