Litteratursymposiet opnar med salutt!I samband med opninga av Litteratursymposiet i Odda torsdag 2. oktober, vil det i forkant av opningsforestillinga Litterær Kraftstasjon bli avfyrt ein salutt i Odda sentrum kl. 19.30. Etter salutten følgjer trampettshow ved Porten og ei forrykande opningsforestilling i Lindehuset.Årets temaÅrets tema er Eksplosjon, og ulike sider ved temaet vil bli utforska torsdag til søndag, der vi også skal markera at festivalen fyller 20 år. Programmet er som vanleg omfattande, og med over 50 postar på programmet skal det vera noko for dei fleste.Ikkje mindre enn tre oddaforfattarar er aktuelle med nye bøker denne hausten:Leander Djønne kjem med romanen Alt etHåkon Opdal kjem med boka ElgjegerlivLeif Einar “Lothepus” Lothe er aktuell med Lothepus-manualenJubileumsutstilling ved PortenVi markerer også Litteratursymposiet sine 20 år med ei jubileumsutstilling ved Porten som viser glimt frå historia vår frå starten i 2005 og fram til i dag. Utstillinga omfattar tekstar, bilete og faksimiler.Rikt programDeltakarlista er som vanleg ein kombinasjon av oddingar, symposievenner og mange nye namn. Litteraturbåten Epos kjem også ein tur, og som alltid kan vi tilby eit rikt program for dei minste publikummarane. Barnehagar og skular i heile kommunen får besøk av forfattarar og litteraturformidlarar, og laurdag og søndag er det fleire fine arrangement som passar for heile familien.Velkommen til eksplosive opplevingar i Odda 2.-5. oktober!Billettar til alle arrangement finst på TicketCo.For full oversikt over program og deltakarar:Litteratursymposiet.no Glimt frå tidlegare år