Kva er dette?
Når du er i arbeidsfør alder, er det mange roller som skal fyllast i familien, på jobb og i privatlivet. Dette kurset hjelper deg med å byggja opp kroppen att, finna gode strategiar for meistring og ta tilbake kontrollen i kvardagen.
Kvar samling varer i om lag to timar og er delt i to:
- Undervisning og refleksjon (ca. 45 minutt)
- Tilpassa gruppetrening (ca. 45–60 minutt) leidd av fysioterapeut, med fokus på styrke, rørsle og treningsglede
Du treng ikkje å vera i form frå før. Vi tilpassar treninga etter der du er i dag, uansett om du er prega av behandling eller biverknader.
Kva tema går vi gjennom på kurset?
På samlingane snakkar vi om:
- trygg trening og fysisk aktivitet under og etter sjukdom
- handtering av utmatting (fatigue) og energireknestykke
- seineffektar og rehabilitering
- stress og verktøy for å roa ned nervesystemet
- frykta for tilbakefall
- sjølvbilete, kropp og seksualitet
- familieliv, relasjonar og det å setja grenser
- vegen tilbake til arbeidslivet (med rådgjevar frå NAV)
- oversikt over lokale tilbod og vegen vidare etter kurset
Praktisk informasjon
- Oppstart: Onsdag 10. februar 2026 kl. 10:30 - 12:30 (kurset går over 10 veker (onsdagar) på rad)
- Stad: Helsehuset i Odda, fysio- og ergoterapiavdelinga
- Utstyr: Kle deg i kvardags- eller treningsklede som er gode å røra seg i, og ta gjerne med ei vassflaske
Kven kan få det?
Kurset er for deg i arbeidsfør alder som har eller har hatt kreft. Du kan delta uansett om du er midt i behandling eller er ferdigbehandla.
Slik melder du deg på
Det er eit avgrensa tal plassar i gruppa for å sikra god oppfølging og eit trygt fellesskap. Ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale viss du lurer på om kurset passar for helsa di.
- Fristen for å melda seg på er 20. januar 2026.
Fyll ut og send inn det digitale påmeldingsskjemaet. Skjema har ID-pålogging.
Meld deg på kurset «Aktiv med og etter kreft»
Kva skjer etter at du har meldt deg på?
Etter at påmeldingsfristen går ut 20. januar, tek vi kontakt med deg for å gje beskjed om du har fått plass på kurset.
Kontakt
Kurset vert leidd av fysioterapeut og kreftkoordinator i kommunen. Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål.
Laster...
Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere.
Laster...
Noe gikk galt. Vennligst prøv igjen senere.