Slutthandsaming av Områdeplan for Røldal sentrum

Kommunestyret har i møte 06.05.2026 fatta følgjande vedtak i sak 048/26:

I tråd med Plan og Bygningsloven § 12-12 vedtar Ullensvang Kommunestyre områdereguleringsplan for Røldal sentrum, planID: 1228-2015010 med følgjande endringar:

ROS-analysen skal oppdaterast med følgjande endringar: 

  • Omtale av område som er teke ut av planen fjernast frå ROS-analysen. 
  • Kapittel 4.3.1 Sårbarheitsvurdering skredfare bratt terreng oppdaterast med skredfarekart utan skogeffekt.

Planskildring skal oppdaterast med følgjande endringar:

  • Kap 4.7 Risiko og sårbarheit vert oppdatert etter revidert ROS-analyse.
  • Fortau teikna inn mot bolighus i Kyrkjevegen 2 vert tatt ut. 
  • Det vert regulert inn éitt fortau mellom “legekontoret” og Coop.
  • Krav om saltak vert fjerna. Godkjente takvinklar i B01-B26 skal vere 0-45 grader.

Vedlegg til sak

Klage på vedtak

Det er mogleg å klaga til kommunen på dette vedtaket. 

  • Klagefrist: 5. juni 2026

Det er nok at klagen er postlagd innan fristen.

Klagen skal sendast skriftleg til kommunen, beskrive kva vedtak det blir klaga på, den eller dei endringar ein ønskjer, og grunngjeving for klagen. 

Ullensvang kommune