Ekte fordi det er eit landskap me lever i, og haustar frå, både frukt frå gardane og vasskraft frå dei temma fossane og damanlegga. Vidare vert råstoff foredla til sider, zink og titan ved hjelp av kloke hovud, teknologi og innovasjon, men også tradisjon.
Synleg fordi me vil gjerne at verda rundt skal sjå oss for det me er, med særprega og unike kvalitetar i landskap, aktivitet, historie, folk og næring.
Berekraftig fordi me vil ta i vare naturen, og alltid vurdera tiltak og aktivitet med kritisk blikk for naturen sin eigenverdi.
Inkluderande fordi me ynskjer at friluftshovudstaden skal koma alle i møte med gode opplevingar og aktiviteter, også dei som ynskjer å nyta utsikten frå ein gul benk ved fjorden eller å rusla langs elvastien.
Attraktiv fordi me gjerne vil vera ein god friluftskommune, både for dei som bur her, dei som kanskje vil flytta til oss, og dei som besøker oss.
Film: Visit Hardangerfjord