Alle organisasjonar/tiltak/arrangement som får tilskot frå kommunen skal kunne visa til at tiltaket/aktiviteten er inkluderande og fremmar mangfald og berekraft. (Temaplan for kultur)
Kva betyr dette?
Vi ynskjer å oppmuntra og oppmoda frivillige lag og organisasjonar, kulturinstitusjonar og kulturaktørar til å ta på alvor det ansvaret me alle har for å vera eit inkluderande og mangfaldig samfunn der også berekraft skal vurderast i alle samanhengar.
Det betyr at det vert stilt krav om utsjekk på punkt som kan gjelda:
- Variert og inkluderande informasjonsformidling
- Transporttilbod dersom mogleg
- Universell tilrettelegging der dette er mogleg
- Rekrutteringstiltak inn mot våre nye landsmenn
- Fadderordningar
- Gratistiltak
- Desentralisert profil
- Berekraft, natur og miljømessig, sosial og økonomisk
Dette vil ikkje seia at alle arrangement og tiltak må kryssa av på alle punkt, men me ynskjer at alle skal ha ein gjennomtenkt politikk.