SFO – Kinsarvik skule
SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod. Tilbodet gjeld born i 1. – 4. klasse og born med særskilde behov i 5. – 7. klasse. Innhaldet skal pregast av barnet sitt behov for leik, kulturaktivitetar og sosial læring. Innhaldet i ordninga er elles i samsvar med opplæringslova.
Opningstid
- Morgon SFO: kl. 07.30 – 08.15
- Opningstid: kl. 12.55 – 16.00.
- SFO er stengt jule- og nyttårsafta og planleggingsdagar.
- Onsdag før påske stenger SFO kl. 12.00.
Haustferie, vinterferie og sommar SFO har opningstid: kl. 08.00 – 15.30. Ferietilbod gjeld haust og vinterferie. Dei som ikkje har fullt SFO-tilbod må betala ekstra. Sommar SFO er ikkje inkludert, men må kjøpast ekstra.
Kontakt oss
SFO - Kinsarvik skule
Sandvikevegen 16
5780 Kinsarvik
kinsarvik.skule@ullensvang.kommune.no
90 12 28 94
Frå rammeplanen til SFO punkt 2.2
2.2. Eigenverdien til barndommen
«Barndommen har ein eigenverdi, og SFO skal, i samarbeid og forståing med heimen, dekkje behovet barna har for omsorg og tilsyn, samtidig som det blir gitt rik moglegheit for meiningsfull fritid og leik. SFO skal bidra til trivsel og glede i sjølvvald leik og tilrettelagde aktivitetar, og gi rom for rekreasjon og kvile. Barnets beste skal alltid vere eit grunnleggjande om – syn. Barn har rett til å uttale seg om forhold som gjeld dei, og synspunkta til barnet skal vektleggjast i samsvar med alder og modenskap. SFO skal bidra til barna si meistring og oppleving av eigenverd.»
August og september
- Bli kjend/relasjonsbygging
- Frileik
- Markering av bursdagar
- Fysisk aktivitet/ friluftsliv
Oktober og november
- Frileik
- Formingsaktivitetar
- Markering av bursdagar
- Fysisk aktivitet/ friluftsliv
Desember
- Formingsaktivitet knytt til vinter og jol
- Frileik
- Markering av bursdagar
- Fysisk aktivitet/ friluftsliv
Januar og februar
- Frileik
- Formingsaktivitet: handarbeid/maling osv.
- Markering av bursdagar
- Fysisk aktivitet/ friluftsliv
Mars og april
- Formingsaktivitet knytt til vår og påske. Så blomefrø.
- Frileik
- Markering av bursdagar
- Fysisk aktivitet/ friluftsliv
- Førebu grønnsakshagen
Mai og juni
- Frileik
- Me steller med blomefrø me har sådd
- Markering av bursdagar
- Fysisk aktivitet/ friluftsliv
- Så grønsaker og blomefrø
SFO skal vera ein trygg og god stad for barna, dei vaksne skal vera synlege og tilgjengelege. Me ynskjer eit miljø,der barna kan utvikla respekt og toleranse for kvarandre.
Frå rammeplanen til SFO punkt 2.5
“2.5. Skaparglede, engasjement og utforskartrong
Ved å ta utgangspunkt i skapargleda, engasjementet og utforskartrongen til barna skal SFO gi ei god ramme for heilskapleg utvikling og læring. Læring i SFO går først og fremst føre seg gjennom leik, sjølvvalde aktivitetar og samhandling med andre barn og med personalet i SFO. SFO skal anerkjenne at å leike er ein typisk veremåte blant barn, og at leiken har ein eigenverdi. SFO skal prioritere tid og rom for leik.”
Frå rammeplan 3.5 fyrste avsnitt
3.5. Mat og måltidsglede
“SFO skal leggje til rette for daglege måltid som gir barna grunnlag for å utvikle matglede, fellesskapskjensle og gode helsevanar. Barna skal få tilstrekkeleg tid og ro til å ete i løpet av tida dei er i SFO. Måltidet kan vere matpakke eller mat servert av SFO. Når mat blir servert i SFO, bør SFO leggje vekt på eit helsefremjande kosthald og byggje på kostråd frå Helsedirektoratet, og dessutan leggje vekt på berekraftige matvanar og forbruk. SFO bør følgje nasjonale føringar for måltid.”
Me byrjar med måltid 1. september
Vårhalvåret 2019 vart me med i programmet Matjungelen som helsedirektoratet står bak. Borna deltok i innkjøp av matvarer, tilbereiing og rydding av måltid. Matjungelen har gjort oss meir bevisste på å nytta riktige råvarer til måltidet.
På SFO vil me ha ein fast dag med eit varmt måltid. 2. og 3. klasse skal i stasjonsundervisning førebu måltid til SFO. Dei vil då baka, skrella og kutta grønsaker, kutta opp kjøt og fisk.
Kvar torsdag kjem det ungdomskuleelevar frå valfaget innsats for andre til SFO. Dei hjelper oss med å laga til måltid og leika saman med borna.
SFO må få melding dersom barnet har allergiar, eller andre sjukdomar som gjer at me må ta spesielle hensyn.
SFO må få melding dersom barnet vert henta av andre enn føresette, eller skal gå heim åleine.
I hyllene bør barna ha kleskift, utekle/sko.
Me ynskjer eit godt samarbeid med foreldre/føresette!