
Overgang til nytt journalsystem – Aidn
I perioden 17. februar til ca. 15. mars 2025 vil sektor helse og omsorg gjennomføra ein overgang frå dagens journalsystem i pleie og omsorg (sjukeheim og heimebaserte tenester) til den nye digitale løysinga for elektronisk pasientjournal, Aidn. Dette er ein viktig milepæl i arbeidet med å styrkja kvaliteten og effektiviteten i pleie- og omsorgstenestene i kommunen.
Vi ber innbyggjarane våre om forståing for at det i oppstartsfasen kan oppstå enkelte utfordringar som kan påverka samhandlinga. Pleie- og omsorgstenestene vil i denne perioden kunne ha noko redusert kapasitet på grunn av tilpasning til det nye systemet. Vi vil likevel arbeida for å oppretthalde så gode tenester som mogeleg i denne perioden.
Vi takkar for dykkar samarbeid og tolmod i denne viktige overgangen. Dersom de har spørsmål eller treng meir informasjon, ta gjerne kontakt med prosjektleiar Andreas Sigvaldsen (andreas.sigvaldsen@ullensvang.kommune.no).