Bakgrunn og historikk
Ullensvang brann og redning (UBR) har over lengre tid vore i dialog med Tilsynsutvalet i Vestland (TUV) og Miljødirektoratet (MD) om utføring av lovpålagde oppgåver i nasjonalparken.
Hovudpunkta i saka har vore:
- TUV sine krav: Tilsynsmynde krev at motorferdsel i nasjonalparken vert holdt på eit minimum for å skjerma villreinen, som er i ein svært sårbar situasjon.
- Uttale frå DSB: Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har fastslått at kommunen har ei plikt til å kartleggja alle fyringsanlegg, inkludert små hytter og buer.
- Vedtak i klagesak: Miljødirektoratet har i vedtak av 04.10.2024 halde fast ved at kartlegging av feiebehovet skal gjerast på ein mest mogleg skånsam måte, til dømes ved bruk av informasjon frå eigar og bilete, før det eventuelt blir gitt løyve til køyring med snøskuter.
Lovheimel
Plikta til feiing og tilsyn er heimla i Forskrift om brannforebygging § 17. Her kjem det fram at kommunen skal sørgje for at fyringsanlegg blir feia og ført tilsyn med ved behov. For å fastslå behov, er vi avhengige av ein grunndokumentasjon på kvart enkelt objekt.
Kva skjer no?
For å følga miljøkrava og samtidig vareta branntryggleiken, gjennomfører UBR no ei kartlegging basert på dokumentasjon frå hytteeigarane.
Vi ber deg om følgjande:
- Fyll ut vedlagt "Kartleggingsskjema fyringsanlegg" digitalt eller på papir.
- Ta bilete av fyringsanlegget/eldstaden både innvendig og utvendig (inkludert skorstein over tak), sjå rettleiing lenger ned.
- Legg ved kartutsnitt som viser plassering av bygning.
- Har du fleire hytter i Hardangervidda nasjonalpark: Send inn/fyll ut eit skjema for kvar hytte på kvar stad.
Send skjema og bilete til oss innan 15.10.2026.
Kva skjer vidare?
Når vi har fått dokumentasjonen, vil UBR gjennomføra ei risikovurdering av fyringsanlegget ditt.
- Dersom bruken er liten og anlegget er i god stand, vil frekvensen for fysisk tilsyn og feiing bli låg.
- Informasjonen vil bli brukt til å planleggja og samordna nødvendig transport i framtida, slik at belastninga på nasjonalparken blir minst mogleg.
Ved å bidra med denne kartlegginga hjelper du oss med å ivareta tryggleiken din og samtidig verna naturverdiane på Hardangervidda.
Rettleiing for fotodokumentasjon av fyringsanlegg
For at vi skal kunne gjennomføra ei god risikovurdering knytt til fritidsbustad, ber vi om at du legg ved bilete som viser tilstand på både eldstad og skorstein. Ver venleg og ta bilete i godt lys og legg dei ved svaret.
- Eldstaden (Innvendig)
- Oversiktsbilete: Vis heile eldstaden og korleis den er plassert i rommet.
- Tilkopling: Ta bilete av der røykrøyret går inn i skorsteinen (muren).
- Brannmur/underlag: Vis at det er ubrennbart materiale på golvet framfor omnen og på veggane bak.
- Inni omnen: Ta eit bilete med døra open som viser brennplatene og kvelva (plata i toppen) inni omnen.
- Skorstein/pipe (Innvendig)
- Tilgjengelegheit: Har du sotluke (ofte plassert i kjellar eller nedst på pipeløpet), ta bilete av denne og området rundt.
- Gjennomføringar: Går pipa gjennom eit etasjeskilje, ta bilete av overgangen mellom pipe og tak/golv.
- Utvendig på tak
- Skorstein over tak: Ta bilete av pipa frå utsida som viser høgd over tak.
- Takstige/tilkomst: Ta eit bilete som viser korleis tilkomsten til pipa er for ein feiar.
Send inn skjema
- Frist: Skjema og bilete må sendast inn seinast 15.10.2026.
Du kan sende inn skjema digitalt, per e-post eller brev:
Send inn skjema digitalt
Utfylt skjema på papir skal sendast til:
- E-post: postmottak@ullensvang.kommune.no. Merk: Feiervesenet
- Per brev: Ullensvang kommune, v/Feievesenet, Opheimsgata 31, 5750 Odda
Pdf: Kartleggings skjema fyringsanlegg innan Hardangervidda Nasjonalpark (PDF, 298 kB)