Pedagogisk plattform for Veisane barnehage
I Veisane barnehage drøfter og reflekterer me over korleis me kan bygga ein positiv læringskultur for barna og korleis me kan nå måla i Lov om barnehager med forskrifter, Rammeplan for barnehagen. For å sikra fart og felles retning mot målet har me bygd opp felles pedagogisk plattform som grunnlag for arbeidet vårt. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet i barnehagen, og for vidare utvikling av kvaliteten for barna.
1. Verdigrunnlaget til barnehagen
1.1 Visjon
God bagasje på livsreisa – alle utviklar den beste utgåva av seg sjølv
1.2 Verdiar
Veisane barnehage har fire kjerneverdiar som me har ekstra fokus på i vår praksis og vårt utviklingsarbeid. Verdiane skal danna grunnlag for kulturen, felles pedagogisk praksis og vera med å sikra eit positivt læringsmiljø for alle barn.
1.2.1 Kjerneverdiene våre er:
1.2.1.1 Respekt
- i Veisane barnehage skal alle oppleva å høyra til, vera ein betydningsfull person for fellesskapet og ha høve til medverknad.
1.2.1.2 Omsorg
- i Veisane barnehage ser me god omsorg som avgjerande for tryggleik, trivsel, positiv utvikling og læring. Barn sin trivsel og utvikling er vaksne sitt ansvar.
1.2.1.3 Inkludering
- i Veisane barnehage verdset me mangfald og ser det som grunnlag for eit inkluderande læringsmiljø.
1.2.1.3 Læring
- i Veisane barnehage ser me læring som ein kontinuerleg prosess som vert påverka av dei erfaringane barna gjer i samspel med andre. Leik er viktig læringsarena for barn.
1.2.2 Slik skal verdiane prega praksisen i barnehagen:
Me har fokus på kvalitet i møtet mellom menneske, barn og foreldre skal bli møtt med anerkjenning og respekt – kvar dag
- Me ser barnet som subjekt, lytter til barna sine opplevingar og tar dei på alvor. Ingen skal bruka definisjonsmakta si og opptre som dommar for barna (stygt/fint, snill/slem, noko å grina for eller ikkje…)
- Me legg tilrette for at kvart einskild barn skal oppleva seg sjølv som god nok som dei er – uansett. Barna skal ha tru på seg sjølv og eigne evne og ha lyst til å utvikla desse
- Me legg tilrette for at kvart einskild barn skal oppleva glede og meistring i sosiale og kulturelle fellesskap
- Me arbeider systematisk, skaper struktur og oversikt for alle barn
- Me organiserer barn og personale i små grupper
To dimensjonar
- Alle barn skal få dekka dei fysiske behova sine
- Alle barn skal oppleva kvalitet i relasjonane mellom barn og vaksne, mellom barna og mellom dei vaksne
Barna sin trivsel og utvikling er vaksne sitt ansvar
- Me toner oss inn på barnet, fange opp subtile signal på det som er viktig her og no, og hjelpe til med å forstå og regulera følelser bedre
- Me set ord på følelsen barnet uttrykker, slik at det verkeleg treffer, og gir meining for barnet sjølv
- Me legg tilrette slik at alle barn skal oppleva at dei vert sett, forstått, respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for
- Der det er barn er det alltid ein varm vaksen som er aktivt tilstades, lytter, ser og tolker barna sine uttrykk, støtter og rettleier barna når dei treng det i tillegg til å ramma inn barna med tydelege forventningar
Inkludering betyr at personalet skal tilpassa læringsmiljøet til mangfaldet blant barna, og gi alle barna reell moglegheit til å delta i det faglege og sosiale fellesskapet. Alle høyrer naturleg til, ingen vert sett på som inkluderte.
- Me tilpasser det fysiske miljøet til enkeltbarn og barnegruppa – gir alle fysisk tilgang til fellesskap i gruppa
- Me gir alle barn ein reell moglegheit til å bidra inn i fellesskapet
- Me har utstyret som barna treng i aktivitetar i barnehagen, som syklar, ski
- Me er tilgjengelege og gir alle barn høve til å utvikla sosiale relasjonar med jamnaldrande barn
- Me gir barna den støtta dei treng for å delta i det sosiale fellesskapet både inne og ute – kommunikasjon og samspel med andre barn og vaksne, leik, aktivitetar, dialog, samtalar ved måltid og andre fellesskap
- Me gir alle barn tilgang til læring og utvikling som gir meining for den enkelte
- Me gir alle barn reell moglegheit til å å delta i læringsaktivitetar, og sei si meining om eiga læring
- Me gir alle barn høve til å delta i eiga og andre si læring ved å delta aktivt i læringsaktivitetar og læringsfellesskap saman med andre, til dømes gruppearbeid, prosjektarbeid – me legg tilrette for at barna får bidra med sin kunnskap og hjelpa andre, delta aktivt med sine refleksjonar
Me arbeider ut frå eit heilskapssyn og ser læring som ein kontinuerleg prosess som vert påverka av dei erfaringane barna gjer i samspel med andre, både i formelle og uformelle situasjonar. Dette heilskapssynet fører til ei sterk kopling mellom pedagogikk og omsorg.
Læring skjer heile dagen, og heile livet!
Samfunnsutviklinga dei siste tiåra har ført til at ansvaret for omsorg, oppdraging og læring for førskulebarn gradvis har gått frå den private mot den offentlege verda. I dag utgjer barnehagen ein stor del av den sosiale arenaen til førskulebarn. På tross av desse endringane er familien det sentrale kjenslemessige forankringspunktet for barn i førskulealder. Barn kan læra gjennom alt dei opplever og erfarer på alle område.
Læring i barnehagen vil vera prega av kvaliteten i samspelet mellom barn og personale – personalet legg vekt på ein anerkjennende væremåte i høve til barn si læring. Det å gi barna mestringskjensle aukar barna si lyst til vidare utforsking, læring og utvikling, og styrkjer sjølvkjensla.
Veisane barnehage skal vera ei oppdagingsferd for barnet her og no, men også ein treningsarena for vidare skulegang og livsprosjekt.
- Me legg tilrette eit læringsmiljø som fremjar og tek i vare leik og positivt samspel
- Me fremjar metakognitiv aktivitet og utvikling ved å legga tilrette for at barna skal få reflektera over eiga tenking – planlegga korleis dei skal tilnærmar seg ei gitt læringsoppgåva, overvåka eiga forståing, samt evaluera framgangsmåten i det å fullføra oppgåva
- Me legg tilrette for refleksjon og sjøvregulering og støttar opp under disse evnene med mål om å medverka til å skapa reflekterende læringsprosessar og hjelpa barna til å tileigna seg konkrete læringsstrategier – det er viktig for å utvikla eit godt ordforråd, for å læra seg å lesa og for tidlig rekning
- 1. refleksjon: tenkning omkring kva me veit
- 2. sjølvregulering: å styra korleis me går fram for å læra
- Me legg tilrette for læring og utvikling innanfor barna si næraste utviklingssone
- Me utvider barna sine erfaringar og syte for progresjon og utvikling i innhaldet i barnehagen
- Me legg tilrette for at alle barn lykkast, oppleve mestring og får eit positivt forhold til eigen og andre si læring
1.3 Barn og barndom
1.3.1 Barnesyn
Barn og vaksne er likeverdige.
Barn vert påverka av miljøa dei oppheld seg i.
Barn er:
- Betydningsfulle for fellesskapet
- Kompetente
- Aktive aktørar i eige liv
- Spontane
- Nysgjerrige
- Sosiale
- Kreative
- Leikande
1.3.2 Læringssyn
- Barn har evne til, og lyst til å læra
- Barn vil når dei kan
- Barn deltar når dei finn meining
- Barn som får vera ein betydningsfull person, samarbeider
- Barn konstruerer si forståing av verda i samspel med omgjevnadane
- Læring er ikkje berre ein individuell prosess, men ein gruppeprosess der barna si læring vert stimulert av andre si oppfatning (spegling)
- Fokus på progresjon, framskritt – ikkje resultat (best, mest…)
- Barnehagen er ei oppdagingsferd for barnet her og no, men også ein treningsarena for vidare skulegang og livsprosjekt
- Språk- og sosial kompetanse er grunnleggande kompetanse – og viktig for samspel og identitetsutvikling
- Leik er viktig læringsarena for barn
“Hvis du skal få merksemda til eit barn og gjera dei lydhør for læring må barnet få rom for å oppleva og assosiere i forhold til temaet. “ (Berit Bae)
1.3.3 Vaksenrolla – kvalitet i relasjonane
Der det er barn, er det alltid ein vaksen. Der det er vaksne frå før, trengs det sjeldan fleir…
Barna sin trivsel og utvikling er vaksne sitt ansvar
- Me skal bidra til at barna, i fellesskap med andre, utviklar eit positivt forhold til seg sjølv og tru på eigne evner.
- Barn skal møtast med empati, og får høve til å vidareutvikla eigen empati og evne til tilgjeving.
- Me skal bidra til at alle barn føler seg sett og anerkjent for den dei er, og synleggjera kvar einskild sin plass i fellesskapet.
Teikn på god praksis
- Me har ein pedagogisk intensjon med alt me gjer i barnehagen, og har ei didaktisk tilnærming
- Me toner oss inn der barnet er og har sitt fokus
- Me er sensitive, lyttande og inkluderande
- Me er opne og spørjande til barn sine utsagn og handlingar
- Me ser og anerkjenner barna for den dei er
- Me synleggjer kvar einskild barn sin plass og verdi i fellesskapet
- Me er tilstades, støttar og rettleier barna
- Me legg tilrette for medverknad for alle barn i planlegging, gjennomføring og vurdering av alt som vedrører dei
- Me fjerner eventuelle tidstjuvar, og er i barnehagen for barna
- Me har fokus på det positive, er i bevegelse og utviklar oss sjølve og verksemda til det beste for barna
1.3.4 Læringsmiljø
“Læringsmiljøet i barnehagen består av de samlede kulturelle, relasjonelle og fysiske forholdene som påvirker barns utvikling, lek og læring, helse og trivsel.” (Læringsmiljøsenteret i Stavanger)
Teikn på god praksis:
- Me organiserer rom, tid og leikemateriell for å inspirera til ulike typar leik
- Me tilpasser læringsmiljøet til interessene til enkeltbarn og barnegruppa
- Me legg tilrette for at barna får felles erfaringar som grunnlag for leik
- Me legg til rette for utvikling av leiketema
- Me fremjar eit inkluderande miljø der alle barn kan delta i leik og erfara glede i leik
Det er spesielt viktig å merka seg at tilrettelegging av fysisk læringsmiljø allereie ved tilvenning har stor betydning. Barnehagen skal tilpassa rutinar og organisera tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablera relasjonar og knyta seg til personalet og til andre barn. Barnehagen skal sørgje for at barn som treng ekstra støtte, tidleg får den sosiale, pedagogiske og/eller fysiske tilrettelegginga som er nødvendig for å gje barnet eit inkluderande og likeverdig tilbod.
Udir.no – Fysisk miljø
Rammeplanen for barnehagen formidlar at barnehagens fysiske miljø skal vera trygt og utfordrande og gi barna allsidige bevegelseserfaringar. Personalet skal utforma det fysiske miljøet slik at alle barn får moglegheit til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar, og leiker og materiell er tilgjengelig for barna.
Me legg vekt på eit fysisk miljø som fremjar leik, læring, progresjon og samspel.
Betydninga av eit godt fysisk læringsmiljø handlar om at alle barn skal oppleva progresjon i si utvikling
- Me legg til rette for at barn i alle aldersgrupper får varierte leike-, aktivitets og læringsmoglegheiter
- Me legg til rette for progresjon gjennom valg av pedagogisk innhald, arbeidsmåtar, leiker, materialer og utforming av fysisk miljø
- Barna får utfordringar tilpassa sine erfaringar, interesser, kunnskapar og ferdigheiter
Teikn på god praksis:
- Me er i barnehagen for barna
- Alle barn opplever seg sjølv og andre som viktige i fellesskapet
- Leiker og utstyr er tilgjengeleg og tilpassa barna si utvikling
- Rom og organisering skjermer barna sin leik og fremjar fokus og konsentrasjon
- Me nyttar pedagogisk dokumentasjon og gjenkalling for refleksjon, undring, drøfting og samtalar med barn, foreldre og tilsette
- Leikemiljøet speglar barna sine interesser
- Barna er delt i mindre grupper, med fast personalressurs for oppfølging og støtte
- Me er tilstades, støttar og rettleier barna
- Me legg tilrette for barn og barnegruppa innanfor barna si næraste utviklingssona
- Barna er aktive og opplever mestring og glede
Demokrati handlar både om å utvikla barna si forståing av demokrati og deira evne til å bidra som deltakarar i demokratiet.
For å fremja demokratisk praksis legg me tilrette for at alle barna skal få ytra seg, bli høyrt og delta – demokratisk praksis handlar om å kunna påverka, bidra til utvikling og endring.
For å få dette til legg me vekt på:
- Barna si deltaking i aktivitetar, sosiale hendingar, samtalar og leik
- Måten romma, interiøret og materiell er utforma
- At personale er tilgjenglege og gir barna den støtta dei treng
All utdanning har eit lovpålagt mandat om å arbeida for demokrati. Det handlar både om å utvikla barna si forståing av demokrati og deira evne til å bidra som deltakarar i demokratiet.
Demokrati er ein danningsprosess der barna er reelle deltakarar gjennom handlingar og initiativ.
Personalet legg tilrette for og gir barna den støtta dei treng for at barna skal kunna ta initiativ, setta agendaen og påverka omgivnadane på ein slik måte at andre ikkje vert hindra til å føra sine initiativ…
I leik får barna høve til å ta initiativ, men og kjenna på kroppen korleis dei og må tåla andre sine initiativ – slik at det blir plass til alle.
Det å tåla andre sine initiativ betyr at barna opplever motstand, forstyrring og avbryting. Slike opplevingar kan skapa frustrasjon, gråt og krangling, men er og døme på levande demokrati.
Udir.no – Mangfald og gjensidig respekt
God intensjon om likebehandling er ikkje nok for å fremmja likestilling og motvirka diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme.
Forskning [NAFO] viser at både barn og vaksne i aller høgste grad legg merke til hudfarge og andre forskjellar.
I Veisane barnehage legg me vekt på å jobba mot rasisme og ser det som viktig å anerkjenna og snakka om forskjellar, forklara og svara på spørsmål. Dei vaksne si haldning og handlingar er viktig, i Veisane barnehage legg me vekt på å forklara og svara på spørsmål og viser at hudfarge, språk og andre forskjellar ikkje er styrande for andre eigenskapar. Me anerkjenner ulikskaper, samtidig som me jobbar for og påpeika likskap. Ein føresetnad for inkludering er at tilsette i barnehagen ser ulikskap og mangfold som verdi, styrke og ressurs. (Universitetet i Stavanger)
Udir.no – Likestilling og likeverd
I Veisane barnehage er me opptekne av at barna skal oppleva glede over å høyra til i eit fellesskap, glede over å vera saman, skapa felles meining og utvikla venskap. Alle barn skal få erfara å vera betydningsfulle for fellesskapet og vera i positivt samspel med andre barn og vaksne. Me arbeider aktivt med at barna skal oppleva gruppetilhørigheit på fleire måtar, mellom anna gjennom rutinar, leik og andre fellesskapande aktivitetar. Personalet må heile tida vurdera om arbeidet fører fram for å sikra at ein klarar å skapa rom for alle barn, slik at alle har reell deltaking og innflytelse i leik og samvær med jamnaldrande barn. (Barnehagemiljø og krenkelsar)
Udir.no – Berekraftig utvikling
Kjøkenhage
Barnehagen driv aktivt med økologisk kjøkenhage. Dyrking kan gi barna større forståing kring arbeidet som ligg bak til dømes ei gulrot og dei får kunnskap om kvar maten kjem i frå. Dei er med å dyrka, stella og hausta. Det er spennande å studera korleis eit lite frø kan verta ei stor planta, til grønsaker eller bær. Me har fokus på sunt kosthald og god helse og et det me dyrkar, enten rett frå kjøkenhagen eller som ingrediensar i ulike matrettar me lagar i barnehagen.
Naturvakt
Allemannsretten gir oss fantastiske høve til å oppleva og bruka naturen. Det er få stader som eignar seg så godt til leik, læring og meistring som uteaktivitetar i skog og mark. Men med allemannsretten følgjer og ansvar, overfor grunneigar, andre turgåarar, plantar og dyr. Dette kjem tydeleg fram i rammeplanen for barnehagar der det mellom anna står følgjande under «Arbeid med kropp, rørsle og helse»: «Barnehagen skal bidra til at barna utviklar glede over å bruke naturen til utforsking og kroppslege utfordringar og får forståing av korleis ein bruker og samtidig tek vare på miljøet og naturen».
Naturvaktarane er utvikla som ein introduksjon til forståing av allemannsretten for barn i barnehagen. Materiellet er utvikla i samband med Friluftslivets år 2015 og passar best for dei eldre barna, men me tilpassar det og til dei yngre barna.
Naturvakt byrjar med at barna får eit brev frå Ugla som treng hjelp frå dei. Ugla ønskjer hjelp frå barna med å passe på korleis menneska oppfører seg ute i naturen og vil at dei skal bli Naturvaktarane hans. For å bli ein Naturvaktar må barna gjennomføre ei rekkje oppdrag for å vise at dei forstår korleis ein skal oppføre seg når ein er på tur. (Rettleiing til dei vaksne, kvifor naturvakt?)
Udir.no – Livsmeistring og helse
Rammeplan for barnehage peiker på at livsmestring handler om:
- Fysisk helse
- Psykisk helse
- Bidra til barns trivsel, livsglede, mestring og følelse av egenverd
- Forebygga krenking og mobbing
- Forebygga og oppdaga barn som er utsett for omsorgssvikt, vold og seksuelle overgrep
I Veisane barnehage legg me tilrette for at barna skal:
- Oppleva glede og mestring
- Få erfaring og praktisk kunnskap som skal hjelpa barna til å handtera medgang, motgang, personlege utfordringar, alvorlige hendingar, endringar og konfliktar på best mogeleg måte
- Skapa tryggleik og tru på eigne evne til å meistra her og no, men og i framtida
Personalet skal
- Medverka til at barna utviklar eit positivt sjølvbilde ved å oppleva meistring
- Støtta barna i meistring, motgang, handtera motgang og bli kjent med eigne og andre sine kjensler
- Vera tilstades for barna og gi emosjonell rettleiing og støtte til sjølvregulering
- Lytta til barna, ta barna sine innspel og uttrykk på alvor og gi barna den støtta dei treng
“Livsmestring utvikles ved at vi får mulighet til å bruke egne evner og utvikle oss, oppleve mening, autonomi og dele mål og verdier i et fellesskap” (Helsedirektoratet, 2017).
2. Formålet med og innhaldet i barnehagen
2.1 Omsorg
Me har alle vår livshistorie, ei forteljing me ber med oss. Åra i barnehagen vil og gi barna erfaringar og verta ein del av barnet sin historie. Som symbol på dette har me ein ryggsekk, denne ser me for oss at barna har med seg når dei startar i barnehagen. Den er ikkje tom når dei kjem, men full av erfaringar frå livet med familie og vener. Me i Veisane barnehage skal delta med positive erfaringar i denne sekken, det skal ikkje vera tilfeldig kva me gjer og kva me fyller dagane med.
- Omsorg er ein viktig og avgjerande dimensjon for at barna skal vera trygge og trivast, og kunna utvikla empati og nestekjærleik.
- Alle barn skal oppleva at dei vert sett, forstått og respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for.
Omsorg har to dimensjonar
- Alle barn skal få dekka dei fysiske behova
- Alle barn skal oppleva kvalitet i relasjonane mellom barn og vaksne, mellom barna og mellom dei vaksne
Teikn på god praksis:
- Me gir barna eit sunt kosthald i tråd med helsedirektoratet sine retningslinjer for mat og måltid i barnehage
- Me serverer tre måltid kvar dag
- Me legg tilrette for sunne matvanar og unngå bruk av sukker i maten, og erstattar snop, snacks og sukkerdrikke med frukt, grønsaker, smoothie og tilsvarande
- Me gir alle barn, reine, varme og tørre klede og sko tilpassa årsidene
- Me legg tilrette for at alle barn får ro og kvile kvar dag – det betyr ikkje at barna skal sova i barnehagen
- Me legg tilrette for fysisk aktivitet for alle barn kvar dag
- Me har eit hygienisk miljø som ivaretar alle barn
- Me gir alle barna kjærleik
- Me bekrefter barna, ser og høyrer barna, tolka barna sine intensjonar positivt og gir dei respons
- Me legg tilrette for barna si læring og utvikling innanfor barna si næraste utviklingssona
- Me legga tilrette læringsmiljøet ut frå barna sine behov og interesser
- Me er tilgjengelege og gir barna den støtta dei treng
2.2 Leik
For barn er leiken ein naturleg tilstand og eit mål i seg sjølv. Gjennom leiken utforsker og prøver barnet ut eigne evne til omsorg, handling, mot og innleving. Ut i frå nyare forsking veit me at leiken er den verksemda som best utviklar barnas ibuande moglegheiter, og at leik og utvikling påverkar kvarandre gjensidig.
Leik kan delast inn i ulike former: regelleik, konstruksjonsleik, digital leik, songleik og rolleleik. Dei ulike formene for leik går lett over i kvarandre, og barn kan raskt skifta frå ei form for leik til ei anna. Alle former for leik er i større eller mindre grad prega av sosialt samspel. Når barn leikar saman får dei erfaringar som har stor betydning for utvikling av sosial kompetanse og eigenskapar som empati, rolletaking, prososial åtferd, sjølvkontroll, sjølvhevding, glede og humor. ”Barna tilegner seg sosial kompetanse og en positiv selvoppfatning samtidig som de opplever å ha en god barndom”. (Kari Lamer, 1997 s. 28).
Venskap og leikekompetanse
Ei sentral oppgåve for personalet i barnehagen er å hjelpa barna med å bygga relasjonar til kvarandre. Dei vaksne kan invitera barn som til vanleg ikkje er i lag til å delta i felles aktivitet eller leik, dela barna inn i små grupper for å skapa eit trygt miljø der barna kan bygga fellesskap og vennskap. Personalet er merksame på at gryande vennskap kan vera skjøre. Observant personale legg merke til når barn knyter band, dei er vare slik at dei ikkje grip inn og forstyrrar slike prosessar.
Å ha ein ven, og utvikla sosial kompetanse og evna til å leika, er noko av det viktigaste barna treng i oppveksten. Vener og relasjonar med andre, er essensielt for å kunna trivast. I barnehagen legg me stor vekt på at kvart enkelt barn skal få høve til å oppleva glede og venskap.
I leiken utviklar barna ein allsidig kompetanse. Leiken er indrestyrt og barna sin naturlege vèremåte. I tillegg til å ha stor verdi for seg sjølv, har leiken og stor verdi på mange andre områd. Når eit barn har evna til å leika, og å tilpassa seg eit leikande fellesskap, har barnet alt mykje god kompetanse som legg grunnlag for vidare utvikling, trivsel og læring.
I leiken gjer barna blant anna erfaringar med å samarbeida, bruka fantasien, løysa konfliktar, vera kreative, bearbeida inntrykk og opplevingar, konsentrera seg, lytta til andre, oppleva meistring, hevda seg sjølv og sjå andre sine behov, etablera venskap og visa omsorg for andre.
Personalet i barnehagen har eit særskilt ansvar for at alle barna er deltakande i leik – inkludera, støtta og oppmuntra barn som treng hjelp til å koma inn i leik og vera i leik og samhandlinga det krev.
2.3 Danning
Danning vert ofte sett i samanheng med begrepa omsorg, leik, læring og skal utgjere ein vesentleg del av barnehagen sitt innhald. Saman med vennskap og fellesskap, kommunikasjon, språk og sosial kompetanse vert det allsidige innhaldet og formålet til barnehagen danna.
I barnehagen jobbar me mykje for at barna skal kjenna seg som ein verdifull del av eit fellesskap, parallelt med å styrkja fellesskapskjensla i heile barnegruppa. Me jobbar med prosjekt og barna sine verbale og nonverbale uttrykk vert tatt på alvor. Barnehagen skal jobba for at barna kjenner til felles verdiar og normer som er viktige for heile barnegruppa, og for fellesskapet i barnehagen. Samstundes skal barnehagen jobba for å styrkje sjølvkjensla til kvart enkelt barn, og støtta barnet/barna i å ta eigne val og vera med å påverka innhaldet i barnehagen.
2.4 Kommunikasjon og språk
Småbarnsalderen er ein grunnleggjande periode når det gjeld barn si språkutvikling. Språket er nøkkelen til læring og sosial kompetanse. I barnehagen legg me vekt på at barna skal møte eit variert og rikt språkmiljø, og få erfaringar som utviklar og styrker deira språkforståing og språklege kompetanse.
Barna får språkstimulering knytta opp til alle situasjonar i løpet av ein barnehagedag. Barna deltek i kvardagssamtalar med vaksne og andre barn. Dei lyttar, resonnerer, finn meining, leikar med ord og uttrykk, deltek i høgtlesingsaktivitetar, samlingsstund og leikar med ordlydar, rim og regler.
Barnehagen skal støtta at barna brukar morsmålet sitt og samtidig arbeider aktivt med å fremja den norskspråklege kompetansen. Lesing og samtalar rundt bøker er noko me arbeider mykje med i barnehagen. Me har bøker, konkretar og leiker lett tilgjengeleg for barna, barna skal få erfaring med eit læringsmiljø som ivaretar barna si lyst og glede over å lesa.
Alle gruppene har ei barnebok, årets bok, som tema gjennom eit barnehageår, dette temaet skal speglast i det fysiske miljøet (avdelinga) til barna. Boka vert nytta til høgtlesing gjennom året og dannar grunnlag for felles leiketema, refleksjonar, diskusjon, refleksjon og samtalar mellom barna, og mellom barn og vaksen.
3. Arbeidsmåtane til barnehagen
3.1 Arbeidsmåtar
MÅL: Ønskje om og lyst til å læra, utforska, undra seg og utvikla seg
3.1.1 Lyttande pedagogikk – medverknad
«Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.» (Barnehageloven §3)
«For å sikra at me gir barna eit tilbod som er i tråd med deira rettar har me i Veisane barnehage valt «Lyttande pedagogikk» som vår arbeidsmåte. Dette er ein metode som handlar om å ta barn på alvor ved å ta barnet sitt perspektiv, og gi dei medverknad i eigen kvardag.
Forskarane Marianne Godfredsen og Ingid Lund seier at å ta barnet sitt perspektiv handlar om eit innanfrå perspektiv – der ein tar utgangspunkt i det barnet sjølv føler, tenker og forestiller seg.
«Det er ikke sikkert at det vi voksne vurderer som barnets beste, oppfattes på samme måte av barnet selv.» (Haldor Øvreeide)
Å ta barneperspektivet betyr at den vaksne prøver å forstå og setta seg inn i barnet sine tankar og oppfatningar, og bruker forståinga til å prøva å gi barnet riktig hjelp og støtte.
Den vaksne oversetter det barnet seier og viser. Desse oversettingane gir dei vaksne rettleiing i val av aktivitet, prosjekt, tiltak og tilnærmingar.
Lyttande pedagogikk handlar om å ta barnet på alvor, og bygger på eit syn som ser barn som kompetent og ressurssterkt, nysgjerrig og utforskande frå fødsel av. Barn er små menneske i utvikling, og er avhengige av å få vera aktivt deltakande i sin eigen kvardag.
Det handlar om å ta seg tid, gi barna rom til leik og utvikling, sjå og lytta til barna sine ressursar, vera mottakeleg for barna sine interesser, behov og innspel i aktivitetar, planlegging og vurdering.
Lyttande pedagogikk handlar om gjensidig respekt, omsorg og dialog – dette er viktig og avgjerande for barnet si sosiale utvikling. Den vaksne si rolla er å møta barna og ta utgangspunkt i deira ståstad og forståing, vera sensitiv, undrande, rettleiande og opptre som støttande stillas for kvart einskild barn når dei søkjer ny kunnskap og erfaringar.
«Å lytta» handlar om å vera open, sensitiv – men rettleiande, og ha evne til å kommunisera. Det betyr observante vaksne som er aktivt lyttande og reflekterande, og som samhandlar med barna på deira nivå og initiativ.
Barnehagen si viktigaste oppgåva er å skapa eit godt læringsmiljø som fremmer, støtter og verner om leik, samspel og læring for alle barn, både fysisk og pedagogisk.
(Lyttande pedagogikk» er henta frå Reggio Emilia sin pedagogiske filosofi utvikla tidleg på 60-talet av den italienske pedagogen Loris Malaguzzi. Reggio Emilia har i større eller mindre grad inspirert barnehagar over heile verda.)
3.1.2 Trygghetssirkelen
Trygghetssirkelen byggjer på mange års forskning omkring barn si utvikling og korleis balansen mellom behovet for tryggleik, trøyst, omsorg, bekrefting på den eine sida, og behovet for utforsking av verda/omverda på den andre sida er. Eit barn som har ei trygg tilknytning i bunn og vaksne som er sensitive og imøtekomande på barnet sine behov, utforskar omgjevnadene, men søkjer attende til den «trygge basen»/dei nære tilknytningspersonane når dei treng påfyll og nærleik.
I tilvenningstida i barnehagen, ser ein ofte at barna gjerne sit på fanget til mor eller far den første stunda dei er der. Etter kvart byrjar barnet meir og meir å utforska, men sjekker stadig og ser seg rundt etter blikket/bekrefting hos mor eller far. Dette er eit tryggleiksteikn, og viser at barnet har ei nær tilknyting, men at behovet for å utforska og er til stades.
I barnehagen vert dei vaksne etter kvart nære tilknytningspersonar for barna. Dei vaksne skal vera tilstades for barna, sjå barna der dei er, møta dei og vera sensitiv på barna sine behov og la barna få ei oppleving av at «eg er viktig og verdifull for den eg er, ikkje for det eg gjer/presterer». Kvalitet i relasjonane mellom barnet og omsorgspersonane er viktig for barnet si utvikling og oppleving av seg sjølv. Med kvalitet hos tilknytningspersonane snakkar me om personar som er varme, tilgjengelege, responsive, lydhøyre og sensitive for barna sine reaksjonar og behov. Vert barna møtt på ein slik måte, legg dette eit godt grunnlag for vidare utvikling hos barnet, både sosialt, emosjonelt, kognitivt og personleg.
Ein god tilknytningsperson er fysisk og mentalt tilgjengeleg, viser oppriktig interesse for barnet og barnet sine kjensler, aktivitetar, opplevingar og tankar.
Å være ein god vaksen vil seie at ein støttar barnet i alle situasjonar, ein toner seg inn på barnet, ser barnet sitt perspektiv og forstår årsaka til barnet si handling.
3.1.3 Leikbasert læring
Leikbasert læring er ein kombinasjon av sjølvvalt leik og leikbaserte læringsaktivitetar tilrettelagt av vaksne.
Kjerneområde: sosial kompetanse, språk, sjølvregulering og matematikk
Forskingsbasert studie om læring i barnehage
I tillegg til at personalet er aktivt tilstades og støtter barna i leik nyttar me leikbasert læring på alle gruppene, frå 1-6 år, tilpassa barna og deira utvikling. Personalet legg tilrette for aktivitetar innanfor barnet si næraste utviklingssona.
3.1.4 Prosjekt
Gjennom arbeid med prosjekt vil me ivareta barna sin rett til medverknad.
Me ser barn som kompetente. Heilt frå fødselen av har barn lyst til og evne til å læra. Barn lærer både åleine og i samspel med andre barn og vaksne. Vår rolle som pedagogar er å setta rammer og rettleia barn i deira utforsking, læring og meistring.
Barn fordjupar seg i ulike saker heile tida – når dei gløymer seg i leik, undersøker ein maur, testar kor fort dei klarar å springa, lærer seg alt om dinosaurar eller ler kvar gong dei ser ein sau. Prosjektarbeid er ein arbeidsmetode som tar utgangspunkt i dette engasjementet og fascinasjonen.
Den primære arbeidsmåten i Veisane barnehage er prosjekt. I prosjektarbeidet tar me barna sine verbale og nonverbale uttrykk på alvor. Det er deira nysgjerrighet og vitebegjær som er drivkrafta i vår pedagogiske verksemd og er styrande for både tema og retning prosjektet tar. Gjennom å få fordjupa seg i noko barna er opptatt av, får barnet djupare kunnskap og innsikt i saka.
Personale i barnehagen skal syta for mangfald av opplevingar. Barn tilnærmar seg læring med heile kroppen, via alle sansane. Prosjektarbeida skal difor å utfordra og engasjera alle sansene og heile kroppen.
Prosjektarbeidet har som forutsetning at det er likeverdig forhold mellom barn og vaksne. Barn og vaksne går saman inn i eit prosjekt for å finna ut meir om det som dei er opptatt av. Begge partar er aktive i prosessen – jobbar aktivt for felles læring og meistring. Læring pågår på barn sine premisser.
Prosjektarbeida skal dokumenterast og vurderast undervegs. Ved hjelp av pedagogisk dokumentasjon skal me, i lag med barna, vurdera prosjekta. Planlegging er ikkje lineært – der oppnåing av eit mål avsluttar prosjektet – men sirkulært. Med utgangspunkt i evalueringa førebur me oss til neste del av prosjektet, så gjennomfører me det, vurderer og planlegger vidare.
3.1.5 Pedagogisk dokumentasjon
Pedagogisk dokumentasjon og gjenkalling skal medverka til forandring, progresjon og fordjuping ved at observasjonar vert dokumentert og delt med andre, både barn, foreldre og personale, slik at det vert mogeleg å reflektera og ha ein samtale om det ein ser, gjer, opplever…
Refleksjonane kan føra til ny erkjenning, tolking eller spor som medverkar til at personalet tar val på vegne av eller saman med barna. Dette skal skje i kontinuerlige prosessar der progresjon vert til i fellesskap, og det er ein føresetnad at hele personalet deltek.
Observasjon skal sjåast i samanheng med planlegging, organisering og gjennomføring.
Vurderingar knytt til val av tilnærmingsmåtar og metodar skal vera basert på felles verdiar for barnehagen, og Veisane barnehage.
Å dokumentera og gjenkalle barna sin kvardag, læring og utvikling er viktig. Ved å fanga små og store øyeblikk, har me eit godt grunnlag for å tenka gjennom og reflektera over kva dette fortel oss om kvart barn som individ, barnegruppa og om oss vaksne. Personalet i Veisane barnehage legg vekt på eit medvite og etisk perspektiv i høve til kva me dokumenterer og kvifor, korleis me skal bruka materialet til å forbetra praksisen i barnehagen til det beste for kvart einskild barn og deira føresette.
Arbeidsprosessar og barna si utvikling vert dokumentert for barna, føresette og personalet gjennom foto, tekstskaping, framvisingar, utstillingar og praksisforteljingar.
3.1.6 Fagområda
I Rammeplanen for barnehagen er det sju fagområde. Desse fagområda skal ikkje sjåast på kvar for seg, men inngå som ein naturleg del av barnehagekvardagen, og gjennomsyre det pedagogiske innhaldet. Fagområda dekker eit stort læringsfelt og dei opptrer i samspel med kvarandre. Det er personalet sitt ansvar å sørgje for at fagområda vert trekt inn i naturlige samanhengar i barna sin kvardag, at ein skaper undring og lyst til å utforska, at ein lyttar til barna sine uttrykk og interesser og legg tilrette for progresjon for kvart enkelt barn og barnegruppa.
I Veisane barnehage har me valt prosjekt som arbeidsmåte, og arbeider etter initiativ frå barna og dei interessene me observerer hjå dei gjennom året. Prosjekt som arbeidsform gir oss moglegheit til å møte barna der dei er, gjere individuelle tilpassningar og skape ein naturleg progresjon i barna si læring og utvikling. Fagområda og Rammeplanen i sin heilskap, vert trekt naturleg inn i kvardagen under arbeid med prosjekt.
Dei sju fagområda:
- Kommunikasjon, språk og tekst
- Kropp, rørsle, mat og helse
- Kunst, kultur og kreativitet
- Natur, miljø og teknologi
- Mengd, rom og form
- Etikk, religion og filosofi
- Nærmiljø og samfunn
3.1.7 Barnehagen sitt særpreg
Veisane barnehage har tilgang til flott natur, og har i samarbeid med foreldra våren 2017 bestemt at natur og friluftsliv skal prega barnehagen. Me vil gjennom bruk av naturen bidra til at barna kan forstå at handlingar i dag har konsekvensar for framtida. Barnehagen har ei viktig oppgåve i å fremja verdiar og haldingar som vil verna om naturressursane, bevara det biologiske mangfaldet og bidra til bærekraftig utvikling. Barnehagen nyttar og naturen og friluftsliv som ein viktig arena for å bygga og ivareta ei god helse. Natur og friluftsliv er arena for dagleg fysisk aktivitet og skal stimulera rørslegleda og den motoriske utviklinga til barna.
Teikn på god praksis
- Barna er nysgjerrige på naturvitskaplege fenomen
- Barna trives i og føler tilhøyrigheit til naturen
- Barna nyttar naturen som ressurs og samstundes ta vare på den
- Barna lærer å orientera seg, ta vare på seg sjølve, kvarandre og naturen
- Barna får innsikt i økosystemet, matproduksjon og vegen frå produksjon til måltid
- Barna nyttar teknologi og reiskapar
- Barna har kunnskap om naturressursane og det biologiske mangfaldet og bidra til berekraftig utvikling
- Barna undrar seg, filosofere og finner ut av korleis ting heng saman
- Barna har fokus på eigen og andre sin progresjon med mål om å dela kunnskap, støtta og hjelpa kvarandre
- Barna har erfaringar med å orientere i naturen til ulike årstider
- Barna er fysisk aktive og viser glede over aktiv deltaking i natur og friluftsliv
3.1.8 Språkstimulering og bøker som tema
Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Fokuset vårt vil ikkje vera på bokstavinnlæring, men på språkopplæring og språkutvikling. Erfaringar og opplevingar, samtalar og uttrykk er viktig for å utvikla eit godt språk, både verbalt og kroppsleg.
Me legg vekt på å organisera rom, tid og leikemateriell som kan inspirera til samtalar, ulike typar leik, inkludert språkleik, og vil bidra til at barna får felles opplevingar og erfaringar som grunnlag for leik. Me har difor valt å jobba med «bøker» som tema på alle gruppene. Me tar utgangspunkt i barnebøker som kan inspirera til leik, kommunikasjon og samspel. Nye barn som skal byrja i barnehagen får boka som vert nytta på den gruppa barnet skal begynna. På den måten kan me sikra at barna møter noko dei kjenner når dei byrjar i barnehagen, me har noko meir og snakka om, og barna har felles leiketema.
Barna får verta godt kjent med historiane og rollefigurane gjennom høgtlesing, dramatisering og andre formidlingsmåtar. Læringsmiljøet vert bygd opp slik at det kan inspirera til leik og samspel, det vil vera tilgjengeleg leikemateriell slik at barna får prøva ut ulike roller. Formingsmateriell skal og vera tilgjengeleg slik at barna kan nytta fantasien og kreativiteten til å skapa magi både i leiken, rommet og gjennom formidling og utvikling av historia gjennom bilde, teikning og tekst. Saman med barna kan ideane veksa fram og bygga opp om barna sin leik, fantasi og kreativitet. Personalet er sensitive og hjelper barna med å utvida leiken, og knyter fagområda til temaet.
Utgangspunktet for læring er godt når barna får oppleva heilskap og samanheng i det me gjer. Litteratur og tema for gruppene er difor eit gjennomgåande heile året, og noko barna finn igjen i det fysiske miljøet.
3.1.9 Den digitale praksisen til barnehagen
Den digitale praksisen til barnehagen skal bidra til leik, kreativitet og læring. Bruk av digitale verktøy i det pedagogiske arbeidet skal støtta opp om barna sine læringsprosessar og bidra til å fylgja opp rammeplanen sine føringar for eit rikt og allsidig læringsmiljø for alle barn. I samband med bruk av digitale verktøy legg me stor vekt på koding tilpassa for barna på dei ulike gruppene, og at personalet er aktive saman med barna. Samtidig skal digitale verktøy brukast med omhu og ikkje dominera som arbeidsmåte.
Barnehagen skal utøva digital dømmekraft og bidra til at barna utviklar ei gryande etisk forståing knytt til digitale medium.
Teikn på god praksis:
- Me utøver digital dømmekraft når det gjeld informasjonssøk, ha eit bevisst forhold til opphavsrett, kjeldekritikk og verne om personvernet til barna
- Me legge til rette for at barn utforskar, leiker, lærer og skapar noko gjennom digitale uttrykksformer
- Me vurdere om mediebruken er relevant og eigna
- Me utforske kreativt og skapande bruk av digitale verktøy saman med barna
- Me henter inn samtykke frå barn og foreldre før me bruker bilder av barn
Digitale verktøy i Veisane barnehage:
Ipad, data, smarttelefon, Blue-Bot robot, Lego Education og Brio Smart tech
Saman med barna utforskar me ulike digitale verkty der målet er å få læra, erfara og få kjennskap til ulike oppgåver, emne og tema. Det er viktig med bevisst bruk av digitale verkty, og gode refleksjonar rundt kva som er den pedagogiske grunnen til at ein nyttar Ipad, smarttelefon eller datamaskin saman med barna. Barn i dagens samfunn er storforbrukarar av teknologi. Det å læra koding/programmering kan vera med på å bygga opp barna sin kritiske sans og digitale dømmekraft. Noko som stadig er viktigare med tanke på spel, appar, nettsider og program mange barn nyttar.
Koding, eller programmering, er dei språka som lar oss kommunisera med datamaskiner, der me skriv algoritmer for å få datamaskina til å gjera det me vil.
Koding handlar om å endra perspektiv frå konsument til produsent-rolle.
Stadig fleire fremtidige yrker vil krevja utdanningsretningar og arbeidstakarar som kan programmera appar, spel, nettsider, programmer, maskiner og andre typar teknologi.
Koding, eller programmering, er difor vårt satsingsområde for alle aldersgrupper. På småbarnsavdelinga startar dei med å koda mønster etter instruksjonskort til duplo eller andre klossar. Dei har og togbane der barna, gjerne med støtte av personalet, kan plassere fleire farga funksjonsklossar forskjellige plassar langs skinnegangen for å få toget til å tuta, slå på og av lysene, stoppa for å fylle drivstoff, endra kjøreretning og stoppe heilt.
På mellom avdelinga og Kreativ har dei mellom anna Blue-Bot robot med bluetoot, ulike brettspel, Lego Education og Brio Smart tech. Togbanen Brio Smart tech er ein togbane der ein kodar kvar ein ynskjer toget skal køyra. Ved hjelp av ein app kan barna kode togreisen. Ein byrjar med å byggje togbanen etter bruksanvisning, ein lærer korleis ein byggjer etter å fylgje instruks ved hjelp av bilete og tekst. På togbanen plasserer ein ulike fargebrikker/kodar som har ulike funksjonar. Mellom anna at toget stoppar, lagar lyd, byter retning mm. Ein byggjer ulike endestasjonar der ein kan kode kvar toget skal stoppe. Å tilrettelegge for leik og aktivitet med Brio Smart tech er noko som vil gje barna erfaring kring koding og logistikk. Det er spennande å utforske dei ulike eigenskapane til togbanen, ein lærer etterkvart som ein prøver seg fram. Ved slike aktivitetar oppmodar ein til samarbeid, skaparglede og glede ved meistring.
3.2 Tilvenning
Ein god start i barnehagen
Når eit barn kjem til barnehagen for første gong, har dei fleste med seg mykje gode opplevingar, tryggleik og nære relasjonar frå det første året/åra heime hos primær omsorgspersonane sine. Desse tidlege erfaringane med dei næraste omsorgspersonane legg grunnlaget for ei god vidare utvikling hos barna. I barnehagen vert barna kjende med nye omsorgspersonar, nye barn og andre typar relasjonar enn kva dei er vane med hos mor eller far. Dei vaksne i barnehagen vert sekundære tilknytingspersonar for barna. Den nye kvardagen i barnehagen skal støtta opp om barna si trong til utforsking og lyst til å leika og læra, samstundes som behovet for tryggleik og nære relasjonar skal verta tatt i vare. Alle barn har eit grunnleggjande behov for beskytting, trøyst, kos og omsorg, men dei har òg eit behov for å utforska nye ting, læra og meistra på sitt nivå og innanfor den næraste utviklingssona.
Når eit barn byrjar i barnehagen og vert skilt frå den primære omsorgspersonen sin, mor eller far, er det ulikt frå barn til barn korleis dei reagerer. Dei fleste gret og protesterer når mor eller far skal gå. Dette er eit teikn på tryggleik, og ofte er det verre for mor eller far enn kva det er for barnet sjølv. Men barnet skal verta møtt med ei forståing og bekrefting på at det no er lei seg fordi mamma reiste, dei vaksne i barnehagen skal møte barna der dei er, og ikkje avleie barnet over på noko anna med ein gong. Barnet skal få kjenne på kjensla av å vera frustrert, sint eller lei seg, men oppleva seg ivaretatt og trøysta av dei vaksne i barnehagen.
Når eit barn byrjar i barnehagen, og vert skilt frå dei næraste omsorgspersonane sine, ser me ofte at kjente gjenstandar kan vera med å gi tryggleik for barnet. Dersom barnet har ein koseklut, smokk, bamse eller noko anna det er ekstra glad i, er det ein god idè å la barnet få med seg dette i barnehagen. Dette vert eit slags «overgangsobjekt» og eit bindeledd mellom heim og barnehage, og overgangsobjektet kan gi assosiasjonar til dei næraste omsorgspersonane. Kva barnet brukar som overgangsobjekt kan variera, nokon suttar meir på tommelen, andre har ein klut med ei kjend lukt på, og andre søkjer tryggleik i smokken når dei er lei seg og kjenner på saknet etter mor eller far.
3.3 Progresjon
Personalet tilpassar aktiviteten til barnet sin ståstad og kompetanse, barna vert sett i «passeleg ubalanse», og personalet har fokus på det barnet lærer nett no og på barnet sin progresjon – ikkje på det barnet gjer, om barnet er flink, raskast osv. Barna er aktivt med å reflekterer rundt aktiviteten/oppdraget og gir kvarandre tilbakemelding. Både ros og kritisk tenking rundt oppdraget vert tatt på alvor av personalet. Føresetnadane vert gjort kjent for barna, og personale gir barna tilbakemelding på målet, progresjon og kva som er neste steg. Dette skaper eit trygt miljø for barna der dei kan by på seg sjølv og bidra for andre.
Progresjon vil sei at me har fokus på barna sine framsteg, ikkje resultat. Barna skal aktivt medverka i eigen kvardag, personalet skal lytta til barna og legga opp til leik og læring ut frå barna sine interesser og ståstad. Det er dei vaksne som setter kulturen – den skal gi barna utfordringar, og alle feil skal sjåast som interessante. Når oppgåvene er lette å løysa er barnet klart for meir interessante oppgåver – me unngår å bruka ordet «vanskelig/vanskelegare»
Poenget er ikkje å gjera alt rett, poenget er å læra meir, vera i «passeleg ubalanse», læra å lika utfordringar – sjå på utfordringar som interessante og skapa lyst til å forska på dei, og finna løysingar. Målet er å få barna til å ønska det som er interessant, ikkje det som er lett.
I Veisane barnehage skal det ikkje vera ein konkurranse om å vera best – alle kan ikkje vinna eller bli best. Vårt fokus er progresjon, på den måten kan alle oppnå suverene resultat…
Oppgåva til dei vaksne er å syta for at alle barna lukkast, det vil sei at alle barna lærer: å jobba hardt, å lika utfordringar, å ha eit filosofisk blikk …undra seg, finna ut av korleis ting heng saman, korleis ein løyser oppgåva, korleis ein utvikler seg (korleis ein blir god i dataspel, korleis ein blir god til å bygga lego, osv.), samarbeid, jobba i grupper, dela, spørja og læra kvarandre
Progresjon handlar ikkje om å ha ein plan for opplevingar, men å synleggjera barna si utvikling – pedagogisk dokumentasjon. Barna skal få tilbakemeldingar som gir dei lyst til å læra og finna ut meir.
Når barna sitt arbeid vert utstilt er det ikkje for å dekorera i barnehagen eller visa at me har gjennomført planar. Målet er å synleggjera utvikling
Teikn på god praksis:
- Barna har fokus på eigen og andre sin progresjon med mål om å dela kunnskap, støtta og hjelpa kvarandre
- Me lytter til barna og foreldre, reflekterer saman og samarbeider om korleis me kan sikra at alle barna får god bagasje på livsreisa, og utvika den beste utgåva av seg sjølv
- Me gjera kriteria kjent for barna, føresetnadane for å lukkast
- Me gi tilbakemelding til barna
- Me legg tilrette for at barna kan gi tilbakemeldingar, hjelpa og rettleia kvarandre
- Me set fokus på det barnet har mestra før me setter fokus på utviklingsområda
- Me roser handling, ikkje person – barna skal kunna gjera dumme ting utan å ha eit bilde av å vera ein dum person
- Me har fokus på likestilling og inkludering og har ei medviten haldning til kva tilbakemeldingar ein gir til gutar og jenter
- Me gir tilbakemeldingar som gir barna lyst til å læra og finna ut meir
Tilbakemelding for refleksjon skal innehalda desse tre spørsmåla:
- Kva prøver eg å oppnå?
- Kva framgang har eg så langt?
- Kva er det neste eg skal gjera?
3.4 Barns medverknad
Ved hjelp av barnehagen sin pedagogiske plattform vil me sikra barn sin rett til medverknad
Viktige dimensjonar:
- Personalet sine haldningar og handlingar – barnesyn (menneskesyn), og læringssyn
- Visjonar og verdiar
- Personalet sin kompetanse, evne og vilje til å gjennomføra systematisk arbeid med formelle og uformelle barnesamtalar, observasjon og kartlegging – og analysera, tolka og bruka innsamla materiale for planlegging av det pedagogiske innhaldet for enkeltbarn og barnegruppa
Barna skal delta og påverka eigen kvardag ut frå alder og modning
- Alle barn skal kunne erfare å få påverke det som skjer i barnehagen – Å medvirka er ikkje det samme som å bestemma, eller gjera som dei vil
- Barna skal ikkje få meir ansvar enn dei er rusta til å ta.
- Personalet skal observera, lytta til og ta omsyn til det barna formidlar og følgja opp dei ulike uttrykka og behova til alle barn
3.5 Barnehagemiljø
Veisane barnehage har nulltoleranse mot mobbing og personalet jobber systematisk for å sikra alle barn eit trygt og godt læringsmiljø utan mobbing og anna krenking. Arbeidet byggjer på:
- FN`s Barnekonvensjon
- Norsk grunnlov
- Barnehagelova
- Rammeplan for barnehage 2017
- Barn sin trivsel – vaksne sitt ansvar, Utdanningsdirekotratet 2012
- Læringsmiljøprosjektet, barnehagepilot 2017-2019
- Målsettingar i kommunen sin budsjettplan
- Målsettingar i kommunen sin oppvekstplan
Barnehagemiljø og krenking
Barnehagen har nulltoleranse mot mobbing, og har læringsmiljø utan mobbing og andre krenkingar som visjon.
Barna i barnehagen skal kjenna seg trygge og godt ivaretekne, slik at utgangspunktet for læring og meistring er det beste. Kvaliteten på samspelet mellom vaksne og barn har mykje å seie for korleis barnet oppfattar seg sjølv. Dei vaksne er etiske rollemodellar for barna og skal vidareformidla verdigrunnlaget til barnehagen og rammeplan for barnehagen.
Barna skal oppleva at dei vert møtt med glede, respekt og toleranse. Barnehagen skal bidra til at alle barn føler at dei blir sett og anerkjent for den dei er, og synleggjera den enkelte sin plass og verdi i fellesskapet.
Personalet skal bidra til at barna trives og opplever livsglede, meistring og kjensle av eigenverdi, og førebyggje krenkingar og mobbing.
Om eit barn opplever å bli krenka eller mobba, må personalet handtere det, stoppa det og følgje det opp.
Barna skal møta vaksne, pedagogar og andre, som er tilgjengelege, sensitive og rammer barna inn med tydelege grenser som rettleier og støtter barna i det sosiale fellesskapet. Det vil sei at pedagogar og andre lytter til det barna formidler, og møter alle barn med innleving og varme kombinert med tydelige grenser. På den måten får barna støtte til utvikling av sin sosiale kompetanse; kunnskap, ferdigheter og haldingar som gjer det mogeleg å etablera og vedlikehalda sosiale relasjonar.
Sosialt kompetente barn kan uttrykka sine ønsker og behov, og hevda sine meningar på en tydeleg måte. Difor bidreg sosial kompetanse til meistring av viktige utviklingsoppgåver på ulike alderstrinn, samstundes som barna vert rusta til å meistra utfordringar seinare i livet. Etter kvart som barn aukar sin kompetanse vert dei betre i stand til å forstå og tilpassa seg sine omgivelser, og dyktigare til å påverka andre slik at dei får dekka sine sosiale behov.
Korleis oppdaga at barn ikkje har det bra?
- Gjennom å snakka med barna, jamlege samtalar
- Systematisk observasjon
- Forventingar, ord og begrep er kjent for barn og vaksne – ein del av barnehagekvardagen
- Dei tilsette ser noko eller fanger opp noko i samtalar med andre barn
- Foreldre som tar kontakt fordi dei melder frå om det har skjedd noko i barnehagen.
- Barnet fortel om mistrivsel
- Endringar i åtferd hjå barn, eller endringar i gruppe- eller barnehagemiljøet.
- Nokon barn vert stille og trekke seg tilbake i leik eller deltar ikkje i leik og aktivitetar, medan andre trer tydeleg fram og gir beskjed når ting blir vanskeleg
- Endringar i gruppa kan vere meir bråk og uro, endringar sosialt og kva barn som leikar saman
- Årleg spørjeundersøking, foreldreundersøkinga
- Skjema og spørsmål for å kartlegga det sosiale samspelet
Sosial kompetanse
Grep om begrepa som kan vere nyttige i personalet sin refleksjon over sosial kompetanse
Sjølvkjensle: å oppleva eigeverd, akseptera seg sjølv, kjenna seg akseptert, oppleva indre styrke og ha ei positiv haldning til seg sjølv
Empati: å ha forståing for perspektiva, tankane og kjenslene til andre, kunna leva seg inn i andre sin situasjon, visa medkjensle og ta omsyn og kunna tolka og forstå kjensleuttrykk
Prososial åtferd: å ha positive, sosiale haldningar og kunna utføra handlingar som oppmuntra, bry seg om, visa omsorg, hjelpe til og dela med andre
Sjølvhevding: å kunna hevda seg sjølv og eigne meiningar på ein god måte, våga å stå imot gruppepress, ta initiativ og bli med på leik og samtalar som allereie er i gang, delta uoppfordra og invitera andre
Sjølvkontroll: å kunne tilpasse seg ulike situasjonar, takla konfliktar og utsetja eigne behov og ønske i situasjonar som krev turtaking, kompromiss og felles avgjerder
(Barn sin trivsel – Vaksne sitt ansvar, Utdanningsdirektoratet 2012)
Vaksenrolla
Det handlar om barnesyn, og å kunna forstå følelsar
Det handlar om dei vaksne sine haldningar og handlingar!
Sentralt tema: synet på barns åtferd!
Vaksne skal ta avgjersler på bakgrunn av det barnet formidlar
Anerkjennande kommunikasjon er ikkje ein teknikk, det er haldning
Vaksne si definisjonsmakt er avgjerande for utvikling av barnet sitt sjølvbilete
Merk: begrepa mobbar og mobbeoffer er definerande og skal ikkje nyttast
Barna sitt heimemiljø påverkar barna, det same gjer barnehagemiljøet
Familien danner grunnfjellet i barna sin sjølvforståing og utvikling av sjølvbilde
Tilgjenglege og sensitive vaksne som vil det beste for barna, eit pedagogisk verktøy
- det er ikkje nok å vera tilstades
Ved at dei vaksne anstrenger seg for å leva seg inn i barna sine frustrasjonar, ønskjer, behov og utfordringar og viser dei omsorg, vil barna kjenna at dei vert møtt og høyrt. Dei vaksne støtter og opp under barna sin autonomi (medverknad og handlefridom). Dette dannar eit godt grunnlag for relasjonsbygging med barnet. På den måten vil barna vera meir mottakelege for rettleiing og tydelege grenser frå aktive vaksne.
Dei vaksne må vera tydelege på at åtferd som går ut over andre på ein negativ måte ikkje er akseptert, slik handling skal stoppast der og då. Barn som mobber andre barn skal ikkje verta avvist og fordømt. Dei vaksne skal undersøkja kva som ligg bak handlinga, og rettleia og støtta barna slik at dei lukkast i det sosiale samspelet og opplever glede og mestring.
Det barnet som blir utsett for erting eller plaging, har ikkje skulda for det, og det barnet som blir utestengt frå leik eller utsett for krenkjande åtferd, har heller ikkje ansvaret for det som skjer. Det er alltid dei tilsette sitt ansvar å handtere slike problem i barnehagen. (Barn sin trivsel – vaksne sitt ansvar, Utdanningsdirektoratet 2012)
Trygge vaksne skaper trivsel. Det gjeld vaksne både heime og i barnehagen. Gode relasjonar og godt samarbeid mellom dei tilsette og foreldra er like viktig som gode relasjonar og godt samarbeid mellom dei tilsette i barnehagen. Når ein har gode rutinar for samarbeidet er det lettare å ta opp spørsmål som elles kan vera vanskelege.
Definisjon på mobbing
«Mobbing av barn er handlinger fra voksne og/eller barn som hindrer opplevelsen av å høre til, å være en betydningsfull person for fellesskapet og muligheten til medvirkning.» (Ingrid Lund m.fl. 2015)
Hensikt og mål
Alle tilsette er forplikta til å arbeida med å førebygga, avdekka og handtera mobbing i barnehagen.
I Veisane barnehage har alle tilsette handlingsplikt:
- Informasjonsplikt
- Undersøkingsplikt
- Plikt til å gripa inn
- Plikt til å driva førebyggande arbeid
Arbeidet mot mobbing skal sikra at alle barn i barnehagen har eit godt psykososialt miljø som er kunnskapsbasert på bakgrunn av at personalet systematisk undersøker, handtere og førebygge mobbing.
Arbeidet mot mobbing er eit kontinuerleg og systematisk arbeid. Det skal vera ein «raud tråd» i barnehagane sitt arbeid, og ikkje tiltak som vert gjort når det oppstår situasjonar. Det systematiske arbeidet skal vera innarbeidd, og det skal verta fylgt opp av alle tilsette. For å sikra dette må barnehagen sin pedagogiske plattform inkludert barnesyn (menneskesyn), arbeidsmåtar og system vera kjent for alle. Barnehagen sine leiarar har ansvar for at arbeidet vert planlagt, at det vert sett av tid til arbeidet i barnehagekvardagen og at det vert jobba systematisk. Barnehagen skal fremja positive haldningar og handlingar som motverkar mobbing, og arbeida for at dagens barnehagebarn ikkje skal oppleva å verta krenka eller sjølv krenka andre.
Kollektive mål
- Undersøka og analysera: I vår barnehage arbeider me kontinuerleg og systematisk med å undersøka og analysera barnehagemiljøet, og med å avdekka alle krenkingar.
- Handtera: I vår barnehage stoppar me krenking og fylgjer opp med lovlege og eigna tiltak heilt til barna opplever at dei har eit trygt og godt barnehagemiljø.
- Fremja miljø og førebygga mobbing og anna krenking: I vår barnehage arbeider me kontinuerleg og systematisk med å fremja eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, og med å førebygga krenking.
Individuelle mål
- Undersøka og analysera: Eg undersøke og analysere miljøet i min avdeling/gruppa kontinuerleg, og avdekke alle krenkingar.
- Handtera: Eg stopper krenking og fylgjer opp med lovlige og eigna tiltak, saman med kollegiet, til barna opplever at dei har eit trygt og godt miljø i avdeling/gruppa og barnehage.
- Fremja miljø og førebygga mobbing og anna krenking: Eg arbeider kontinuerleg med å fremja eit trygt og inkluderande miljø i min avdeling/gruppa og i barnehagen som heilskap, og med å førebygga
Sjå barnehagen sitt årshjul og årsplan for å sikra systematisk arbeid.
3.6 Vurdering
Veisane barnehage er ei pedagogisk verksemd som skal planleggjast og vurderast. Både barn og foreldre har rett til medverknad i desse prosessane.
Eit aktivt og systematisk vurderingsarbeid, der det pedagogiske arbeidet vert beskrive, analysert og tolka ut i frå lov og rammeverk, gir personalet eit godt grunnlag for vidare planlegging og gjennomføring. Rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver legg vekt på at faglege og etiske problemstillingar skal inngå i vurderingsarbeidet. Barna sine erfaringar og synspunkt inngår som ein viktig del av vurderingsarbeidet. Målet med vurderingsarbeidet er å utvikla og forbetra barnehagen sin praksis til det beste for enkeltbarn og barnegruppa til ei kvar tid, og «…å sikra at alle barn får eit tilbod i tråd med barnehageloven og rammeplanen.» (KD 2017: 25)
Foreldre har høve til medverknad og vurdering gjennom:
- Dagleg kommunikasjon
- Aktiv deltaking, refleksjon og drøfting på foreldremøta
- Innspel til foreldreråd og samarbeidsutval
- Udir si brukarundersøking
Barnehagen skal innan august månad kvart år bygga opp barnehagen sin årsplan basert på vurdering av barnehagen sine mål, innhald, oppgåver og kvalitet ut i frå innspela frå dei ulike gruppene som deltek i vurderingsprosessen.
Intern vurdering:
- Utviklingsområde: barnehagemiljø og systematisk arbeid for å førebygga og handtera mobbing og anna krenking
- Arbeidsmåtar
- Særpreg, natur og friluftsliv
Deltakarar: Barn, føresette og personale
I tillegg til dette vert det gjennomført ekstern vurdering i samsvar med Hardanger/Voss kompetanseregion sin turnus.
Ansvar for vurderingsarbeidet:
- Arbeidet på avdelingane: pedagogiske leiarar
- Samla vurdering for barnehagen: styrar
4. Overgangar
I rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver vert det blant anna lagt stor vekt på overgangar. Dei største overgangane vil for dei fleste barna vera frå heim til barnehage, og frå barnehage til skule. Desse skal sikrast godt, og barna sitt beste skal alltid vera i fokus i desse prosessane. Andre overgangar for barna er overgangen mellom avdelingane, dette er også viktige overganar som krev tilpassing for kvart enkeltbarn og barnegruppa.
4.1 Heim/barnehage
Ein god start i Veisane barnehage
Når eit barn kjem til barnehagen for første gong, har dei fleste med seg mykje gode opplevingar, tryggleik og nære relasjonar frå det første året/åra heime hos primærpersonanesine (foreldra/føresette). Desse tidlege erfaringane med dei næraste omsorgspersonane legg grunnlaget for vidare utvikling hos barna.
Når barnet byrjar i barnehagen skal det verta kjende med nye omsorgspersonar og andre barn og utvikla andre typar relasjonar enn kva dei er vane med i forhold til foreldra/føresette. Personalet i barnehagen legg stor vekt på at barna skal få ei god tilvenning og god tilknyting i Veisane barnehage.
I tilvenningsfasen ser me ofte at gjenstandar kan vera med å gjera overgangen tryggare for barna. Dersom barnet dykkar har ein koseklut, smokk, bamse eller noko anna det er ekstra glad i, er det ein god idè å la barnet ha med dette i barnehagen.
I tillegg til tradisjonelle «overgangsobjekt» som smokk, koseklut eller bamse, ynskjer me at barna skal møte noko kjent når dei kjem i barnehage og ikkje berre vera «saman» med andre vaksne og barn. Me ønskjer å vera saman om noko felles – noko barnet kjenner frå før. Eit «felles tredje» som vert som eit bindeledd mellom heim og barnehage. Me ser ofte at barn møter tryggleik når dei møter noko dei er vane med heimefrå, i barnehagen. For eksempel dersom dei er vane med å synge «vesle Petter edderkopp» med mamma eller pappa heime, vil det bringe tryggleik og gode kjensler for barnet og møte den same songen i barnehagen. For dei yngste barna tar me utgangspunkt i den aller fyrste Babblarna boka, Hallooooo Babblarna”, og gir denne boka til barna når me kjem på heimebesøk før barnet byrjar i barnehagen. Barna vil finna den same boka og figurane i boka i barnehagen.
Babblarne-serien er laga for å gi bedre språkutvikling hjå barn.
Babblarna vekke nysgjerrighet og lyst til å læra, og gir ein god start til å utvikla språket. Ved å babbla og leika trene me aktivt på språklydar, språkmelodi, begrep og grammatikk
Babblarne-serien er produsert i samarbeid med Iréne Johansson som er Karlstadmodellens grunnleggar / Hatten forlag. Oversatt av Statped med støtte frå Extrastiftelsen.
I barnehagen vil barna møta Babblarna, dei same elementa som i boka, og den same historia. Me ynskjer at barna skal kjenne tryggleik ved å møta noko kjent, i tillegg til å få ei god tilvenningstid prega av omsorg, tryggleik, individuelle behov og tid.
Boka og Babblarna vil vera med oss på småbarnsavdelinga – Eplegruppa, på ulike måtar, det vert vårt prosjekt gjennom heile barnehageåret.
Me ynskjer at de som foreldre er aktive i tida før tilvenninga, og introduserer denne boka for barna. Gjennom å lesa boka saman med barna, la barna få kikke i den, kjenna på, studera og leika med boka, vert barnet kjent med innhaldet – og vil møta det same, som då er kjent når det startar i barnehagen. Me ynskjer at barna skal få ein barnehagestart prega av kjente element rundt seg, i ein elles ny og ukjent verden. Desse elementa kan skapa tryggleik for barna, og vert eit bindeledd og noko felles mellom foreldre, oss som personale og barna på avdelinga.
På same måte møter me eldre barn som begynner i barnehagen for første gong enten dei begynner på Pæregruppa som 3, 4 eller 5 åring, eller på Kreativ som er gruppenamnet til dei eldste barna/skulestartarane. Alle gruppene har bøker tilpassa barna sin alder og utvikling som bindeledd mellom heimen og barnehagen.
4.2 Overgangar internt i barnehagen
Overgang mellom avdelingane; frå småbarnsavdeling til mellomavdeling, og frå mellomavdeling til stor avdeling. Dette kan vera ein stor overgang for barnet, og det er viktig at barnehagen har rutinar for å sikra optimal og trygg overgang for alle barn.
Før sjølve overflyttinga, er det ein lang prosess der barnehagen legg til rette for at barna gradvis vert kjende med det nye miljøet, dei vaksne og rutinane på ny avdeling. Det er viktig å sikra at barna får bygga relasjon til dei vaksne på den nye avdelinga. Personalet gir rom for at barna kan besøka ny avdeling for å utforska det fysiske miljøet, leiker og ulike leikearena. I byrjinga er dette lurt å gjera medan barna på avdelinga er ute. Det er ofte spennande for barna å besøka den nye avdelinga. Dei vaksne har ei viktig rolle når det gjeld å gjera opplevinga spennande og interessant, og ufarleggjera situasjonen slik at barna får positive opplevingar. Barna sin medverknad skal vera i fokus, og barna er sjølve med på å bestemma om dei vil på besøk, og kor lenge dei vil vera der før dei returnerer til eigen avdeling.
Etter kvart vert samarbeidet og rutinane for overgang til ny avdeling meir strukturert og planlagt. Frå april/mai månad vert det organisert eit samarbeid mellom avdelingane – Eple og Prære (små), og Pære og Kreativ (stor). Dei pedagogiske leiarane samanfattar ein plan for det vidare samarbeidet fram til sjølve overflyttingsdagen i august og informerer barn og foreldre.
4.3 Frå barnehage til skulen
4.3.1 Førskulegruppa – Kreativ
Førskulegruppa/skulestartarane har base på rommet “Kreativ” og vil vera i lag kvar dag. Det vert lagt stor vekt på skuleførebuande aktivitetar gjennom leik, læring og utvikling i kvardagsaktivitetar og ulike prosjekt som vert sett i gang både inne og ute. Det vert og symjeopplæring i bassenget ved Kinsarvik skule, bibliotekbesøk, leikegrupper, brettspel og høgtlesing med fortsetting.
Leikbasert læring er ein metode som skal nyttast og er ein kombinasjon av sjølvvalt leik og leikbaserte læringsaktivitetar tilrettelagt av vaksne.
Skrivedans vil vera ein gjennomgåande aktivitet. Mål: Gå frå frie rørsler til konkrete linjer. Virkemiddel: Leik, musikk, dans, fantasi og forming. Det handlar ikkje om innlæring av bokstavar, men om innlæring av førebuande rørsler til skriving. Rette linjer og runde former.
Hovudmålet for gruppa er å etablera god gruppekjensle, sosial tilhørigheit for barna, og gi barna dei beste føresetnadane for å meistra og oppleva god overgang til skulen. Sjølv om førskulegruppa kjem til å ha eigen base vert det samarbeid med resten av barnehagen – som felles samlingsstunder, turar og leik saman med barn frå andre grupper/basar
Samarbeid med skulen og SFO. Me vitjar Opedal skule minimum tre gongar der målet er at barna skal verta kjent med lokala, arbeidsmetoden «stasjonsundervisning», og verta kjent med lærarar og elevar. Barna får helsa spesielt på 4. klasse elevane som skal vera fadrar for barna når dei byrjar på skulen. I tillegg samarbeider me med Sekse barnehage med mål om at barna frå dei to barnehagane vert litt kjent med kvarandre før dei byrjar i same klasse ved Opedal skule.
4.3.2 Overføring av informasjon frå barnehagen til skulen
Ullensvang kommune har rutine for overføring av munnleg og skriftleg informasjon frå barnehagen til skulen. Overføring av informasjon skjer i samarbeid med foreldra, og spesialpedagog for barna som har vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Tema vert tatt opp i foreldresamtale før skulestart og foreldra gir skriftleg samtykke før barnehagen kan øverføra informasjon.
4.3.3 Avslutting i barnehagen
Kvar vår/sommar reiser Kreativ til Mikkelparken med barna som skal byrja på skulen. Barnehagen har og sommarfest for barn og foreldre på Kreativ der me takkar for tida i lag og det vert gjort litt ekstra stas på skulestartarane.
5. Samarbeid mellom heimen og barnehagen
Foreldra/føresette er viktige støttespelarar for barnehagen.
Når eit barn kjem til barnehagen for første gong, har dei fleste med seg mykje gode opplevingar, tryggleik og nære relasjonar frå det første året/åra heime hos primærpersonane sine. Desse tidlege erfaringane med dei næraste omsorgspersonane legg grunnlaget for vidare utvikling hjå barna.
Eit aktivt, godt og ope samarbeid er særs viktig. Foreldra/føresette skal oppleva at deira barn vert tatt godt vare på, og at barna skal ha ei så utviklande og god tid i barnehagen som mogleg. Det er viktig å ha ein open og god dialog mellom foreldra/føresette og personalet. For å oppnå dette legg me vekt på:
- God dialog ved levering og henting
- Foreldresamtalar, 2 gongar i året og elles ved behov
- Foreldremøte, 2 gongar i året og elles ved behov
- Foreldreråd, arbeidsutval og samarbeidsutval
- Pedagogisk plattform, årsplan, periodeplanar og rapportar
- Brukarundersøking – Foreldreundersøkelsen i barnehage, Udir.no
- Ulike arrangement som påskefrukost og sommarfest
5.1 Visma Flyt Barnehage
Visma Flyt Barnehage er eit system som barnehagen har tatt i bruk, mellom anna for å betra kommunikasjonen med føresette.
Ein får tilgang til systemet via internett, og brukarnamn og passord får foreldra/føresette frå barnehagen eller tilsendt på mail. Systemet fungerer godt på dei fleste nettlesarane.
Føresette vil via Visma Flyt Barnehage få tilgang til det barnehagen legg ut av open informasjon, samt informasjon om sitt eller sine barn dersom ein har fleire barn i barnehagen.
All informasjon frå barnehagen vil gå via Visma, det vil ikkje bli levert ut informasjon på papir. Det er derfor viktig å gå inn på Visma jamleg. Ved ekstra viktige beskjedar, vert det og sendt sms eller tatt kontakt på telefon.
Planar og dagbok/rapportar vert gitt ut på gruppenivå. Rapportane er ein del av den pedagogiske dokumentasjonen og vert nytta til refleksjon og vurdering for barn og personale, og vil vera ein del av grunnlaget for vurdering av vidare planar og arbeid.
Visma Flyt barnehage vert og nytta til å registrere fri, ferie eller fråvær på grunn av sjukdom for barna.
Dette skal ikkje erstatta den daglege kontakten ved levering og henting av barna, men er meint som eit supplement til dagleg kommunikasjon og møter mellom foreldre og tilsette.