Ungdomsrådet på studietur for å henta inspirasjon

Torsdag 21. november reiste Ullensvang ungdomsråd til Husnes for å besøka Ungdomsbase Sør. Målet med turen var å samla idear og erfaringar før arbeidet med eit nytt aktivitetstilbod for born og unge i Odda sentrum.

Det var sektoren Kultur, næring og samfunn (KNS) i kommunen som inviterte både faste medlemmer og varamedlemmer i ungdomsrådet med på studieturen.

Har kartlagt ønska blant elevane

Besøket på Husnes er del av ein breiare medverknadsprosess. Bakgrunnen er eit verbalvedtak frå kommunestyret i desember 2025 om å utarbeida eit eige aktivitetstilbod eller aktivitetshus for born og unge i Odda sentrum.

Allereie i mars arrangerte KNS ein workshop med ungdomsrådet om saka. I forkant av denne samlinga hadde medlemmene gjort undersøkingar på sine respektive skular for å finna ut både kvar i Odda sentrum elevane ønskjer at eit slikt tilbod skal liggja, og kva innhald det bør ha.

God mottaking og nyttige møte på Husnes

For å byggja vidare på dette grunnlaget og gjera det endå lettare for rådet å meina noko konkret om både innhald og organisering, gjekk turen til Ungdomsbase Sør. Delegasjonen frå Ullensvang vart svært godt tekne imot på Husnes.

Under besøket fekk dei 16 ungdomane god og nyttig informasjon frå både dei tilsette ved basen og ungdomane som bruker tilbodet til dagleg. I tillegg fekk ungdomsrådet møta representantar frå ungdomsstyret i Ungdomsbasen, noko som gav verdifull innsikt i korleis ungdomane sjølve er med på å styra og utvikla tilbodet.

Vegen vidare

Sak om etablering av eit aktivitetshus i gågata samlokalisert med Odda frivilligsentral skal opp til politisk behandling i desember.