Varsling om oppstart av detaljreguleringsplanarbeid for Skarsmo

Melding om oppstart av arbeid med detaljregulering for Skarsmoen, gnr. 38, bnr. 60, med fleire og gnr. 37, bnr. 61 med fleire i Skare, Ullensvang kommune.

  • Plannamn: Detaljreguleringsplan for Skarsmoen
  • Plan ID: 46182025004

Initiativtakar

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette varsla at HRP AS, på oppdrag frå Ullensvang kommune, startar arbeid med detaljregulering for eigedomane gnr. 38, bnr. 60 med fleire, og gnr. 37, bnr. 61 med fleire i Skare.

Planstatus og føremål

Planområdet er i dag regulert til industri, friområde og kommunalteknisk verksemd. I gjeldande kommuneplan sin arealdel for Odda kommune er området avsett til dei same føremåla. Den gjeldande reguleringsplanen er av eldre dato og gir ikkje gode rammer for vidare utvikling.

Føremålet med reguleringsarbeidet er å leggje til rette for vidare bruk til industriformål, samt å regulere nye utvida føremål til kommunaltekniske anlegg, gang- og sykkelveg, næring, samferdselsanlegg og vidareføre eksisterande bustadområder ved Joker Skarsmo/Jøsendal.

Avgrensing av planområde 

Planområdet er vist på vedlagt kart og omfattar om lag 165 dekar. Av dette er ca. 80 dekar i dag regulert til industriformål. Området er delvis utbygd med lagerbygg, næringsbygg og anna verksemd. Planområdet grensar til kommunedelplan for Rv13 Jøsendal–Odda sør og bustadregulerte område ved Røldalsvegen.

Kommunen har planar om å utvide eksisterande kommunaltekniske føremål, og dette skal utgreiast i planprosessen. Det er ikkje registrert formell vernestatus for området, men bygget Skarsmoen 14 er registrert i SEFRAK-registeret.

Viktige utgreiingar

Planarbeidet skal særleg vurdere følgjande tema

  • Trafikkforhold ved Jøsendal og Røldalsvegen
  • Flaum og springflod
  •  Ras- og skredfare
  • Støy
  • Forureina grunn
  • Biologiske naturmangfald

Vedlegg til sak

Merknader/ innspel

Frist for å kome med innspel er sett til 30.10.2025

Send merknad/innspel digitalt her

Eventuelle merknader/innspel som kan ha innverknad og/eller vere av interesse for planarbeidet skal sendast skriftleg til kommunen. 

Merk innspelet med “Detaljreguleringsplan for Skarsmoen"

Ullensvang kommune

Spørsmål

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til HRP AS ved/ Hernan Vasquez: