Hogst etter vindfall - tilbod om kurs

Stormen Amy har råka kommunen og det ligg ein del vindfall rundt omkring i kommunen. Hogst av vindfall er risikofylt arbeid med store spenningar i trevirke. Det er store krefter som er i sving når ein skjer laus vindfall. Spenningane i trevirke vil etterkvart avta noko når det får ligga i ro.

Etter oppmoding frå Statsforvaltaren i Vestland vil kommunen tilby gratis kurs i vindfallhogst. Kurset vil bli finansiert med kommunale rentemidlar frå skogfondsordninga. 

Kurset er eit dagskurs og vil bli avholdt etter nærmare avtale. Er det 4 - 6 interesserte så opprettar me kurs og avtalar tidspunkt og kursstad.

Ta kontakt med landbrukskontoret v/Rolf Erling Loe for påmelding.

Les meir om kurset på Skogkurs.no

Kontakt oss

Rolf Erling Loe
Rådgjevar
E-post
Telefon 97 61 58 35

Viltforvaltning / Skogsaker / Landbruksveg / Regionalt miljøtilskot i jordbruket (RMP) / Organisert beitebruk