Registrer hjartestartaren – sekunda kan redde livHjartestans kan råke kven som helst, når som helst. Då tel kvart einaste sekund. Ein hjartestartar kan vera skilnaden mellom liv og død – men berre dersom den er registrert og synleg for alle.Mange privatpersonar, verksemder, idrettslag og organisasjonar har hjartestartarar, men dessverre er ikkje alle registrerte i det nasjonale hjartestartarregisteret. Det betyr at 113 ikkje får opp hjartestartaren på kartet når det hastar som mest. Dersom 113 ikkje veit kvar næraste hjartestartar er, kan dei heller ikkje opplyse den som ringer inn om kvar den er.Difor ber vi deg:Har du hjartestartar heime, på jobb eller i laget ditt?Sjekk om den er registrert.Viss ikkje – registrer den i dag. Det tek berre nokre minutt.Registrer hjartestartarEin registrert hjartestartar kan vera livsviktig for naboen, kollegaen eller ein tilfeldig forbipasserande. Saman kan vi redde liv – sekundane tel! Dette er informasjonen du må fylle ut når du skal registrera hjartestartarDet kan vera lurt å registrera hjartestartar når du er på staden der den er. Då har du all informsjon tilgjengeleg.Bilete av kva du må fylla inn av informasjon : Lastar du ned appen 113, vil du sjølv få opp næraste registrerte hjartestartar, men berre dersom den er registrert.