UngdomsrådetKontakt ossReglement for ungdomsrådet1. Føremål2. Bakgrunn og val av medlemer3. Val av kontaktpersonar frå kommunestyret4. Funksjon5. Medlemstal, formkrav til møte, vedtakskrav6. Krav til sakshandsaming, konstituerande møte, årsmelding og innstillingsrett7. Fritak frå verv8. Økonomisk råderett9. Andre bestemmelsar10. Evaluering og oppdatering av vedtekter
Paragraf symbol lent mot grå vegg

Ungdomsrådet

Ullensvang ungdomsråd er eit kommunalt organ som skal arbeida for at ungdom sine interesser og behov vert ivareteke på ein god måte i Ullensvang kommune.

Rådet har rett til å gje fråsegn (uttala seg) til kommunale saker/ saksfelt/ planar som vedkjem ungdom sine interesser og kvardagsliv. Rådet skal informerast når det startar opp planprosessar med særskilt relevans for rådet si målgruppe. Rådet skal og ha tilsendt relevante kommunale plandokument som er på høyring.

Kontakt oss

Linn Østerbø

Politisk sekreteriat

linn.osterbo@ullensvang.kommune.no

482 15 984

 

Reglement for Ullensvang ungdomsråd

Dette reglementet er vedteke med endringar av Ullensvang kommunestyre 26. februar 2020 i UK sak 046/20.

1. Føremål

Ullensvang ungdomsråd er eit kommunalt organ som skal arbeida for at ungdom sine interesser og behov vert ivareteke på ein god måte i Ullensvang kommune. Rådet har rett til å ta eigne initiativ uavhengig dei saker som kommunen elles arbeider med.

Rådet skal ha brei geografisk samansetting og heile kommunen som arbeidsfelt.

Rådet har rett til å gje uttale i kommunale saker, saksfelt og planar som vedkjem ungdom sine interesser og kvardagsliv. Rådet skal informerast når det startar opp planprosessar med særskilt relevans for rådet si målgruppe. Rådet skal og ha tilsendt relevante kommunale plandokument som er på høyring.

 

2. Bakgrunn og val av medlemer

Ullensvang ungdomsråd er eit kommunalt folkevald organ oppretta i medhald av kommunelova § 5 – 2 Andre kommunale organ i pkt e, og har dei rettar og plikter som det vert tildelt i lov, forskrift og vedtak av Ullensvang kommunestyre, slik som dette reglementet.

Ullensvang kommunestyre vel ungdomsråd med varamedlem er to gonger i valbolken:

A. Så fort som råd etter kommunevalet kvart 4. år og
B. Nyval/suppleringsval så fort som råd etter skulestart 2 år etter kommunevalet. Valperioden er 2 år.

Kommunelova ( § 5- 12 ) set valperioden for ungdomsrådet til inntil to år, og at medlemene i ungdomsrådet på val tidspunktet ikkje har fylt 19 år.

Rådet vel sjølv leiar og nestleiar for valperioden på konstitueringsmøtet sitt i eiga sak. Om medlem med eitt av desse verva går varig ut, vel rådet nytt til det aktuelle vervet.

Endringar ved utgang av medlemer av rådet (flytting, annan varig utgang) i valbolken vert løyst ved inntak frå varalista frå den innveljande skulen / politiske ungdomsorganisasjonen. Overgang til ny skule i kommunen medfører ikkje utgang av rådet i valbolken.

Om ei varaliste går «tom» er det opna for at elevrådet ved den aktuelle skulen/ styret i den politiske ungdomsorganisasjonen vel nytt medlem/ nye varamedlemer uavhengig av tid.

Kommunestyret får då endringa som melding, men treng ikkje gjera nytt aktivt vedtak ut over å merka seg meldinga.

Rådssekretær oppdaterer lista for medlemer / varamedlemer i ungdomsrådet løpande.

 

Ungdomsrådet har slik fast samansetting

Alle elevane på ungdomstrinnet skal vera valbare. Representantar til Ullensvang ungdomsråd bli valde uavhengig av elevråd. Elevane er innveljande organ. 9 representantar blir valde for 2 år. Ein vekslar mellom at 4 og 5 representantar blir valde.

Innval frå politiske ungdomsorganisasjonar (PU)
I tillegg til den faste samansetjinga kan politiske ungdomsorganisasjonar (PU) til parti som har stilt til val i kommunen tilmelde 1 medlem og 2 varamedlemer i rekke. Kvalifisert tilmelding gir tale-, forslags- og røysterett i ungdomsrådet på vanleg måte med 1 røyst.

Om lokallaget vert lagt ned, eller ikkje lenger har fungerande styre, mister det retten til å vera representert. Representanten frå laget pliktar å informera ungdomsrådet direkte eller via sekretær dersom laget ikkje lenger fyller krava for å stilla medlem i ungdomsrådet.

Innval frå politiske ungdomsorganisasjonar (PU) skjer det året 4 representantar står på val. Sitjande ungdomsråd er aktivt fram til nytt råd er konstituert og er med på første møte etter val av nytt råd.

Tilval frå politiske ungdomsorganisasjonar til ungdomsrådet går som melding til kommunestyret. Det gjeld og utgang av politiske ungdomsorganisasjonar. Dette skjer av di det er realendringar av storleiken rådet.

 

3. Val av kontaktpersonar frå kommunestyret

Ullensvang kommunestyre vel inntil 3 kontaktpersonar for ungdomsrådet. Ungdomsrådet sine kontaktpersonar frå kommunestyret skal få innkalling og kan delta på møta. Rolla til kontaktpersonane er å bidra med kunnskap og rettleia i politiske prosessar.

4. Funksjon

Ullensvang ungdomsråd er eit rådgjevingsorgan for

A. administrasjonen i kommunen og
B. for sentrale politiske organ som kommunestyre, formannskap, utval for samfunn, plan og næring og utval for kultur og levekår.

Ungdomsrådssekretæren pliktar å halda seg informert om sakskarta til alle dei 4 nemnde kommunale vedtaksorgana.

Rådet skal ha alle relevante plansaker tilsendt til uttale når desse vert sendt ut på høyring.

Relevante planar er minimum:

  • Overordna arealdisponeringsplanar,
  • kommuneplan,
  • reguleringsplanar,
  • barne- og ungdomsplanar,
  • kommunale ungdomstiltak,
  • skulebruksplanar,
  • trygg skuleveg
  • m.m.

Mangel på oversending av plansaker som vert lagt ut til høyring kan påklagast av rådet.

Saker som gjeld, eller påverkar ungdom sitt oppvekstmiljø er alltid relevante.

Leiar i rådet har innstillingsrett i konkrete saker – forslag til vedtak/ uttale osb. til rådet.

Leiar i ungdomsrådet kan via adminstrasjonssjefen be om orientering frå administrasjonen på møte i ungdomsrådet til ei aktuell sak som er på møtekartet til rådet eller eit anna kommunalt organ. Budsjettframlegget til rådmannen er døme på slik sak.

Rådsleiar definerer kva som er «ei aktuell» sak.

Rådet kan uttala seg til dei saker som rådet finn det interessant å uttala seg til og som handlar om ungdom sine interesser og kår. Rådet kan vedta eigne forslag og senda forslag til andre kommunale vedtaksorgan.

Ungdomsrådet får ikkje møte- og talerett i utval, formannskap og kommunestyret.

Ungdomsrådet kan få konkrete oppdrag i samarbeid med administrasjonen og kommunestyret i saker som omhandlar oppvekst, kultur og framtidsretta utvikling av Ullensvang kommune.

 

5. Medlemstal, formkrav til møte, vedtakskrav

Rådet er på 9 medlemer frå skulane fordelt slik det går fram av pkt.2 tabell.

Målgruppa for representasjon er ungdomskulane i kommunen og Odda vidaregåande skule. I tillegg kjem tilmelde medlemer frå dei politiske ungdomsorganisasjonane (PU) som er aktive i kommunen og oppfyller krava for inntak av representasjon (eige aktivt styre og eigne medlemer).

PU med eige lokalt styre kan bli rådsmedlemer ved skriftleg tilmelding. Slik tilmelding skal vera arkivført og kontrollert før møtet og skal protokollførast ved møtestart.

Ungdomsrådet sitt medlemstal er min. 9 medlemer, men er ikkje avgrensa oppover. 1 medlem frå kvar PU og høve til å velja to vara. Alle medlemer er valde med mandat ut valbolken – altså maks 2 år. All representasjon i rådet må veljast på nytt ved kvart nyval.

Rådet skal som alle folkevalde organ i Ullensvang kommune fatta vedtaka sine i møte.

Rådet utarbeider møteplan for aktiviteten sin. Vedtak om avvik frå møteplan vert bestemt av rådsleiar basert på det føreliggande møtegrunnlaget. Slikt vedtak vert meddelt medlemene i rådet straks. Det er eit krav at det skal førast møteprotokoll for alle møte.

Utan innkalling med sakskart og protokoll er det ikkje eit møte som har funne stad, og det vert heller ikkje ytt (ev) møtegodtgjersle. Reiseutgifter for å delta på møte vert dekka av kommunen. Dette kravet medfører likevel ikkje at alle medlemene må sitja i same rom, men det krevst at alle medlemene skal ha tilgang til saksdokumenta, kan delta i debatten i sakene og kjenna dei voteringsalternativa som føreligg til votering.

Rådet disponerer dei midlane som er avsett til disposisjon med fleirtalsvedtak og er vedtaksdyktig når 1 meir en halvparten av rådet er til stades. Ved likt røystetal vert saka avgjort av møteleiar si votering.

 

6. Krav til sakshandsaming, konstituerande møte, årsmelding og innstillingsrett

Rådet vert administrert i det til ei kvar tid brukte arkiv /saks- og møtesystemet som Ullensvang kommune nyttar seg av.
Rådmannen ved rådssekretær kallar inn til konstituerande møte for rådet og set opp sakliste.

Reglementet for rådet vert sendt ut som meldingssak til dette møtet og vert gjennomgått etter at møteinnkalling og sakliste er godkjent. Alle medlemer /varamedlemer i rådet skal vera kjent med reglementet.

Obligatoriske saker på konstituerande møte:

  1. Val av leiar og nestleiar for valbolken.
  2. Møteplan for rådet . Det er lagt fram forslag til møteplan frå administrasjonen

Når dette er avvikla bør rådet starte drøfting av ambisjonar for sitt virke og arbeidsfelt for den komande valbolken.

Sekretær for rådet har ansvar for desse rutinane:

Rådet utarbeider årsmelding innan utgangen av 1. kvartal kvart år og melder den opp til kommunestyret.

Administrasjonssjefen legg fram årsmeldinga frå dei tre lovpålagte kommunale rådsorgana (ungdom – eldre og personar med nedsett funksjonsevne) i det same kommunestyremøtet innan utgangen av mai.

Det er alltid rådsleiar som innstiller til rådet når det vert lagt fram saker som inneheld framlegg til vedtak.

Alle møtande medlemer har forslagsrett i rådet og stemmeplikt i samsvar med generelle sakshandsamingsreglar jmf. Kommunelova § 5. 2 siste setning: «For øvrig gjelder de samme bestemmelsene (for rådene) som for folkevalgte organer etter §5-1.»

 

7. Fritak frå verv

Allmenne reglar for fritak frå verv, permisjon frå verv, fritak frå møte, habilitet /inhabilitet etter kommunelov og forvaltingslov gjeld så lagt det let seg gjennomføra.

Forfall til møte skal meldast til rådsekretær så tidleg som råd for innkalling av vara.

Kommunelova sine bestemmelsar om nyval ved fritak gjeld i prinsippet. Ved innvilga fritak frå vervet som medlem av rådet vert det gjennomført direkte opprykk frå varalista frå den skulen / den organisasjonen som har stilt det utgåtte rådsmedlemet. Det gjeld og ved varig fritak. Sjå og pkt 2 -5.ledd som pålegg regulerer nyval i perioden om ei varaliste går «tom».

 

8. Økonomisk råderett

Rådet disponerer dei midlane som kommunestyret i årsbudsjettvedtaket har avsett til disposisjon med fleirtalsvedtak (simpelt fleirtal) og er vedtaksdyktig når 1 meir en halvparten av rådet er til stades.

Rådet har og vedtaksrett over midlar som rådet har motteke eller skaffa seg på annan måte – som t.d. inntekter frå eigne arrangement.

Det er eit krav for slike vedtak at løyvingsspørsmålet er på sakskartet for møtet. Unntak kan gjerast dersom saka hastar slik at den ikkje kan utsetjast. Leiar eller minst 1/3 part av dei møtande medlemene kan blokkera for votering i løyvingsspørsmål som kjem opp «over bordet» (utanom sakskartet) i møta i rådet.

Dersom løyvingssaka står på det utsende sakskartet til møtet fell bestemmelsen om blokkering bort og spørsmålet vert avgjort ved vanleg fleirtal. Ved likt røystetal vert saka avgjort av møteleiar si votering.

9. Andre bestemmelsar

Godtgjersle for verv i rådet vert teke stilling til av kommunestyret i samband med budsjettet/eller i eiga sak om fastsetting av godtgjersle for verv for folkevalde.

Alle medlemer og varamedlemer i rådet vert lagt inn i folkevaldregisteret i Ullensvang kommune.

10. Evaluering og oppdatering av vedtekter

Dette reglementet skal evaluerast i første halvår 2023 av rådet sjølv, og rådet skal innstilla til kommunestyret slik at reglementet kjem opp til handsaming ved oppstart av andre halvår 2023.

 


Reglementet har vore politisk handsama:
Ullensvang kommunestyre 26.02.2020 UK sak 046/20
Ullensvang kommunestyre 16.11.2021 UK sak 115/21