Vi kan i samarbeid med deg sjå på kva løysing som kan vera aktuell for deg og formidla kontakt med andre personar og samarbeidspartar og sjå på om det er mogleg å få til ei ombygging/tilpassing.
Kommunen har i samarbeid med Husbanken og Nav Hjelpemiddelsentral ulike finansieringsordningar som kan vera aktuelle å søke på i samband med ev. ombygging/tilrettelegging av bustaden din.
Ta kontakt med Bustadkontoret eller ergoterapitenesta for råd og rettleiing.
Finansiering

Ullensvang kommune har startlån som kan nyttast som finansiering i saker med behov for ombygging/tilrettelegging av bustaden din.
Husbanken har lån til å bygge eller oppgradere bustad.
Det skal alltid vurderast om det er mulig å finansiere tilpassinga via lån før ein vurderer tildeling av behovsprøvd tilskot.
Tilskot som er økonomisk behovsprøvd
- Bustadtilskot til utgreiing og prosjektering*
- Tilskot til tilpassing
- Tilskot til etablering
*til leige av ekstern hjelp i større og omfattande saker
Tilskot som ikkje er økonomisk behovsprøvd
Personar med nedsett funksjonsevne kan få montert heis, løfteplattform og rampe frå Nav Hjelpemiddelsentral. Dersom du har rett på slike hjelpemiddel, men ein anna løysing vil fungere betre for deg, kan tilskot i staden for heis, løfteplattform og rampe bli gitt tilskot som ein del av finansieringa til ombygging/nybygg på bustaden.
Brosjyre: Bustadtilpassing (PDF, 4 MB)
Me har samarbeid med andre aktuelle tenester i kommunen og formidlar kontakt med Nav Hjelpemiddelsentral og Husbanken