Dialogkafé for lag og foreiningar om fritidserklæring og fritidskortKommunen inviterer alle lag og foreiningar som har aktivitetar til barn og unge til dialogkafé om fritidserklæring og fritidskort.Dato: Tysdag 18. novemberTid: Kl 18.00-20.00Stad: Sentralbadet litteraturhusPåmelding: Meld på antall som kjem frå dykkar lag/foreining til Elin Myran eller i digitalt skjema nedst på sida. FritidserklæringVi ynskjer å utarbeide ein fritidserklæring for barn og unge som byggjer på artikkel 31 i FN sin konvensjon om rettane til barnet:«Partane anerkjenner retten barnet har til kvile og fritid og til å delta i leik og fritidsaktivitetar som passar for alderen til barnet og til fritt å delta i kulturliv og kunstnarisk verksemd. Partane skal respektera og fremja retten barnet har til fullt ut å delta i det kulturelle og kunstnariske livet og skal oppmuntra tilgangen til eigna og like moglegheiter for kulturelle, kunstnariske, reaksjons- og fritidsaktivitetar.»Ein fritidserklæring vil vera eit overordna dokument i kommunen som vil sei noko om korleis vi skal arbeide med fritidstiltak mot barn og unge. Både regjeringa og Vestland fylkeskommune har vedteke ei fritidserklæring.Det er viktig med ei brei forankring av fritidserklæringa. I tillegg til å invitere til ein dialogkafé om utforminga av erklæringa, vil me invitera alle lag og foreiningar som har aktivitetar til barn og unge til å slutte seg til fritidserklæringa når den er klar.FritidskortDet er og vedteke at vi skal ha eit fritidskort for barn og unge. Vi ynskjer innspel frå dykk om kva som kan vera den beste utforminga av eit fritidskort i kommunen, og korleis vi kan få det til å fungera på best mogleg måte.