Kva vert det søkt om?
NVE har fått to søknader frå Ullensvang kommune, avdeling for vatn og avløp datert 16.09.2025, om løyve etter vassressurslova til uttak av vatn i Stølselva som hovudvasskjelde og Histeinselva som reservevasskjelde.
På grunn av venta auka tal hytter på Seljestad, skal Seljestad vassverk oppgraderast med nytt vassbehandlingsanlegg og reintvassbasseng. Vasskjelda skal etter 2030 òg sikre vatn til å sløkkje brann i Røldalstunnelen på E 134.
I dag er Stølselva reservevasskjelde medan dagens brønn har avgrensa kapasitet. Planen er at Stølselva skal vere hovudvasskjelde med Histeinselva som reservevasskjelde. Uttaka skal gjerast i kort avstand oppstraums samanløpet mellom dei to elvane, og dei to søknadane må sjåast i samanheng. Planlagt uttak er avhengig av framdrift i hyttebygginga, men prognoser tilseier eit gjennomsnittleg uttak tilsvarande 12 l/s. Nedstraums samanløpet vil vassføringa verte redusert tilsvarande vassuttaket frå dei to elvane.
Histeinselva
Ut frå prognoser vert det søkt om eit maksimalt uttak på inntil 32 l/s, men det vil vere store variasjonar gjennom året. Det er planlagt alminneleg lågvassføring som minstevassføring. Vassinntaket skal byggjast under elvebotnen utan oppdemming av vatn. Det er registrert aure i Histeinselva.
Stølselva
I Stølselva vert det ikkje planlagt minstevassføring. Ei strekning på 25 m i Stølselva kan verte turrlagt i periodar med høgt vassforbruk og liten vassføring, til dømes i tida rundt påske. Som kompenserande tiltak er planen å byggje ein liten lausmasseterskel for å sikre ein vasspegel på strekninga.
Storelva, etter samanløpet mellom Histeinselva og Stølselva, kan i periodar få redusert vassføring.
Søknaden med vedlegg er tilgjengeleg på NVE si nettside. Søknaden skal behandlast etter reglane i kapittel 3 i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova § 8.
Informasjon om saksbehandlinga finn du på NVE si nettside.
Kva ynskjer vi fråsegn om?
NVE ynskjer å få inn synspunkt på planane som er presenterte i søknaden. NVE ynskjer konkrete synspunkt på om planane bør gjennomførast, ev. val av alternativ eller forslag til avgrensingar i planane. Vi ynskjer òg grunngjevne forslag til avbøtande tiltak som kan redusere eventuelle ulemper ved gjennomføringa av prosjektet. I tillegg ber vi om eventuelle kommentarar til om søknaden gir tilstrekkeleg med opplysningar om verknadene av tiltaket. Alle som har meiningar om saka, kan sende inn ei fråsegn.
Slik sender du inn høyringsfråsegn
Alle som har meiningar om saka, kan sende fråsegn på éin av fylgjande måtar:
- via skjema for fråsegn, som de finn på nettsida i saka
- via e-post til nve@nve.no (merk e-posten med «Høyringsfråsegn 202518850» i emnefeltet, og gje opp namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
- via brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO (merk brevet med «Høyringsfråsegn 202518850», og gje opp namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
Frist for å sende fråsegn er 16.03.2026.
Fråsegn eller delar av fråsegna vil bli refererte i saka. Er høyringsfråsegna lang, oppmodar NVE høyringspartane til sjølv å skrive ein kortfatta konklusjon eller samandrag. Høyringsfråsegnene er offentlege dokument, og sentrale saksdokument blir lagde ut på NVE sine nettsider.