Velkomen til folkemøte om «Arm til Bergen»

Statens vegvesen har på oppdrag frå Samferdselsdepartmentet laga ei utviklingsstrategi for «Arm til Bergen» saman med Vestland fylkeskommune og Nye veier AS.

«Arm til Bergen» skal gje eit meir effektivt samband mellom Austlandet og Bergensområdet via E134. Sambandet skal også knyte Bergensområdet og Hardanger tettare saman, og gje betre grunnlag for vekst og utvikling i Hardanger-regionen.

Arm til Bergen er eit samband mellom E134 ved Jøsendal sør for Odda til Bergensområdet. Utviklingsstrategien skal ha framlegg til prioritering og finansiering av dei viktigaste prosjekta på strekninga.

For å informere og få innspel til utviklingsstrategien, ønsker fylkesordførar Jon Askeland saman med ordførarane i kommunane Ullensvang, Kvam og Samnanger å arrangere innspelsmøte/folkemøte om arm til Bergen

Program

  • Orientering om framlegget til utviklingsstrategi v/ Statens vegvesen
  • Synspunkt frå fylkeskommunen ved fylkesordførar Jon Askeland
  • Kommentarar frå kommunen ved ordførar.
  • Innspel og diskusjon
  • Stad: Ullensvang rådhus 
  • Dag: Tysdag 3. februar
  • Tid: kl. 18.00 - 19.30

Andre møte:

  • Samnanger bibliotek 2. februar
  • Kvam vgs. 10 februar
  • Alle møtene er kl. 18.00 - 19.30.