Utskifting av glas- og metallbehaldarar i deler av Odda

Renovasjonstenesta byter ut dei store behaldarane for glas og metall i Odda sentrum og nærområda. Desse vert erstatta med nye 660-liters plastspann. Er den store behaldaren vekke - er eit nytt spann snart på plass!

Dette er eit prøveprosjekt som skal gjere det enklare å tømme behaldarane, sidan dei nye spanna kan tømmast på renovasjonstenesta si faste rute. Målet er å gje innbyggjarane eit betre tilbod.