Varsel om planoppstart og offentleg ettersyn av planprogram for områdereguleringsplan for Jondal sentrum

I tråd med Plan- og bygningsloven (PBL) § 12-8 og vedtak i Utval for samfunn, plan og næring (USPN) 03.09.2025 - sak 063/25 varslar Ullensvang kommune om planoppstart av områdereguleringsplan for Jondal sentrum.

Planstatus og føremål

Arbeidet med områdereguleringsplan for Jondal sentrum er ein del av planstrategien til Ullensvang kommune og er i tråd med Kommuneplanen sin samfunnsdel for Ullensvang kommune for perioden 2020-2032. Alle lokal-, kommunedel- og regionsenter (LKR-senter) skal få oppdaterte sentrumsplanar i Samfunnsdelen sin planperiode. 

Føremålet med planen er å leggje til rette for vidare utvikling av Jondal sentrum. Det skal lagast ein heilskapleg, langsiktig og framtidsretta plan. Områdeplanen skal konkretisere eksisterande bruk, og fastsetje heimel for vidareutvikling av denne, og gi føringar for framtidig arealbruk. Jondal skal vere ein attraktiv stad å bu, besøkja, og driva næring eller handel. Utviklinga skal forankrast i området sine eksisterande verdiar som natur, kultur og lokalhistorie. Kommunen skal som aktiv tilretteleggjar sjå på området i eit heilskapleg perspektiv, og korleis Jondal på best teneleg måte kan utviklast for framtida. 

Den nye områdereguleringsplanen vil heilt eller delvis erstatte følgjande planar: 

Planen vert omfatta av forskrift for konsekvensutredninger, og det er utarbeidd planprogram. 

Dokument til saka finn du her

Merknadar og innspel

Planprogrammet vert lagt ut på offentleg ettersyn i seks veker. I perioden planprogrammet  er på offentleg ettersyn, ber Ullensvang kommune om merknader til planprogrammet og innspel til planarbeidet. 

Frist for å komme med merknader og innspel er sett til 31.10.2025. 

Send innspel digitalt her

  • Merknadar til planprogrammet skal merkast med "Merknad planprogram for Jondal sentrum: planID 46182022008"
  • Innspel til planarbeidet skal merkast med "Innspel områdereguleringsplan for Jondal sentrum: planID 46182022008"

Merknad/innspel kan sendast per e-post eller brev til:

Ullensvang kommune