Reinseanlegg havarert – ureinsa kloakk rett i fjordenHovudreinseanlegget på Holmen er ute av drift etter eit alvorleg teknisk samanbrot. Årsak er store mengder filler og tøy som har tetta og øydelagt utstyret. Alt avløp renn no ureinsa ut i Sørfjorden. Dette er ein kritisk situasjon, vi har funne store klumpar med filler, våtserviettar og anna tøy som har øydelagt utstyret.Skadane er så omfattande at anlegget truleg blir ståande i minst seks til åtte veker, kanskje lenger. I mellomtida går alt avløpsvatn på overløp rett i sjøen.Vi minner om at det kun er bæsj, tiss og toalettpapir som skal i do, då alt anna kan skada avløpssystema og forureina. – Filler og våtserviettar skal i bosset. No ser vi dei alvorlege konsekvensane av kva som skjer når dette ikkje blir følgt, seier verksemdsleiar for Vatn og avløp Mette E. Vintertun.