Renovasjonstenester for fritidsbustader
Ullensvang kommune ynskjer å leggja til rette for gode ordningar for kjeldesortering for hyttefolk. I større hytteområde er det tilbod om levering av sorterte avfallstypar.
Hytterenovasjon
Det er kome ei løysing på plass for hytterenovasjon på aust- og vestsida av fjorden, og i Jondal.
Du må ha ei kodebrikke for å kunne nytte desse skapa. Kodebrikka er universell og kan nyttast ved alle slike skap. Dette er gjort for å unngå at fastbuande kastar avfallet sitt i behaldarar som er tiltenkt hytterenovasjon. I tillegg er det eit estetisk finare oppsamlingspunkt.
Kodebrikka er sendt hytteeigarane som soknar til aust- og vestsida av fjorden, og i Jondal. Er det er nokon som ikkje har motteke kodebrikke, kan dei ta kontakt med renovasjonstenesta.
Renovasjonen vil vurdera kor vi skal plassera ut slike skap, men i fyrste omgang vert dei plassert ut nokre plassar på aust- og vestsida av fjorden, og i Jondal.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss.
Ikkje sorteringsordning for ditt hytteområde?
Dersom det ikkje er etablert sorteringsordning for ditt hytteområde, kan du levere papir, papp, drikkekartongar, plastemballasje og glas- og metallemballasje til miljøstasjonane i kommunen.
Følgjande avfallsstypar må leverast til miljøstasjonen
- Bygg- og rivningsavfall, møblar, metall og andre store gjenstandar.
- Farleg avfall, t.d.: beis, måling, lakk, løysemiddel, spillolje, lut, batteri og trykkimpregnert treverk.
- Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall). EE-avfall kan òg leverast gratis i retur til forhandlar!