Kulturprisen for Ullensvang kommune 2025

Utval for kultur og levekår gjorde 4. mars samrøystes vedtak om å tildela kulturprisen for 2025 til Professor Emeritus Reidar Borgstrøm.

Grunngjeving:
Reidar Borgstrøm har som vitskapsmann vore oppteken av å dela fagkompetansen sin både med ålmenta, med fagkollegaer og med styresmakter. Engasjementet hans i det offentlige rommet er stort, ikkje minst gjeld dette Hardangervidda. Her er han fyrst og fremst oppteken av fisk, villrein og bruken av vidda.
Borgstrøm kjenner Hardangervidda svært godt både som forskar og som aktiv brukar. Mange i Indre Hardanger har òg fått god hjelp og rettleiing om korleis dei skal ta vare på fiskevatn.

Dei to siste åra har Reidar Borgstrøm skrive to bøker som begge vil verta ståande som framifrå kulturhistoriske verk for Indre Hardanger. Bøkene er «Stølar og buer i Kvenne-, Veig- og Kinsevassdraga» (2024) og «Stølar i Odda, frå Rebjørg og Skjeldesete i nord til Seljestad i sør» (2025). Dei er eit sers verdfullt tilskot til lokalsoga som det er vanskeleg å verdsetja høgt nok. Folk i Indre Hardanger kan vera sers takksame for at Reidar Borgstrøm har brukt kompetansen, lokalkunnskapen, engasjementet, interessa og språkdugleiken sin til å realisera dette store arbeidet. I den fyrste boka var Johannes H. Sekse medforfattar, og i den andre boka samarbeidde han med Harald Jordal. I arbeidet med dei to bøkene har han hatt kontakt med nærast tallause personar, samla bilete, studert kjelder og lese faglitteratur. I det heile har Reidar Borgstrøm lagt ned eit formidabelt kulturminnearbeid som involverer mange, som er relevant for mange, og som skaper identitet og engasjement på tvers av generasjoner.


Kulturprisen er eit diplom, kr 25 000 og ein skulptur av kunstnaren Ingunn Van Etten.


Det er med stor takksemd og respekt at Ullensvang kommune gjev Reidar Borgstrøm kulturprisen for 2025, og tildelinga vil skje i eit eigna arrangement i samråd med prisvinnar.

Kristin Eide, Hardanger Folkeblad