Endring i 17. mai feiringa i Odda
Etter initiativ frå Odda musikklag og møte mellom Odda Musikklag, Ullensvang kommune og teknisk arrangør Odda Fotballklubb, er det bestemt at folketoget i Odda, med oppstart kl. 15.00, skal føregå med oppstart ved gravplassen på Berjaflot og avslutning i Hovden.
Den faste seremonien rundt kranslegginga av minnesmerket for falne på gravplassen vil skje i forkant av Folketoget, dvs. kl. 14.30.
Bakgrunnen for endringa er todelt:
- Odda Musikklag opplever at det er utfordrande for korpsmedlemmene å makta den store belastninga med speling og marsjering i mange arrangement denne dagen; Barnetoget, bautatoget, tog i Skare eller Tyssedal og folketoget med rute opp heile Dalen til Eide. Det blir for tungt for ein del aldrande medlemmer.
- Det har blitt stadig færre som går i toget, og som ser på toget frå fortauet, medan oppmøtet på Eide og i Hovden framleis er ganske stort. Det er høgt skatta å marsjera med korpsmusikk forbi institusjonane på Eide, kor bebuarane gler seg kvart år.
Barnetoget og bautatoget i Odda sentrum på føremiddagen går som tidlegare. I tillegg skal Odda musikklag skal i år spela i Skare til salutt og tog der kl. 12.
Odda Fotballklubb kjem med detaljert 17. mai program når dette er klart, og me vil oppfordra alle oddingar å stilla både i barnetoget i Odda sentrum og i folketoget på Eide. Og me vil oppfordra lag, organisasjonar og skuleklassar til å finna på moro i toget; Songar, utkledning eller andre ting. Det gjer det kjekkare å delta og å sjå på!