Skjeggedalsvegen opnar att måndag 8. juni

I morgon, måndag 8. juni, opnar Skjeggedalsvegen (P1 Tyssedal – P2 Skjeggedal) igjen etter perioden med rassikringsarbeid.

🚗 Vegen vil vera open for trafikk kvar dag kl. 06.00 – 21.00 med stadleg vakthald.

🚌 Frå i morgon går også bussane til Trolltunga som normalt igjen.

🚶‍♂️ Vi tilrår ikkje å gå til fots gjennom anleggsområdet.

🌙 Rassikringsarbeidet vil halda fram på nattetid, og vegen vil derfor vera HEILT stengd mellom kl. 21.00 og 06.00. Det er framleis arbeid som står att.

🥾 Skal du til Trolltunga, tilrår me å starta turen tidleg på dagen. For å spara tid kan du ta buss opp til P3 Mågelitopp, slik at du er tilbake i god tid før vegen stengjer om kvelden.

❄️ Det er no snø på omtrent 5 % av stien. Me tilrår gode fjellstøvlar.

👉 Hugs å sjekka vêrmeldinga før turen. Me tek atterhald om at vegen kan bli stengd på kort varsel.

⛰️ Me gler oss til å ønskja dykk velkommen tilbake til Trolltunga!