Kva er Mitt Aidn?
Mitt Aidn er kommunen sitt verktøy for enkel og trygg digital kontakt mellom deg, dine pårørande og helse- og omsorgstenestene.
Gjennom portalen kan du mellom anna:
- søkje om helse- og omsorgstenester
- sjå oversikt over vedtak og tenester du får
- sende og motta meldingar til tenesta der du er brukar
- sjå kalender med planlagde besøk og avtalar
- lese oppslag frå tenesta der du er brukar
Tenesteportalen vert brukt av alle pleie- og omsorgstenester i kommunen, inkludert heimebaserte tenester, institusjonar, avlastingsbustader og bufellesskap. Den kan òg brukast av tildelingskontoret, kreftkoordinator, demenskoordinator, rus og psykisk helse, samt ergo-/fysioterapitenesta.
Merk at Legetenesta bruker ikkje Mitt Aidn.
Kven kan bruke Mitt Aidn?
Alle som får oppfølging frå helse- og omsorgstenestene i Ullensvang kommune får automatisk tilgang til Mitt Aidn.
Du loggar inn med BankID på mitt.aidn.no.
Pårørande kan òg få tilgang dersom brukaren samtykkjer til det. Den pårørande må sjølv logge inn på mitt.aidn.no og be om tilgang. Kommunen vil då sjå om det ligg føre samtykke før tilgangen blir godkjend.
Merk at pårørande ikkje får tilgang automatisk, og at brukaren kan trekke samtykket tilbake når som helst.
-
-
Slik kjem du i gang
- Gå til mitt.aidn.no
- Logg inn med BankID
- Les gjennom informasjonen og prøv deg fram
Mitt Aidn fungerer best på mobiltelefon, men du kan òg bruke det i nettlesar på PC eller nettbrett.
Om du ønskjer, kan du lage snarveg på telefonen slik at du lettare finn portalen neste gong.
Når skal du ikkje bruke Mitt Aidn
Du skal ikkje bruke Mitt Aidn i akutte situasjonar eller når noko hastar.
Ved sjukdom, skade eller alvorleg endring i helsetilstanden, kontakt aktuell kommunal teneste, legevakt på 116 117 eller ring 113.
Treng du hjelp?
Dersom du treng rettleiing for å kome i gang, eller har spørsmål om tilgang og bruk, kan du ta kontakt med aktuell helse- og omsorgsteneste i Ullensvang kommune.
Du kan òg lese meir om Mitt Aidn på denne informasjonssida:
Mitt Aidn - Ullensvang kommune
Kontakt oss
På denne sida kan du søkje etter kontaktinformasjon til verksemdene våre. Om du ikkje finn det du er på leit etter ta kontakt med Innbyggjartorget på tlf. 53 65 40 00.