Utvida skjenketid under fotball-VM 2026

Skal serveringsstaden din vise kampane frå verdsmeisterskapen i fotball? Kommunestyret har vedteke at det er mogleg å søke om utvida skjenketid for perioden meisterskapen varer.

Kva inneber vedtaket?

Kommunestyret gjorde den 06.05.2026 (sak 039/26) vedtak om følgjande rammer for skjenking under meisterskapen:

  • Innandørs skjenking: For alkoholhaldig drikk i gruppe 1 og 2 (øl, vin og rusbrus) kan det søkast om utvida tid fram til kl. 06.00.
  • Utandørs skjenking: Her er det inga endring. Skjenketida ute er framleis maks til kl. 02.00.

Kven kan søke?

For å få innvilga utvida skjenketid, må følgjande kriterium vere oppfylte:

  • Skjenkestaden må vise VM-kampane direkte.
  • Det må sendast ein formell søknad til kommunen.
  • Det er rådmannen som har fått delegert myndigheit til å behandle og fatta vedtak i kvar enkelt søknad.

Slik søker du:

  • Send e-post til postmottak@kommune.no. 
  • Dokumentere at de skal vise VM-kampane direkte.
  • Legg ved stadfesting på at verksemda har gyldig og lovleg lisens for offentleg framsyning av kampane. (kommersiell avtale med rettighetshavar).