Søknad om motorferdsle innan Hardangervidda nasjonalparkSpesielt for barmarksesongSpesielt for vintersesongNytta og unytta løyveNyttige lenker/skjemaSpørsmål kan rettast til
Gamalt naust i Hardangervidda nasjonalpark med snø, vatn og fjell

Søknad om motorferdsle innan Hardangervidda nasjonalpark

Søknadsfristar for motorferdsel innanfor Hardangervidda nasjonalpark er 10. juni for barmarksesongane, og 10. november for vintersesongane.

Søknadane gjeld for  Ullensvang og Eidfjord.

Søknadsskjema kan du finna her på heimesida eller på innbyggartorga i Ullensvang kommune og Eidfjord kommune.

 

Spesielt for barmarksesong

Barmarksesongen er perioden frå det er snøfritt til snøen legg seg att (15.06 – 30.11.). Ber om at de som søkjer avgrensar søknadsperioden til aktuell veke, ikkje heile barmarksperioden.

Tiltaksplanarbeidet med å tilretteleggja for at villreinen kan ta i bruk nordvestvidda til kalving/oppvekstområde gjer at me oppfordrar alle som kan om å utsetje motorferdsla til etter 1. august i områda ved Hellevass, Bjørnadalen, Kvennadalen, Litlos, Torehytta, Hadlaskard.

For dei som søkjer landingsløyve på Statsallmenning er krav til å leggje ved kvittering av løyst garnfiskekort eller gyldig storviltjaktkort.

 

Spesielt for vintersesong

Tilsynsutvalet i Vestland har utarbeida eit løypekart som skal fylgjast, med avstikkar til endemål for turen etter kortaste strekning. Løypekartet finn du her.

Alle som får utstedt løyve vert registrert med mobilnummer og vert gjorde merksam på at dei er pliktige til å sjekka om dei har motteke SMS frå Tilsynsutvalet Vestland vedkomande stengning/alternativ køyrerute før dei reiser til fjells.

Ber om at du som vedlegg til søknadsskjemaet legg ved kart med innteikna køyrerute du ynskjer å nytta.

Hugs at alle opplysningane må vera med, har du byggjeløyve eller leigeavtale med hyeeigar/grunneigar, skal det leggjast ved kopi av desse.

Mangelfulle søknader vert sende i retur.

 

Nytta og unytta løyve

Me ber og om at dei som ikkje har returnert nytta og/eller unytta løyver etter kvar sesong sender desse attende snarast.

Spørsmål kan rettast til:

Tilsynsutvalet i Vestland for Hardangervidda nasjonalpark

Sandvikevegen 11

5780 Kinsarvik

tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00 / 41 63 12 84

Anne Gerd Nysveen

Tilsynsutvalet i Vestland - for Hardangervidda nasjonalpark

tilsynsutvalet.hordaland@ullensvang.kommune.no

53 65 40 00 / 41 63 12 84