Om Folgefonna Velkomstsenter
Velkomstsenteret ligg ved Folgefonna sin brekant på 1199 m.o.h. om lag 18 km frå Jondal sentrum. Staden er ein innfallsport til Folgefonna nasjonalpark, og Folgefonna er Noreg sin tredje største isbre og er eit turistmål i seg sjølv. Mange turistar er opptekne av å sjå og ta bilete av breen, eller ta del i aktivitetstilbod for besøkande, som har utgangspunkt ved velkomstsenteret.
Kafedrift på Fonna?
Velkomstsenteret har eit moderne industrikjøkken og kaffeteria som er ledig. Kommunen ønsker å låna dette ut til deg som ser moglegheiter i dette og vil prøva korleis det er å driva kjøkken og kafe her i sommar.
Vi ønsker faste opningstider, matservering og at tilbodet vert godt marknadsført. I retur vil vi ha informasjon om drift og erfaringstall.
Frist for å melde interesse er 20. mai 2026.
Er dette av interesse for deg eller bedrifta di? Ta kontakt med oss snarast ↓