Hardangervidda

Plan for friluftslivets ferdselsårer

Utval for samfunn, plan og næring gjorde vedtak 24.08.2021 om å legga plan for friluftslivets ferdselsårer i Ullensvang kommune ut på høyring i fire veker. Frist for å koma med innspel vart sett til 07.10.2021.

Plan for friluftslivets ferdselsårer gjev ei oversikt over viktige og relevante ferdselsårer for friluftslivet i kommunen. Planen gjev ei beskriving av situasjonen i dag, og skisserer tiltak for å ivareta og utvikla ferdselsårene i tråd med mål som er sett for planarbeidet.

Ferdselsåreplanen er eit verktøy for meir målstyrt utvikling og drift av stiar, turvegar, løyper og leier. Målet med denna høyringa er å informera om arbeidet med ferdselsåreplanen og samtidig be om innspel til endringsbehov knytt til ferdselsårene.

I arbeidet med plan for friluftslivets ferdselsårer er det førebels kartlagt 176 ferdselsårer i kommunen. Dei kartlagde ferdselsårene er delt inn i om dei er enkle, middels eller krevjande, og om det er fottur, skitur, sykkeltur eller padletur.

Det er også utarbeidd ei førebels lista over tiltak for ein del av ferdselsårene. Tiltaka er prioritert frå 1 til 3, der 1 er svært viktig, 2 er viktig og 3 er mindre viktig å gjennomføra.