Riva eit bygg
Før du sender inn søknad eller startar rivinga, bør du sjekka gjeldande planstatus for eigedomen.
Du treng ikkje søkja
- Dersom du sjølv kan byggja tilsvarande bygg utan å søkja
- Om tiltak går fram av byggesaksforskriften § 4-1
Du kan søkja sjølv
- Dersom du kan byggja tilsvarande bygg ved å søkja sjølv
- Om tiltaket går fram av byggesaksforskriften § 3-1
I samband med rivinga må du
- Varsla eventuelle pantehavarar eller kreditorar som har pengehefte i eigedomen
- Avklara det å kopla av straum og telefontenester med leverandørane
- Dersom bygget er knytt til kommunalt vatn- og avlaupsanlegg, må du kontakta vatn- og avlaupsavdelinga i kommunen
Meir informasjon om korleis du søkjer finn du her.
Fagfolk må søkja for deg
Dersom fagfolk må søkja om bygging av tilsvarande bygg
Merk at dersom tiltaket gjeld riving av bygning eller del av bygning større enn 100 m² bruksareal (BRA), må det utarbeidast ein avfallsplan som gjer greie for planlagt handtering av byggavfallet jf. § 9-6 i byggteknisk forskrift (TEK17)