Sikringsarbeid på Skjeggedalsvegen

Det er akutt rasfare på Skjeggedalsvegen, difor vert vegen no stengt for å utføra naudsynt sikringsarbeid. Fleire rashendingar den siste tida krev eit omfattande sikringsarbeid.

Om sikringsarbeidet

Kommunen har inngått kontrakt med entreprenør om sikring på deler av vegstrekninga. Arbeidet starta opp i midten av april etter fleire rashendingar på vegen, det har vore mindre ras etter oppstart og.

Det skal takast ned mykje masse som ligg høgt i terrenget og som utgjer fare for nye rashendingar. Prosjektet omfattar levering og oppføring av eit robust fanggjerde, noko som også inkluderer eit grundig arbeid med fundamentering og forankring i det bratte terrenget. 

Skjeggedalsvegen er ein viktig ferdselsveg, og tryggleiken til dei vegfarande har høgaste prioritet. Slik situasjonen er no kan ikkje kommunen oppretthalde forsvarleg fri ferdsel på vegen. Med dette fanggjerdet på plass vil vi få ein vesentleg tryggare kvardag for alle som ferdast i området.

Trafikkavvikling i anleggsperioden

Vegen vert no stengt i 3 veker framover.

Områda må først sikrast slik at det er trygt for entreprenør å arbeida med den permanente sikringa. Den mest akutte delen av prosjektet er stipulert klar til måndag 8. juni. Det vil vera arbeid i området ut juli månad.

Stenging av vegen påverker fleire aktørar i området Skjeggedal.

Konsekvensar av sikringsarbeidet:

  • For å få utført sikringa må vegen stengast.
  • Kommunen har tett dialog med dei største aktørane som er avhengig av vegen; Statkraft, Tyssefaldene, Fagne og Statnett. Dialog og samarbeid er viktig for å sikra at straumleveransen til lokalbefolkninga, sjukehus og næringslivet (særleg dei to store industribedriftane) går som normalt.
  • Kommunen har stor forståing for at stenginga av vegen fører til utfordringar og bekymring for lokale selskap som driv turistnæring knytt til Skjeggedal-Trolltunga. Kommunen har tett dialog med Trolltunga AS og andre lokale reiselivsaktørar.
  • Nokon avbøtande tiltak er gjort i høve beredskap.
  • Før det akutte arbeidet er gjort, er vegen stengt for ferdsel. Målet er å få gjennomført den akutte delen så raskt som mogleg slik at ein kan opna for styrt trafikkavvikling i området, stipulert til måndag 8.juni. Arbeidet vil halde fram ut juli månad med styrt trafikkavvikling.

Vi ber alle om å respektera vegstenginga i den perioden arbeidet pågår.

Kontaktpersonar for media

Ullensvang kommune v/ Randi Karin Habbestad
Telefon: 95 03 70 35
E-post: randi.karin.habbestad@ullensvang.kommune.no