Utlysing av midlar frå Marie og Asbjørn Røvik legat

Det er no mogleg å søkje på midlar frå Marie og Asbjørn Røvik legat.

Legatet sitt formål er å gi økonomisk støtte til søkjarar buset i tidlegare Odda kommune som:

  • Er ramma av kreft og ønskjer behandling som ikkje blir dekt av det offentlege. 
  • Treng støtte til reiser, besøk og liknande utgifter, i familiar der ein av dei næraste har kreft.  
     

Frist for å søkja er 29. januar 2026.

Vedtekter kan du lasta ned her

Gå til digitalt søknadskjema her

Søknad kan og sendast Ullensvang kommune, Opheimsgt. 31, 5750  Odda eller leverast  på innbyggjartorget på rådhuset.

Kontakt oss

Aslaug Margrethe Åkre
Avdelingsleiar for Innbyggjarservice
E-post
Telefon 46 78 50 67