Hugs bandtvang

Frå 1. april - 20. august er det ordinær bandtvang i heile landet, av omsyn til vilt, husdyr og turgåarar.
 

Dei fleste hundeeigarar er flinke til å halde bandtvangen, men lause hundar i utmarka er diverre eit aukande problem. Møte mellom hundar og beitedyr kan føre til svært alvorlege episodar.

I tillegg til ordinær bandtvang har Ullensvang kommune eigne forskrifter med utvida bandtvang. Hundeeigar har ansvar for å vite kva reglar som gjeld der dei går tur.

Særskilde reglar for utvida bandtvang i Ullensvang

Tidlegare Ullensvang herad
Hundar skal haldast i band i tida 1. april - 10. september i område der bufe går på utmarksbeite.

På kyrkjegardane og på bustad og handleområde skal hund haldast i band heile året.

Tidlegare Odda kommune
Hundar skal haldast i band i tida 1. april - 31. oktober, når bufe normalt er henta heim.

I tettstadane skal hund haldast i band heile året. Omgrepet tettstad femner her om:

  • eit område i Odda grensa av Eitrheimselva i Nord og Vasstun – Strand med Buerdalen og Buer i sør.
  • Tyssedal tettstad.
  • Skare/Skarsmoen grensa av Håbru/Seljestad/Storelva i sør og vest, til Steinaberg bru – vegkrysset Reinsnosvegen til grensa for Skare bustadområde mot nord, langs grensa for Skare bustadområde mot aust og tilbake til Seljestadelva i sør.
  • Røldal tettstad, avgrensa til området Dalen – Lynghamar kraftstasjon – Hamre
  • Håradalen, avgrensa til området Håra tettstad, hytteområde og skianlegga i Håradalen.

Hytteområdet Åsen og Mågelitopp er underlagt heilårs bandtvang

Unntatt er dei tilhøva som er skildra i hundelova §9 om unntak frå sikringsreglane.

Meld ifrå til politiet på telefon 02800 dersom du ser noko som gjer at du fryktar det kan oppstå uønska hendingar.

Les om lov om forsvarleg hundehald her

Kontakt oss

Lisa Karine Haugland
Avdelingsleiar landbruk, havbruk og skogbruk
E-post
Telefon 91 99 61 75