Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Lofthus brannstasjon

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar Ullensvang kommune oppstart av detaljreguleringsplan for Lofthus brannstasjon. Eigedomar innanfor planområdet er gnr/bnr 176/1, 176/56, 176/57, 176/77 & 176/106.

Forslagsstillar: Ullensvang kommune

Planstatus og føremål

Arealet er avsett til sentrumsformål med hensynssone H_910 og H_510 i gjeldande kommuneplan for Ullensvang Herad, planID 12312008001. Omsynssone H_910 er at gjeldande reguleringsplan framleis skal gjelda. Omsynssone H_510 er at ein skal ta omsyn til landbruk.

I Reguleringsplan for Lofthus (planId 12311982001) er arealet avsett til jord og skogbruk.

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av ein ny brannstasjon på Klokkargarden, med nødvendige bygg, parkering, manøvreringsareal og tilkomstløysingar, slik at brann- og redningstenesta får tenlege og framtidsretta driftstilhøve på Lofthus.

Planavgrensing ligg vedlagt som fil og kan sjåast på kommunekart.com i kartlag “reguleringsplan under arbeid”.

Grunnlagsdokument

Vedlagt varsel om oppstart av detaljreguleringsplan følgjer eit grunnlagsdokument som er retningsgjevande for vidare planarbeid.

Ullensvang kommune vurderer at planen ikkje er omfatta av forskrift om konsekvensutgreiing. Vurderinga finn ein i grunnlagsdokumentet.

Vedlegg til sak

Merknader til varsel om oppstart

Frist for å kome med innspel er sett til: 03.02.2026.

Send merknad/innspel digitalt her

Du kan og senda merknader og innspel per post eller e-post. 

Desse skal merkast med “Detaljreguleringsplan for Lofthus brannstasjon, planID 46182025006” og sendast til:

Ullensvang kommune

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til kommunen ved: