Høring av faresoneutredning skred i bratt terreng (område tidlegare Jondal kommune)NVE har fått Norconsult sin førebelse rapport om skredfarekartlegging i utvalde område i Ullensvang (- område tidlegare Jondal kommune) og har sendt den ut på høyring via kommunen.Målet med høyringa er å finna ut om:Det finst sikringstiltak i området som ikkje er omtalt i rapportDet finst tidlegare skredfareutgreiingar som ikkje er omtalte i rapportDet er historiske skredhendingar som ikkje er omtalte i rapportKonsulenten har prøvd å få tak i alt som er, men NVE si erfaring er at viktig informasjon av og til kjem fram etter at ein rapport er publisert, og dette ønskjer vi å unngå, særleg dersom det kan påverka faresonene.Informasjon om høyringa, rapporten og høyringsskjemaet er samla på NVE si nettside; Høyring av nasjonal skredfarekartleggingInnspelFrist for innspel til NVE er 12. desember 2025. Etter dette vil konsulenten revidera rapporten og senda den til NVE for endeleg godkjenning.Sidan det er kort tid til fristen, vil NVE holde moglegheita for å sende innspel open utover fristen. Men dei ynskjer innspel så raskt som råd. Send innspel til NVE herSpørsmålOm de har nokre spørsmål rundt prosessen, rapporten eller anna er det berre å ta kontakt med Tore Dolvik (Kommunegeolog) på tlf: 48 05 85 00Om lenkje til NVE sine sider ikkje verkar, kan du sende innspel til oss her.