Rask psykisk helse (RPH) arrangerer: Meistringskurs i psykisk helse - Ullensvang kommune

Rask psykisk helse (RPH) arrangerer: Meistringskurs i psykisk helse

Har du tankar og kjensler som du er usikker på korleis du skal handtera? Står du i ein livssituasjon som krev mykje av deg? Er du ofte uroleg, irritert, sliten, engsteleg, nedstemt eller stressa? Har du det vanskeleg og ønskjer å ta grep for å få det betre?

Då kan meistringskurset vera aktuelt for deg.

Kurset gir

  • Innsikt i vanlege psykiske plager og kva som påverkar dei
  • Kunnskap om korleis tankar, kjensler og åtferd heng saman
  • Verktøy for å handtere utfordringar og oppnå endring i kvardagen

Kurset er undervisningsbasert og inneheld praktiske øvingar, men det er ikkje krav om aktiv deltaking.

Kurset er for personar som

  • Opplever lettare psykiske plager som nedstemtheit, uro eller stress
  • Vil lære meir om korleis tankar, kjensler og åtferd heng saman
  • Ønskjer konkrete verktøy for å oppnå endring i kvardagen

Forplikting: Deltakarane må forplikte seg til å delta på alle samlingane for å få best mogleg utbytte.

Kurset passar ikkje for personar som

  • Har behov for akutt hjelp eller står i ein akutt livskrise
  • Har alvorlege eller samansette utfordringar som krev meir omfattande oppfølging (t.d. rusproblem, alvorleg psykisk liding eller demens)
  • Har behov for langvarig terapi eller utgreiing
  • Allereie får eller er tilvist til anna psykisk helsehjelp, som distriktspsykiatrisk senter (DPS)
Spørsmålsteikn med firkant i bakgrunn. Illustrasjon. - Klikk for stort bilete

Neste planlagte kurs

  • Kursdatoar:
    • Tysdag 7. april
    • Tysdag 14. april
    • Måndag 27. april
    • Tysdag 5. mai
  • Tidspunkt: kl. 14 - 16 (kvar økt)
  • Stad: Moen 7, Odda
  • Påmeldingsfrist: 3. april
  • Pris: Gratis

Slik melder du deg på

Meld deg på ved å senda namnet ditt (+ telefonnummer) på ein e-post til oss eller "slå på tråden". 

Alle som melder seg vil få tilbod om ein samtale med ein fagperson for å vurdere kva for tilbod som passar best for deg.

Kontakt oss

Rask psykisk helsehjelp
E-post
Telefon 47 75 56 48

Telefontid
Måndag til fredag kl. 09.00 - 14.00
*Vi ringer deg opp att om du ikkje får svar