Nytt system for handtering av hjelpemiddel - Ullensvang kommune

Nytt system for handtering av hjelpemiddel

Kommunen har teke i bruk eit nytt digitalt system for handtering av hjelpemiddel. I ein overgangsperiode må det påreknast noko lengre ventetid enn normalt.

Me har teke i bruk det digitale systemet KS Hjelpemiddel i helse- og omsorgstenestene. Løysinga er utvikla av KS Digitale fellestjenester og blir brukt av fleire kommunar. Systemet støttar arbeidet med registrering, oversikt og oppfølging av både kommunale hjelpemiddel og hjelpemiddel frå Nav Hjelpemiddelsentral.

For deg som innbyggjar betyr dette at kommunen i større grad kan følgje opp behov for hjelpemiddel på ein meir systematisk måte. Det kan gi betre oversikt i saka di og meir føreseieleg oppfølging.

I ein overgangsperiode vil kapasiteten innan utlevering,  vedlikehald og oppfølging vere noko redusert som følgje av innføringa. Det må difor påreknast noko lengre ventetid enn normalt, og kommunen ber om tolmod medan dei tilsette blir kjende med det nye systemet.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med Innbyggjartorget eller helse- og omsorgstenestene der du bur.

Kontakt oss

Ergo- og fysioterapitenesta
Telefon 53 65 45 30

Opningstid: mån - fre kl 08:00 - 15:00

Besøksadresse
Røldalsvegen 41
5750 Odda

Ullensvang kommune
E-post
Telefon 53 65 40 00

Opheimsgata 31
5750 Odda