I tidsrommet vil det skje ei del endringar på framsida, men all informasjonen som er på nettsida til vanleg, vil vera tilgjengeleg under heile øvinga. Alt som me publiserer som ei del av øvinga vil vera merka med “ØVING” og det vil vera tydeleg at informasjonen ikkje er reell.
Under beredskapsøvinga vil me øva på alt frå å publisera ei Aktuelt-sak på framsida til å sette framsida i “krisemodus”.
Kvifor gjennomfører me ei “live” øving?
Kriseleiinga i kommunen har identifisert at me kan verta betre på informasjonsarbeidet på nettsidene under beredskapshendingar. Me har laga ei informasjonsside som me skal nytta under hendingane, og må øve på aktivera den, sjå korleis den ser ut når me fyller den med informasjon og korleis dei ulike elementa fungerer.
For å få best mogleg utbyte av øvinga, må vi bruke dei nettsidene og funksjonane vi har – og derfor gjennomfører vi øvinga på dei publiserte sidene.