Om kampanjen
Sykle til jobben-aksjonen er ein morosam og motiverande kampanje som skal inspirere til meir fysisk aktivitet i kvardagen. Du vel sjølv korleis du vil vere aktiv - det viktigaste er å røre på seg. Det gjeld heile døgnet, ikkje berre på veg til og frå jobb!
I år blir det og premier frå Friluftshovudstaden! Førstepremien blir i år ein sykkel til den ivrigaste deltakeren. Det blir og premier til dei tre beste laga, i form av turutstyr, hovudlykter og anna.
Du kan til dømes registrere aktivitetar som:
- Gåtur
- Sykle
- Jogge
- Gå med barnevogn
- Symjing
- Treningsøkter på treningssenter
- Toppturar eller andre friluftsaktivitetar
- Aktiv transport til butikk, barnehage eller skule
Alt tel! Målet er å inspirere til ein meir aktiv livsstil, uansett nivå eller kvardag.
- Vi er glade for å kunne tilby gratis deltaking til alle innbyggjarar, og at vi i år har flotte premiar til både vinnerlaga, og sykkel til beste deltaker. Det vert og trekt ut vilkårlig frå deltakerlista som vil få diverse premier, seier Dag Endre Opedal i Ullensvang kommune
- Dette er ein flott sjanse til å gjere noko positivt for både helse, miljø og fellesskap.
Slik blir du med
- Gå til www.sykletiljobben.no
- Registrer deg som deltakar og vel Ullensvang kommune som bustadkommune
- Start å registrere aktivitet frå kampanjestart!
Årets aksjon startar 5. mai og varer til 15. juni. Det blir både premiar, utfordringar og moglegheit til å delta saman med kollegaer, vener eller åleine.
Kvifor bli med?
- Kom i betre form og få meir energi i kvardagen
- Gjer noko godt for miljøet
- Vinn flotte premiar
- Ver ein del av eit nasjonalt fellesskap for ein meir aktiv livsstil
Vi håpar at så mange som mogleg vil bli med og gjere kommunen til ein aktiv og inspirerande deltakar i årets aksjon!
Vi håpar også at bedriftane i kommunen blir med. Bedrifter kan opprette fleire lag internt i kvar bedrift, for å konkurrere med kvarandre.
Plakat til oppslag (PDF, 3 MB)