Bakgrunn for tilskotsordninga
Fruktlandskapet i Ullensvang er i dag prega av moderne dyrkingsmetodar med tette plantingar og støttesystem. Før frukthagen vart modernisert var frukthagane dominerte av store, kraftigveksande tre med stor avstand. Dette gjorde at skjøtsel og hausting var krevjande arbeid. Med introduksjonen av svaktveksande grunnstammar endra frukthagane form og trea vart mindre, enklare å hauste og behovet for støttesystem voks fram. Dette har utvikla seg til den moderne tettplantinga som er vanleg i kommunen i dag, der trea vert planta i tette rader med strengsystem som legg til rette for meir rasjonell og intensiv drift.
Modernisering av fruktdyrkinga har gjort at ikkje alt areal som tidlegare vart drifta, er like rasjonelt å fornye. Ein kombinasjon av dårleg tilkomst, krevjande arbeidsinnsats og tidsbruk gjer at desse areala står i fare for å gå ut av drift. Slike areal er ein del av heilskapen i kulturlandskapet i Ullensvang og er med på å vise utviklinga i dyrkingsmetodar, både med sortar, grunnstammar, dyrkingspraksis og teknologi.
Mål med tilskot
For å fremja mangfaldet i driftsformar og vise tidsdjupna i fruktlandskapet er målet med tilskotet å sikre at dei mest tungdrevne fruktareala ikkje går ut av drift. Tilskotet er meint for å kompensera for det ekstra arbeidet det inneber å skjøtte eldre, tradisjonelle frukthagar eller krevjande terrasselandskap og lite tilgjengelege areal. Intensjonen med ordninga er at det skal vere eit årleg tilskot som stimulerer til å ta vare på desse verdifulle fruktareala.
Døme på areal:
- Areal med eldre, enkeltståande frukttre med gamle sortar.
- Lite tilgjengelege areal med vanskeleg tilkomst. Det kan vere areal mellom den produktive frukthagen og innmarksbeite, skogen eller steinurer.
- Andre døme kan vere terrasselandskap, små teigar eller frukttre innimellom stein og urer.
Satsar
- Sats per daa: inntil 800 kr. pr. daa
- Sats for eldre enkeltståande frukttre: inntil 800 kr. pr. tre
Søknad
Krav for å søkje på ordninga:
- Arealet må ligge slik til at det er dårleg tilgjenge med traktor og utstyr, som kassar, sprøyter og liknande. Arealet treng ikkje vere veglaust, men ha utfordringer knytt til framkomst med bruk av traktor og anna traktormontert utstyr.
- Normal skjøtsel av frukttrea. Dette inneber at det må kunne leggje fram logg for eventuell bruk av plantevernmiddel, tidspunkt for skjering, ugrasbekjemping, ein plan for hausting og omsetting av vare.
- Arealet må vere innanfor det avgrensa UKL-området i Ullensvang kommune.
- Arealet må vere klassifisert som overflatedyrka eller fulldyrka jord. Dette gjeld ikkje for gamle enkeltståande frukttre på areal med annan klassifisering.
Ved utfylling av søknad skal det leggjast ved:
- Kart der det aktuelle arealet er markert. Dette kan gjerast ved å nytte «teikne/måle» på verktøylinja i gardskart.no, og teikne inn omrisset av det aktuelle arealet.
- Opplysingar om:
- Alder på trea i feltet
- Sort og grunnstamme
- Foto av det aktuelle arealet
NB! Når eit føretak søkjar dette tilskotet for fyrste gong vil det bli føretatt ein kontroll med gjennomgang av innsendt kart og opplysingar. Kartet kan bli lasta opp i ein database for kartlegging.
- Søknadsfrist: 15.oktober.
Du søkjer via Landbruksdirektoratet sin søknadsportal