Det er svært viktig å merka seg at denne arbeidsoperasjonen kan medføra blokkert eller total stengd veg i inntil 3 døgn i etterkant av spyling.
Grunnlaget for dette er at vegbanen først må dekkjast til med ei buffersone (pute) beståande av lagvis inndeling av grus og skytematter. Arbeidet medfører total stenging av veg torsdag 28. mai frå kl. 19.00. Spyling med helikopter vert så gjennomført så tidleg som mogleg fredag 29. mai frå ca. kl. 09, med atterhald knytt til vær og sikt.
Etter spylinga må ein geolog og sikringsentreprenør inn i området. Dei skal inspisera rasløpet og rydda det manuelt før vegen kan opnast. Det er svært vanskeleg å seie kor lang tid dette arbeidet vil ta. Vi må også rydde vegen og reparera eventuelle skadar på vegbanen.
Parkeringsplassen ved P2 blir landingsområde ved operasjonen, og ingen uvedkommande må bevega seg inn i området.
Utvida vakthald blir nøye følgt opp i denne samanhengen.