Skare barnehage – Pedagogisk årsplan 2024/2025
Del 1 – Om årsplanen og innhald
1.1 Innleiing
Grunnlaget for Skare barnehage sin årsplan er:
For meir informasjon om Ullensvang kommune sjå:
Og om Skare barnehage:
1.2 Kvifor ein årsplan?
Pedagogisk årsplan er for Skare barnehage:
- Arbeidsredskap for personalet
- Utgangspunkt for foreldra til å påverka innhaldet i barnehagen
- Grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen
- Informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til eigar, politikarar og barnehagen sine samarbeidspartnarar.
1.3 Visjon
«Ein magisk kvardag»
I ein magisk kvardag har Skare barnehage dette verdigrunnlaget:
- Tryggleik er når barn og vaksne tør å vere seg sjølve og involvera seg i samspel med andre. Tryggleik er sentral for at barna skal oppleva ei positiv læring.
- Engasjement kjem når det er noko ein ynskjer å vere ein del av som vekkjer eins interesse. Engasjement vert som regel styrka når ein får vere med å påverka det som skjer og ein opplever mestring. Dette er vesentleg for både vaksne og barn.
- Likeverd handlar om å ha respekt for kvarandre sjølv om ein kan sjå ei sak på ulike måtar. Likeverd er å sjå kvarandre som kompetente.
- Glede er positive og glade deltakarar. Godt humør og kjekke opplevingar som skapar entusiasme og motivasjon.
Del 2 – Barnehagen sitt hovudmål og fokusområde
2.1 Hovudmål
Hovudmålet for Skare barnehage sitt arbeid er i løpet av barnehageåret:
Inkluderande praksis og utjamna sosiale forskjellar
I Skare barnehage er det nokre områder vi vil ha ekstra fokus på gjennom barnehageåret 24/25.
I ein magisk kverdag skal vi ha fokus på desse fokusområda:
2.2 Fokusområde 1: Inkluderande leik
Gjennom utviklingsområde “Ein inkluderande leik” skal barnehagen systematisk jobba med barn sin trivsel, utvikling av sosial kompetanse og førebygga mobbing og krenking i kvardagen:
- Kvardagen i Skare barnehage skal vera prega av humor, glede og omsorgsfulle relasjonar
- I Skare barnehage skal personalet ta initiativ til leik og bidra til at alle får bli med i leiken, i tillegg til at vi skal inspirere til leik både inne og ute
- I løpet av barnehageåret vil dette fokuset vera eit utviklingsområde for barnehagen
Korleis:
- Vera engasjerte vaksne i barn sin leik
- Gje barna innputt til leiken, blant anna ved å jobba med pedagogisk dokumentasjon
- Vaksen er der det skjer i barnehagen, og sikra samhaldet i leiken
- Alle vaksne har god kjennskap til IBS, og barnehagen sine prosedyrer
2.3 Fokusområde 2: Språkmiljø i barnehagen - universell utforming
Tidleg og god språkstimulering er ein viktig del av barnehageinnhaldet. Skare barnehage ønsker å ha ein universell utforming av barnehagen.
Korleis:
- Personalet skal skapa rom for at alle kan uttrykke seg, i leik, samlingsstund, ved måltid, garderobesituasjon, mm.
- Personalet i barnehagen skal bruke dagtavle kvar dag
- Alle skap og hyller skal vera merka med bilde som viser innhaldet
- Personalet skal nytta sjølvsnakk og parallellsnakk i samhandling med barna
Del 3 – Barnehagen sitt formål og innhald
3.1 Omsorg
Mål for omsorg:
- Augekontakt med barnet
- Forstå og respektera barnet
- Visa interesse for barnet sin aktivitet og deira kjensler
- Lydhør for barna sitt uttrykk
- Imøtekoma barnas behov for omsorg med sensitivitet
- Faste rutinar som skapar forutsigbarheit
- Smila og visa glede i samspel mellom barn og vaksne
- Verdsetja barna sine eigne omsorgshandlingar
3.2 Leik
Mål for personalet:
- Tid til leik
- Vere til stade i leiken
- Delta aktivt, observera eller støtta barna i leiken
- Arbeida systematisk for at alle skal oppleva å vere inkludert i leiken
- Berika leiken på barna sine premisser
- Ha tilgjengelig, inspirerande leike materiell og -miljø
3.3 Rommet som tredje pedagog
Mål for utvikling av det fysiske miljøet:
- Leikemiljø som tydeleg synar kva leik det er tilrettelagt for
- Godt tilrettelagt lesekrok
- Godt tilrettelagt for konstruksjon
- Godt tilrettelagt for kunst, kultur og kreativitet
- Godt tilrettelagt utemiljø
- Godt tilrettelagt for spel
- Godt tilrettelagt for drama og rolleleik
- Godt tilrettelagt for skriving og teikning
- Utstyr tilgjengelig for utforskning
3.4 Danning
Mål for danning:
- Tilrettelegga for meiningsfulle opplevingar
- Delta i beslutnings- prosessar og utvikling av felles innhald
- Synliggjera og verdsetja ulike behov, meningar og perspektiv
- Utfordra barna si tenking og invitera til utforskande samtalar
- Følgja opp barna sitt persektiv og handlingar
- Synleggjera ulikheit som grunnlag for oppleving, utforsking og læring
- Fortelja og gje innsikt i andre samfunn og kulturar
3.5 Læring
Mål for læring:
- Gode og planlagte vaksenstyrte aktivitear
- Nytta lærings strategiar som tilnærming for ny innsikt
- Vera medviten at kvardagssituasjonar rommar mykje læring
- Legga til rette for at barna kan bidra til eigen og andre si læring
- Legga vekt på å utforska, undersøka og undra seg på eige hand og i lag med andre
- Fanga opp barna si interesser og hjelpa til for å søke ny læring
- Gje barnet utfordringar som dei må prøva å finna løysingar på
3.6 Vennskap og fellesskap
Mål for vennskap og fellesskap:
- Vaksne tilstade i leikemiljøet som rettleiar og støttar barna i leiken
- Samtala og utforma normer for samhandling i fellesskap med barna
- Støtta barna i å setja eigne grenser og respektera andre sine grenser
- Hjelpa barna til å finna løysingar i konfliktsituasjonar
- Støtta barna i å ta andres perspektiv og sjå fleire synsvinklar
- Reflektera over eigne og andres kjensler, opplevingar og meiningar
- Forebygga og stoppa utestenging og uheldig samspelsmønster
3.7 Kommunikasjon og språk
Mål for å fremja kommunikasjon og språk:
- Anerkjenne og respondere på barnas ulike verbale og non – verbale språk
- Stimulera barna til verbal og nonverbal kommunikasjon
- Systematisk bruk av språkstimulerande aktivitet/samling
- Sørge for at alle barn får varierte og positive erfaringar med språk som kommunikasjonsmiddel
- Språkleg rollemodell
- Følgje med på barna sin kommunikasjon og fanga opp vanskar med språket
3.8 Barn sin medverknad
Mål for barns medverknad:
- Fanga opp barna sine interesser
- Samtala med barna
- Tilretteleggja det fysiske miljøet så barna kan gjera reelle val
- Barna sine læringsprosessar er synleg for barna sjølve
- Lytta til alle barna og ta med innspel i vidare planlegging
- Fanga opp barna sine kroppslege og verbale uttrykk
- Gje barna høve til å bidra med daglege gjeremål
3.9 Livsmeistring og helse
Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt sammen med andre og omfatter ferdigheter, kunnskaper og holdninger som utvikles gjennom sosialt samspill.
Mål:
- Barna skal trivast, meistre og kjenne på eigeverd og livsglede når dei er i barnehagen. Mobbing og krenkelsar skal verta førebygde og avdekka så tidleg som mogeleg.
Korleis:
- Gje barna utfordringar ut frå alder og modning
- Inkludere barna i oppgåver og aktivitetar i barnehagen ut frå barna sine føresetnader
- Arbeid med sosial kompetanse i kvardagsaktivitetar, leik og andre aktivitetar
- Rørsleleik utan vaksenstyring
- Humor og glede i kvardagen
- Medverknad i kvardagen
3.10 Tidleg innsats
Ullensvang kommune, avd. oppvekst, fokuserer på tidleg innsats for å hjelpe barnet til god trivsel og god utvikling.
Mål:
- Alle barna skal få oppleva ein trygg og god barnehagekvardag, med utfordringar som passar sitt utviklingsnivå.
Korleis:
- Personalet er til stade og observerer og reflekterer rundt barn sin trivsel og utvikling.
- Personalet skriv praksisfortelingar.
- Personalet reflekterer saman rundt observasjonar, praksisfortelingar og finn tiltak for å hjelpe barn som treng ekstra støtte.
- Personalet legg tilrette for eit godt psykososialt miljø i barnehagen, og tilpasser det allmennpedagogiske tilbodet etter barna sitt behov og føresetnadar.
- Personalet søker hjelp ved behov.
- Personalet bruker BTI-rettleiaren til Ullensvang kommune. Bedre tverrfagleg innsats (BTI) er ein rettleiar som skal hjelpe oss med å gi riktig og god hjelp til barn og unge som treng det.
Del 4 – Arbeidsmåtar
4.1 Prosjektarbeid
Gjennom arbeid med prosjekt vil vi ivareta barna sin rett til medverknad.
Vi ser barn som kompetente. Heilt frå fødselen av har barn lyst til og evne til å læra. Barn lærer både åleine og i samspel med andre barn og vaksne. Vår rolle som pedagogar er å setta rammer og rettleia barn i deira utforsking, læring og meistring.
Barn fordjupar seg i ulike saker heile tida – når dei gløymer seg i leik, undersøker ein maur, testar kor fort dei klarar å springa, lærer seg alt om dinosaurar eller ler kvar gong dei ser ein sau. Prosjektarbeid er ein arbeidsmetode som tar utgangspunkt i dette engasjementet og fascinasjonen.
Den primære arbeidsmåten i Skare barnehage er prosjekt. I prosjektarbeidet tar vi barna sine verbale og nonverbale uttrykk på alvor. Det er deira nysgjerrighet og vitebegjær som er drivkrafta i vår pedagogiske verksemd og er styrande for både tema og retning prosjektet tar. Gjennom å få fordjupa seg i noko barna er opptatt av, får barnet djupare kunnskap og innsikt i saka.
Personale i barnehagen skal sørga for mangfald av opplevingar. Barn tilnærmar seg læring med heile kroppen, via alle sansane. Prosjektarbeida skal difor å utfordra og engasjera alle sansene og heile kroppen.
Prosjektarbeidet har som forutsetning at det er likeverdig forhold mellom barn og vaksne. Barn og vaksne går saman inn i eit prosjekt for å finna ut meir om det som dei er opptatt av. Begge partar er aktive i prosessen – jobbar aktivt for felles læring og meistring. Læringa pågår på barn sine premisser.
Prosjektarbeida skal dokumenterast og vurderast undervegs. Ved hjelp av pedagogisk dokumentasjon skal vi, i lag med barna, vurdera prosjekta. Planlegging er ikkje lineært – der oppnåing av eit mål avsluttar prosjektet – men sirkulært. Med utgangspunkt i evalueringa førebur vi oss til neste del av prosjektet.
4.2 Nærmiljø og kultur
Skare barnehage er opptekne av å nytta bygda vår som ein del av barnehagtilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og område som vi brukar til leik, læring og kunnskapbygging om bygda vår. Vi samarbeidar godt med skulen i ulike samanhengar og prøver å synliggjera oss på ulike arenaer i bygda.
Skare barnehage har eit tett samarbeid med kyrkja, samtidig som vi skal verta kjend med mangfoldet som finnes i verda. Når heile verda ikkje kan komma til Skare barnehage, skal Skare barnehage komma ut i verda!
4.3 Trygt og inkluderande barnehagemiljø
I Skare barnehage skal det vera eit trygt og inkluderande miljø. Derfor SKAL Skare barnehage sørga for at:
- Alle barna, i fellesskap med andre, utviklar eit positivt forhold til seg sjølv og tru på eigne evner.
- Alle barn skal møtast med empati, og får høve til å vidareutvikla eigen empati og evne til å meistra motgang og gå vidare.
- Vi skal bidra til at alle barn føler seg sett og anerkjent for den dei er, og synleggjera kvar einskild sin plass i fellesskapet.
Korleis:
- Kompetanseheving: Se barnet innenfra (Tryggleiksirkelen)
- ER D GREITT? m/ Barnas verneombod
- Barna sin trivsel er vaksne sitt ansvar
- Systematisk gjennomføring av dei tre kjernekomponentane, førebygging, avdekking og handtering av krenking/mobbing.
Ansvar: Pedagogiske leiarar - Tiltaksplanar med fristar og ansvar, oppfølging og vurdering av tiltak.
Ansvar: Pedagogiske leiarar - BTI – tidleg innsats og samarbeid med føresete og ev. andre faggrupper.
Ansvar: Pedagogiske leiarar og styrar
4.4 “E d greitt?”
«E D GREITT?» er ein del av prosjektet «Kompetanseløft – vald og seksuelle overgrep», som er eit samarbeidsprosjekt mellom Kvinnherad og Ullensvang kommune. Prosjektet er finansiert ved midlar frå Stats Forvaltaren i Vestland.
Bakgrunnen for prosjektet er regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og overgrep (Prop.12 2017-2021) og NOU 2017:12 – Svik og svikt – som viser at det er for lite kompetanse om vald og seksuelle overgrep i tenestar som møter barn og unge. Det er difor behov for å auke kompetansen i kommunane, for å kunne avdekke og stoppe vald og overgrep mot barn og unge.
Skare barnehage skal begynna i år med dette som eit kompetanseløft, og det er tre hovudmål for dette kompetanseløfte:
- Sikre at alle barn og unge får kunnskap om vald og seksuelle overgrep.
- Auke kompetansen til tilsette som arbeider med barn og unge.
- Ha gode hjelpetiltak i saker der det er mistanke om/avdekka vald og seksuelle overgrep, med fokus på god gjenforening etter tilrettelagt avhør på statens barnehus.
4.5 Barnehagens utviklingsområde - Ein inkluderande leik
Utviklingsområde for Skare barnehage blir å utvikle leiken, og dens betydning. I Skare barnehage skal blant anna:
- Personalet skal fremje eit inkluderande miljø der alle barna kan delta i leik og erfare glede i leik
- Kvardagen i Skare barnehage skal vera prega av humor, glede og omsorgsfulle relasjonar
- I Skare barnehage skal personalet ta initativ til leik og bidra til at alle får bli med i leiken, i tillegg til at vi skal inspirere til leik både inne og ute
Korleis:
- I barnehageåret skal Skare barnehage vera med på Regionalt kompetansheving, via Høgskulen på Vestlandet, med tematikk rundt inkluderande barnehagemiljø.
- Nytta barn si medverknad, og ikkje minst foreldres medverknad, gjennom uformelle og formelle samtalar
Del 5 – Planlegging, vurdering og dokumentasjon
5.1. Planlegging
Planlegginga skal baserast på kjennskap til korleis barn utviklar seg og lærer individuelt og i grupper. Gjennom planlegging skal Skare barnehage sikra at personale, barn og føresette skal kunne påverke innhaldet i barnehagen.
Planverket vi nyttar i barnehagen er:
- Pedagogisk årsplan – Pedagogisk årsplan skal vere ferdig og godkjent i Samarbeidsutvalet i barnehagen innan utgangen av august. Denne skal vere eit styringsdokument i arbeidet med halvtårsplanane for kvar avdeling.
- Vekeplanar – Oppdatert plan i appen
5.2. Vurdering
Alle deler av verksemda skal vera emne for vurdering med det mål å utvikle kvaliteten. Særs viktig er det å gjere jamleg vurdering av det enkelte barn sin trivsel og utvikling, samt å vurdera det sosiale samspelet i barnegruppa. Vidare skal barnehagen vurdera innhaldet ut frå at barnehagen er ein lærande organisasjon. Vurdering av vaksenrolla og det pedagogiske innhaldet er sentral her. Vurdering vil sei at vi skal beskrive, analysere og tolke arbeidet vi gjer i barnehagen, i forhold til barnehagelov, rammeplan og lokale retningsliner. I Skare barnehage skal vi gjere vurderingar saman med:
Barna:
Gjennom samtale med barnegrupper i samlingar og etter aktivitetar, turar og anna
Barnesamtalar der det er mogleg og ved behov.
Føresette:
- Foreldresamtalar
- Gjennom vurdering når barnehageåret er slutt.
- Gjennomføre brukarundersøking.
- Ved henting og levering, avtala samtale om naudsynt
Personale:
- Å sette av tid til å gjennomgå tilbakemelding frå føresette som kjem fram i kvardagen.
- Gjennom fast vurdering på pedagogisk leiarmøte og avdelingsmøte kvar veke.
- Å setje av tid på personalmøte til refleksjon over praksis og gjennomførde planar.
- TRAS står for tidleg registrering av språkutvikling. Dette er eit verktøy for å få ein oversikt om barnet utviklar seg språkleg og sosialt i høve alder. Skare barnehage nyttar TRAS som eit verkty til å arbeide systematisk med språkutviklinga i barnehagen.
- Alle med, som er eit observasjonsskjema som vi kan nytte etter avtale når med føresette, når vi vil kartleggje den sosiale delen meir enn TRAS.
- Medarbeidarsamtalar.
5.3. Dokumentasjon
Pedagogisk dokumentasjon er ein metode for å synliggjøre barns medverknad i barnehagen. Vi dokumenterer for:
- Barna; Dokumentasjonen skal være synlig for barna sjølv og skal synliggjøre barnas kvardag i leik og aktivitet. Den skal syne korleis ein ide utviklar seg til ny kunnskap. Bileter og prosessbeskrivingar skal dokumentera innhaldet for aktivitet og leik.
- Føresette; Møter ulik dokumentasjon av kvardagen i barnehagen gjennom bilete, tekst og produkt.
- Personalet; Personalet har eit stort ansvar når det gjeld kva ein vel å dokumentera. Det ein til ei kvar tid vel å sette fokus på kan gje følgjer for kva som skjer vidare. Personalet er medviten si rolle i høve pedagogisk dokumentasjon og hensikta med dokumentasjonen.
- Andre som har interesse; Alle offentlege skriv og rapportar vil vere tilgjengelege for dei som ynskjer innsyn.
5.4 Tilrettelegging av det allmennpedagogiske tilbodet for barn som trenger ekstra støtte
Tidleg innsats er eit omgrep som vert nytta i høve barn som kan ha behov for litt ekstra støtte i periodar. Systematisk språktrening på avdelinga, eller språkgrupper kan vere døme på tidleg innsats som barnehagen praktiserer. Ekstra støtte i leik i kortare eller lengre periodar er eit anna døme. Dersom personale meiner at barnet ikkje får tilstrekkeleg støtte gjennom den allmennpedagogiske tilbodet som tidlig innsats representerer, skal det tas opp med foreldra i ein foreldresamtale. Etter avtale kan det søkast om spesialpedagogisk hjelp gjennom sakkyndig vurdering. Søknad om spesialpedagogisk hjelp er det foreldra som sender til kommunen. Barnehagen arbeider etter rettningslinjer og rutiner som er utarbeida, desse ligg opent for alle på nettsida til ullensvang.betreinnsats.no
Her er også tilrettelagt for at føresette kan søka råd og rettleiing via dei ulike instansane når dei er uroa for barn/ungdom.
5.6 Progresjon
Progresjon inneber at barna skal utvikla seg, læra og oppleva framgang uavhengig av alder, modning, tidligare erfaringar eller føresetnad. Personale skal legga vekt på å tilby varierte materiale, metodar og opplevingar som utvider barnas materialkunnskap, erfaring med framgangsmåtar og forståing av omgivnadane. Personale skal bygga vidare på barna sine interesser og tidligare kjennskap, men skal også utfordra barna på å utvida sin erfaringsbakgrunn og sjå fleire perspektiv. Barna skal møta passelig utfordring som er overkommelig for barnet å løysa. Når vaksenstyrte aktivitetar vert presentert skal personale uttrykka så tydelig som mulig kva oppgåva skal romma. På den måten vil barna kunne utføra oppgåva ut frå ei målsetting og personale kan samtala med barnet kring løysinga av oppgåva. I denne prosessen kan dei samtala om korleis barnet opplevde å utføra oppgåva og om dei opplevde meistring. Gjennom å fokusera på prosessen og utviklinga barnet opplever vil prestasjon og konkurranse mellom barna ha mindre effekt. Barna sin progresjon vert drøfta i foreldresamtalar – der ein talar om heile barnet si utvikling.
5.6 Digital praksis
I det pedagogiske arbeidet nyttast digitale verktøy til å innhenta informasjon og fakta i høve prosjektarbeid vi er i gang med. Barnehagen legg vekt på å dokumentera progresjon og prosessane som skjer. Barna skal vere aktive eller delaktige i desse prosessane, men personale skal vera bevist når det gjeld informasjonssøk, opphavsrett og kritisk i høve kjelde. Barna skal verta tilbydd digitale verktøy på lik linje som andre hjelpemidlar og materiale når tenleg. Digital dømmekraft er sentralt i arbeidet med digitale verktøy. Barna skal få erfaring med teknisk utstyr og digitale verktøy gjennom leik og læring. Barnehagen har ein klar profil med tanke på bruk av bileter av barna. Barnehagen legg ikkje ut portretter av barna, det er aktiviteten og prosessane som har verdi i dokumentasjonen. Barnehagen sender heim Dagbok post kvar veke (via Visma app)- vi legg ikkje ut bilete på andre kanalar.
Barna sitt personvern vert ivaretatt gjennom skjema for samtykke med individuelle løyve for kvart einskild barn.
Del 6 – Samarbeid
6.1 Samarbeid heim – barnehage
Eit godt samarbeid mellom foreldre og barnehage er viktig for å skapa ein god barnehagekvardag. Vi oppmodar foreldre og føresette til å gje tilbakemelding, vi set pris på positive tilbakemeldingar og på konstruktiv kritikk. Personalet i barnehagen skal vere lydhøre for tilbakemeldingar som vi får, og har formidlingsplikt til dei andre i personalet. Ein open dialog er med på å utvikle verksemda, noko vi er opptekne av og ynskjer. For å styrkja samarbeidet vil vi arrangere ulike samkome. Vi legg opp til 2 foreldremøter i året, og foreldre/ føresette får tilbod om to foreldresamtaler.
6.2 Samarbeidsutval
Foreldrerådet består av alle foreldra i Skare barnehage.
Samarbeidsutvalet til barnehagen har to representantar frå foreldrerådet og to representantar frå personalet.
6.3 Andre samarbeidspartar
- Oppvekst i Ullensvang kommune ved oppvekstsjef Anna Maria Kråkevik og barnehagesjef Wenche Jordal
- Skare skule
- Helsestasjon
- PPT – Pedagogisk psykologisk teneste og Logoped
- Barnehagane i Ullensvang kommune
- Bygg og eigedom/reinhald
Vi har føljande samarbeidsgrupper for barnehagen:
- Førskuleteam
- Styrarmøte
- Leiarsamlingar i kommunen
6.4 Overgangar
6.4.1 Tilvenning
Det er utarbeida eigen plan for tilvenning. Denne vert sendt ut til foreldre/ føresette i forkant av tilvenninga i barnehagen. Barnehagen praktiserer primærkontakt for barna, og ein frå personale har litt ekstra fokus på barna dei er primærkontakt for. Barnehagen legg vekt på at barna skal møta eit trygt og godt miljø når dei kjem i barnehagen. Vaksenrolla i denne situasjonen er svært sentral, personale skal trygga både barna og deira føresette om at barna vert godt ivaretekne i barnehagen.
6.4.2 Overgang internt i barnehagen
Skare barnehage er ein liten barnehage og barna på i alle aldrar vert kjent med alle i personale gjennom året. På våren vert det gjennomført felles gruppeaktiviteter for barna som skal byrja på ny avdeling, og dei som allereie går på den kommande avdelinga.
I løpet av året er det mykje fellestid elles, uten at dette er skrevet ned i planane, og alle vert godt kjend med kvarandre.
Om det vert behov vil det følga med ein kjend vaksen frå liten avdeling til stor.
6.4.3 Overgang barnehage – skule
Ullensvang kommune har plan for overgang mellom barnehage og skule, utifrå denne laga vi ein eigen årsplan for skulegruppa. Skare barnehage og Skare skule har eit jamnleg samarbeid gjennom året der pedagogisk leiar og kontaktlærar legg opp til fleire kontaktpunkt med 6. klasse slik at elevar og born vert kjende med kvarandre til skulestart. Barnehagen besøkjer barneskulen sitt uteområde og gymsalen jamleg gjennom året. Frå desember/januar og fram til skulestart avtalast besøk mellom klassen som vert skulevenar og barna som byrjar på første trinn.
Mål for «skulegruppa»
- Dei eldste barna har skuletrening jamnleg gjennom året
- Vi vil formidle positive haldningar og forventningar til skuletida.
- Vektlegga sosial kompetanse internt i skulegruppa som grunnlag for å etablera eit godt læringsmiljø.
- Utføra eigne prosjekter, aktivitetar og oppgåver for denne gruppa.
- Skapa gode haldningar til læring. At det er moro å læra nye ting og at dei alt har lært masse.
- Gruppa får delta på teater, turar og liknande for skulegruppa.
- Overføra informasjon om enkeltbarn til skulen etter samtykke med foreldra.
Godkjent i SU, 10.09.24.