Tale-til-tekst ved hjelp av kunstig intelligens (KI) - Ullensvang kommune

Tale-til-tekst ved hjelp av kunstig intelligens (KI)

I veke 15 startar fastlegar, legevakt og ergo-/fysioterapeutar i kommunen å ta i bruk KI-støtta tale-til-tekst under konsultasjonar. Dette er ein ny måte å dokumentere pasientsamtalar på, og målet er at journalføring skal verte enklare, raskare og med betre kvalitet

Kva er KI-støtta tale-til-tekst?

KI-støtta tale-til-tekst inneber at samtalen mellom behandlar og pasient kan bli omgjort til tekst automatisk ved hjelp av kunstig intelligens. Dette skjer medan konsultasjonen pågår. Løysinga er utvikla for å støtte, ikkje erstatte, dei faglege  vurderingane som vert gjorde av behandlaren. 

Det er viktig å understreke at det ikkje blir lagra lydopptak, og at opplysningane blir handterte på ein trygg og sikker måte. 

Kvifor tek vi dette i bruk?

KI-støtta tale-til-tekst er eit steg i arbeidet med å møte framtidige utfordringar i helsetenestene, der behovet for tenester aukar samstundes som tilgangen på helsepersonell er pressa. 

Målet er å leggje til rette for betre kvalitet og ein meir effektiv arbeidsflyt. Dette skjer mellom anna gjennom meir presis dokumentasjon av det som blir sagt, mindre behov for skriving under og etter konsultasjonen, og meir tid og merksemd til pasienten.

Kva betyr dette for deg som pasient?

For deg som pasient vil konsultasjonen gå føre seg som vanleg, men med mindre behov for at behandlaren skriv undervegs.

Bruken av løysinga er heilt frivillig, og du kan når som helst seie nei, både før og under konsultasjonen, utan at det påverkar tilbodet du får. Du står også fritt til å stille spørsmål dersom det er noko du lurar på.

Dersom du ikkje ønskjer at KI-støtta tale-til-tekst skal brukast, blir det sjølvsagt respektert.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, kan du ta det opp med behandlaren din. Målet er at du skal kjenne deg trygg både på teknologien og på korleis opplysningane dine blir handterte.