Varsel om betydeleg snøskredfare

Snøskredvarsel for region Hardanger onsdag 25.02.2026.

Tørre og våte flakskred kan losna av seg sjølve på grunn av mildvêr og eit svakt snødekke. Mildvêrsgrense på omtrent 1400 moh. Unngå opphald i skredterreng.

  • Faregrad 3 - Betydelig snøskredfare

Skredfarevurdering

Kraftig vind frå sørvest og noko ny nedbør fører til ferske fokksnøflak som legg seg i lesider og formasjonar over eit eldre snødekke med ein svak oppbygning. Mest utsett blir truleg terreng mot vest, nord og aust, men alle himmelretningar kan vera utsette. Indre størk som har mest snø frå tidlegare vil vera mest utsett.

Stigande temperaturar utover dagen, gjer at nokon middels og enkelte store flakskskred kan losna av seg sjølv. Over mildvêrsgrensa er det venta hovudsakleg tørre flakskred, medan det under mildvêrsgrensa kan losna både våte flakskred og laussnøskred. 

Unngå skredterreng og hald god avstand til bratte heng. Fjernutløysing er mogleg.

Les heile varselet på varsom.no