Plan for den stengte Valldalsvegen

Informasjonsside om Valldalsvegen.

Oppdatert informasjon per 13. juli

Onsdag 15.07 kl. 07.00 startar arbeidet med akutt sikring på Valldalsvegen.

Sikringsarbeidet vil gå føre seg døgnkontinuerleg, og det vil ikkje vere mogleg å passere for verken køyrande eller gåande. Det vil berre bli gjort tilpassingar ved akutte behov i samråd med naudetatane. Vegen er, som tidlegare, heilt stengd.

Entreprenøren som skal utføre sikringsarbeidet, har funne ei optimal løysing for gjennomføringa. Dette vil ha stor betydning for framdrifta. Dersom alt går etter planen, og det ikkje oppstår nye akutte og ustabile parti undervegs i arbeidet, vil entreprenøren gjere sitt beste for å ferdigstille sikringsarbeidet innan utgangen av veke 30. Det må likevel takast atterhald.

I løpet av veke 31 eller 32 vil det bli behov for ei ny totalstenging av vegen på dagtid. Dato og tidsrom er enno ikkje avklart.

Nærare informasjon om status vil bli gitt mot slutten av denne veka, veke 29.

Tidlegare info

Informasjon per 10. juli

Arbeid med rassikring på Valldalsvegen er tildelt og arbeid med rassikring startar opp tysdag 14. juli. Arbeid er forventa å vera ferdig fredag 17. juli. 

Vegen vil i denne perioden vera fysisk stengt for alle, utanom nødetatar. 

Kommunen vil halde dykk orienterte undervegs i prosjektet. Det er i dag satt opp skilt med camping forbudt ved p-plass rett før dammen og parkering oppe på dammen. Vil gjera dykk merksam på at vegen er stengt grunna rasfaren.

Informasjon per 06. juli

Valldalsvegen er fortsatt stengt. Den vil bli heilt fysisk stengt frå veke 29 og til med veke 32 i fyrste omgang. 

Nødetater slepp forbi. 

Informasjon per 19. juni

Det har gått eit større steinsprang på Valldalsvegen ca. 1,5 km frå dammen. Dette partiet er fortsatt ustabilt og har behov for akutt sikring. Valldalsvegen er stengt på ubestemt tid, grunna dette forholdet. Ullensvang kommune jobber med å løyse situasjonen. 

Det vil bli prioritert for gjennomslepp for sauetransport med stedleg vakthold. Kommunen har oppretta dialog med beitelagene. 

Nødetater kan passera ved behov.

Informasjon per 17. juni

Det vart utført maskinell reinsk av rasområdet på fredag 12. juni med god effekt.

Området er framleis ustabilt og det er behov for akutt og permanent sikring av området. Akutt sikring fase 1 må på plass før vegen er trygg nok til bruk/ferdsel for allmenta.  Dette vil ta tid å få utført, tidsbruk for denne prosessen kan ikkje antakast endå.

I mellomtida jobbar vi i kommunen med å få på plass ei løysing for mellombels bruk og regulering av trafikken. Dette blir avklart i løpet av veka, og vi oppdaterer dykk med ny info så snart det er klart.

Informasjon publisert 07.06 - Status og planar for opning

Valldalsvegen er fysisk open, men er i dag heilt stengt for ferdsel på grunn av ras risikoen etter steinraset i påsken 2026. Det ligg fleire lause steinblokker i fjellsida som må reinskast ned før vegen kan opnast på ein forsvarleg måte.

Det blir arbeida med å få på plass ei mellombels løysing slik at vegen kan opnast for dyretransport med stedleg vakthald i ein avgrensa periode. Meir informasjon om dette vil vera klart i veke 24.

I veke 24 vil Valldalsvegen frå krysset ved E134 til dammen bli asfaltert på nytt, i tråd med avtalen med Hydro. Vegen vil i den samanheng bli stengt med faste tider der ein slepp gjennom trafikk. 

Informasjon publisert 29.05

Valldalsvegen er steng grunna ras. Geolog har synfare området saman med kommunen, og det vil bli utarbeidd ein plan for pigging/reinsking og sikring av rasområdet.

Framdrift er usikker, dette grunna omfang av sikringsbehovet med maskin. Når maskinell pigging og reinsking er utført vil det bli gjennomført ein ny inspeksjon med geolog for å forma ut grunnlag (bolteplan) for sikring.

Det vil ikkje bli mogleg å regulera trafikk med stadleg vakthald forbi rasområdet i denne perioden.

Nærare informasjon om tidsrom for pigging/reinsking og sikring, vil vi leggje ut her på nettsida når det ligg føre.