Tilskuddsportalen.no på plassTilskuddsportalen.no er no tilgjengeleg for lag og organisasjonar i kommunen.I tråd med Ullensvang kommune sin Frivillig og samspelstrategi som vart vedteken i juni 2025 (PDF, 7 MB) har vi no fått på plass Tilskuddsportalen. Det er eit digitalt oppslagsverk med over 2700 søkbare tilskot i mange ulike kategoriar.Portalen er delt i to; ein for tilsette i kommunenein for frivillige lag/organisasjonar.På vedlagte brosjyre ser ein korleis lag og foreiningar går fram for å få tilgang til Tilskuddsportalen.no. (PDF, 2 MB)Vi har portalen som ei prøveordning for to år, og vil då ta ei evaluering for å sjekke kor mykje den har vore i bruk og generert i kroner for vurdering av vidare abonnement.Kurs/opplæringLeverandøren vil halde eit digitalt kurs/opplæring for styremedlemmer frå lag og organisasjonar tysdag 17. februar kl. 18.00 - 20.00.Bli med å lær meir om korleis søke tilskot og korleis ein skriv ein god søknad. I kurset legg ein vekt på å bygge opp kompetansen til å søke tilskot, og til å arbeide strategisk og langsiktig. Kurshaldar Randi Langøigjelten syner korleis Tilskuddsportalen praktisk kan bli brukt som eit effektivt støtteverktøy, og tek også opp metodikk i arbeidet og i utforming av søknader. Kurset vil kunne vere aktuelt for alle som søker tilskot.Tema på kursetGenerelt om tilskotKorleis finne riktig tilskot til riktig prosjekt til riktig tidBruk av TilskuddsportalenMeld deg på kurset herDenne informasjonen og påmelding til kurset vert og sendt til alle lag/organisasjonar gjennom foreningsportalen iullensvang.org - så hugs å sjekke om de har korrekt kontaktinfo registrert der.Lukka til i jakta på tilskot!