Einsam kvinne som går nedover ein veg. Foto.

KiD – Kurs i Depresjonsmestring

Rus og psykisk helseteneste i kommunen arrangerer Kurs i depresjonsmestringer (KiD).

Kontakt oss

Rask psykisk helsehjelp

Tlf. tid: Fredagar kl. 09-11

rask.psykisk.helsehjelp@ullensvang.kommune.no

47 75 56 48

KiD – Kurs i Depresjonsmestringer utarbeidd for vaksne som i periodar kjenner seg nedstemde eller er deprimerte på ein slik måte at det går ut over livskvaliteten, frå lett til moderat depresjon.

Teikn/symptom på dette kan vera: 

  • Fråvær av glede
  • Trist
  • Tilbaketrekking
  • Søvnproblem
  • Følelse av å vera verdilaus
  • Uro
  • Tiltakslyst og lite initiativ
  • Grubling
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Irritabilitet
  • Auka forståing av depresjon
  • Tilegna seg verktøy for å håndtera depressive plagar
  • Redusere dei negative følge av depresjon
  • Førebygge nye episodar med depresjon

Dette er eit kurs som er bygd på kognitiv, sosial læringsteori. Kursdeltakarane blir undervist i å bli oppmerksam på tankane sine og sjå samanheng mellom tankar og kjensler. Du lærer å vurdera og endra dei negative tolkingane dine av det som skjer, og dessutan å kjenna igjen og forandra negativt mønster på tankar og handlingar. Det er ein kjend metode som er eigna til å gi god hjelp

Kursdeltakarane får opplæring i kva dei sjølv kan gjera for å endra mønsteret på tankar og handlingar som held ved like og forsterkar om ein er nedstemt/depresjon. Kursdeltakarane arbeidar med sine eigne utfordringar heime, ved hjelp av metodar og teknikkar som dei lærer på kurset. Heimearbeid er ein svært viktig del av kurset.

Før kurset startar vert det gjort ein individuell avtale om førsamtale med kursleiar.

Kurset vert leia av godkjente kursleiarar med helsefagleg bakgrunn på minimum høgskolenivå. Kurset går over 8 veker, i tillegg er det to oppfølgingstreff etter ca. 1 og 2 månader. Til saman 10 samlingar. Kvart treff er på 2,5 time. Det er 10-12 deltakarar på kvart kurs. Kursboka, Å mestre depresjon, blir brukt aktivt på heile kurset.

Sjå meir informasjon om Kurs i Depresjonsmiestring på nettsida til Rådet for Psykisk Helse: psykiskhelse.no